Maja Ratkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maja Ratkje
Maja-ratkje DSC07009 (cropped).jpg
Fødd29. desember 1973 (47 år)
FødestadTrondheim
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentvokal
PlateselskapTzadik Records
Verka somsongar, musikar, komponist
MorSigne Kjelstrup
PrisarArne Nordheims komponistpris, Prix Ars Electronica, International Rostrum of Composers

Maja Solveig Kjelstrup Ratkje (fødd 29. desember 1973 i Trondheim) er ein norsk komponist og musikar. Ho var den første mottakaren av Arne Nordheims komponistpris i 2001 og blei i 2017 medlem av Akademie der Künste i Berlin.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Ratkje studerte komposisjon ved Noregs musikkhøgskule i 1995–2000, blant anna med Lasse Thoresen, Olav Anton Thommessen og Asbjørn Schaathun.[2] Sommaren 1999 studerte ho ved IRCAM i Paris. Ho har også teke timar med blant andre Louis Andriessen, Sofija Gubajdulina, Ivar Frounberg, Klaus Huber, Joji Yuasa og Kaija Saariaho.[1]

Som komponist har ho skrive både mindre kammermusikalske verk og opera, orkester-, film-, dans-, og teatermusikk. Musikken hennes er framført av blant andre Ensemble Intercontemporain, BBC Scottish Symphony Orchestra, Klangforum Wien, Oslo Sinfonietta, Kringkastingsorkesteret, Arve Tellefsen, Vertavokvartetten, Frode Haltli, Marianne Beate Kielland, Engegårdkvartetten og Cikada.[1] Ratkje har vore profilert komponist under Other Minds i San Francisco to gonger, ho har vore festivalkomponist under Trondheim Kammermusikkfestival, Nordland Musikkfestuke, Avanti! Summar Festival i Finland og ved Huddersfield Contemporary Music Festival.[3]

Som musikar er Ratkje mest aktiv som utøver av eigne verk, og som improvisasjonsmusikar. Hovudinstrumentet hennar er stemme, og ho brukar ofte elektronikk i framføringane sine. I tillegg spelar ho theremin og fiolin. Ho held konsertar over heile verda både i soloformat, med improvisasjonskvartetten SPUNK (Hild Sofie Tafjord, Kristin Andersen, Lene Grenager), med støyduoen Fe-mail og i ulike samarbeidsprosjekt.[4] Ho har samarbeidd med blant andre POING, Jaap Blonk, Lasse Marhaug, Joëlle Léandre, Per Inge Bjørlo, Stian Westerhus, Kathy Hinde, Odd Johan Fritzøe, HC Gilje, Stephen O'Malley, Ikue Mori og Zeena Parkins.[1]

Ratkje har òg laga og framført musikk til høyrespel av Elfriede Jelinek på bestilling frå tysk radio og ho har framført og spelt inn eigen musikk til dans, teater, installasjonar, film og litteratur. Ho har vore vokalsolist med m.a. Engegårdkvartetten, Trondheim Symfoniorkester, KORK, BBC Scottish Symphony Orchestra, Ensemble Intercontemporain og Klangforum Wien og ho var aktør i sin eigen opera No Title Performance… som hadde premiere under Ultimafestivalen i 2003.[5]

I 2001 vann Ratkje, som første komponist i Noreg, Arne Nordheims komponistpris. Ho har òg motteke andre prisar i inn-og utland, mellom dei Edvardprisen (to gonger) og UNESCOS Rostrumpris og dessutan Award of Distinction saman med Jazkammer under Prix Ars Electronica for soloplata Voice i 2003.

Ratkje har skrive om musikk for Morgenbladet, og har gjeve ut boka Eksperimentell kvinneglamAschehoug. Ratkje har òg eit sterkt klimaengasjement, m.a. gjennom aksjonsgruppa Stopp oljesponsing av norsk kulturliv, og tek eksempelvis ikkje oppdrag som er støtta av petroleumsindustrien.[6][7]

I mai 2017 blei ho medlem av Akademie der Künste, seksjon for musikk.[8][9]

I 2018 var ho ein av sju komponistar som blei inviterte av musikaren Jeffrey Zeigler til å bidra til prosjektet og albumet Sound of Science. Ratkje bidrog med det nyskrivne verket «A Highway in State Space», inspirert av forskinga til mor hennar, Signe Kjelstrup.[10][11]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1997: Vinnar av bestillingsverk, 3. Gaudeamus International Young Composer's Meeting i Apeldoorn, Nederland for Waves I.
  • 1999: EBUs Rostrum-pris for komponistar under 30 år i Paris og Edvard-prisen (klassen mindre verk) for Waves IIb.
  • 2000: Vinnar av IAWMs search for new musik for «Louange».
  • 2001: Arne Nordheims komponistpris. Andrepris i 23rd International Competition of Electroacoustic Music Russolo 2001 for Sinus Seduction (moods two)
  • 2004: Edvard-prisen i open klasse for No Title Performance and Sparkling Water
  • 2009: Nominert til Spellemannprisen 2008 i klassen årets samtidskomponist for «River Mouth Echoes»
  • 2013: Gammleng-prisen i klassen studiomusikar
  • 2017: Nominert til Spellemannprisen 2016 i klassen samtid for Crepuscular Hour
  • 2017: Nominert til Spellemannprisen 2016 i klassen TONOs komponistpris for Crepuscular Hour
  • 2020: Nominert til Spellemannprisen 2019 i klassen TONOs komponistpris for Sult[12]
  • 2020: Liv Ullmann-prisen[13]
  • 2020: Buddyprisen[14]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Verkliste (utval)[endre | endre wikiteksten]

Orkesterverk[endre | endre wikiteksten]

  • Waves I (1997)
  • No Title Performance and Sparkling Water, opera, uroppført under Ultimafestivalen (2003)
  • Concerto for Voice (moods III) (2004)
  • Engebøfjellet; Where were you when they cut me down from the gallows? «Deep brass orchestra and electric guitar», med Stephen O'Malley (2011)
  • Crepuscular Hour (2012)
  • ASYLOS (2013)
  • Tale of Lead and Frozen Light (2014)
  • Concerto for Voice (moods IIIc) (2015)

Kammerverk[endre | endre wikiteksten]

  • Sinus Seduction (moods two) (1997)
  • River Mouth Echoes (2001)
  • Gagaku Variations (2001)
  • Du som fremmed (2001)
  • Rondo – Bastard – Overture – Explosion (2004)
  • ØX (2005)
  • Ro-Uro (2007)
  • Breaking the News (2010)
  • Tale of Lead and Light (2011)
  • Ein Häppchen noch (2011)
  • Softly as I leave you (2012)
  • “And sing while thou on pressed flowers dost sleep” (2012)
  • “And sing while thou on pressed flowers dost sleep” (2012)
  • Putin’s Case (2012)
  • In Dialogue with Rudnik (2014)
  • Doppelgänger (2015)
  • Ekkokammer 2.0 (2014-15)

Verk for sceneproduksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • De Tenen van God (2004)
  • Adventura Anatomica (2005)
  • Carrying Our Ears and Eyes in Small Bags (2006)
  • Høyt oppe i fjellet (2011)
  • Larache (2011)
  • Adventura Botanica (2013)
  • Ekkokammer 2.0 (2014-15)
  • Revelations (This Early Song) (2017)

Multimediale verk, filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Das Wohltemperierte SPUNK (2001-12)
  • Wintergarden (2005)
  • Jazzgym (2008)
  • Breathe (2008)
  • Desibel (2009)
  • Dancing Cranes (2010)
  • NEID (2011)
  • ROM (2011)
  • It still haunts me like a good nightmare, and I try in vain to recover the impression (2014)
  • Music for Hitchcock’s Blackmail, filmmusikk for to improvisatører (2015)
  • Pyromanen, filmmusikk til Erik Skjoldværs film med samme navn (2016)

Verk for barn[endre | endre wikiteksten]

  • Fire rare påfunn (2001)
  • The Builders / Innbyggerne -et byggesett (2002)
  • Korall Koral, a baby opera (2009)
  • ROM (2012)
  • Vannstand (2015)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Voice (Ratkje)|Voice (Rune Grammofon 2002)
  • Stalker (Important Records 2006)
  • Adventura Anatomica (Semishigure 2006)
  • Teip (Ambolthue 2007)
  • River Mouth Echoes, med POING, Oslo Sinfonietta, Fretwork, Rolf-Erik Nystrøm og Torben Snekkestad (Tzadik 2008)
  • Cyborgic (The Last Record Company) (2009)
  • Danse Macabre (Kassettkultur) (2010)
  • Janus (Erratum), med Joachim Montessuis (2013)
  • In Dialogue med Eugeniusz Rudnik (Bôłt) (2014)
  • Rasaka med trioen SAKA (2014)
  • Celadon (Important Records), med Jon Wesseltoft, Camille Norment, Per Gisle Galåen (2015)
  • And sing…, med Cikada og Oslo Sinfonietta (2016)
  • Adventura Botanica med Eugeniusz Rudnik (2015)
  • Kapital & Moral med POING (2016)
  • Crepuscular Hour (2016)

Med SPUNK[endre | endre wikiteksten]

  • Das Wohltemperierte SPUNK, Vol. I-XII (Rune Grammofon)
  • Det Eneste Jeg Vet Er At Det Ikke Er En Støvsuger (Rune Grammofon 1999)
  • Filtered By Friends (Remix album) (Rune Grammofon 2001)
  • Den Øverste Toppen På En Blåmalt Flaggstang (Rune Grammofon 2002)
  • En Aldeles Forferdelig Sykdom (Rune Grammofon 2005)
  • Kantarell (SPUNK)|Kantarell (Rune Grammofon 2009)
  • Kantarell (2009)
  • Das Wohltemperierte Spunk (2013)
  • Spunk And Joëlle Léandre - Live In Molde ( +3 dB) (2014)

Med Fe-mail[endre | endre wikiteksten]

  • Syklubb fra Hælvete, vinyl (TV5 2003)
  • Syklubb fra Hælvete, CD (Important Records 2004)
  • All Men Are Pigs (Fe-mail og Lasse Marhaug) (Gameboy Records 2004)
  • Voluptuous Vultures, vinyl (PsychForm Records 2005)
  • Northern Stains (Fe-mail & Carlos Giffoni) (Important Records 2006)
  • Voluptuous Vultures, CD (PsychForm Records 2006)
  • Blixter Toad (Asphodel 2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Ratkje, Maja Solveig Kjelstrup, Norsk Musikkinformasjon
  2. Maja Ratkje i snl
  3. http://www.norway.org.uk/norwayandcountry/culture/music/Huddersfield-Contemporary-Music-Festival-2012/#.V-TmvE2LS70
  4. Maja Ratkje ser tilbake på 2006, groove.no
  5. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 7. november 2015. 
  6. Intervju, norsk klimanettverk, 28. november 2010.
  7. Maja Solveig Kjelstrup Ratkje og Elin Øyen Vister: Skitne penger, aftenposten.no, 21. februar 2011
  8. «Ratkje | Akademie der Künste, Berlin» (på tysk). Henta 21. oktober 2017. 
  9. «Die Sektion Musik begrüßt Maja Solveig Kjelstrup Ratkje | Akademie der Künste, Berlin» (på tysk). Henta 21. oktober 2017. 
  10. «The Sound of Science featuring Jeffrey Zeigler | Maja Solveig Kjelstrup Ratkje» (på engelsk). Henta 10. september 2019. 
  11. «The Quietus | Features | A Quietus Interview | Irresponsible Science - An Interview With Maja S. K. Ratkje» (på engelsk). Henta 10. september 2019. 
  12. «Spellemannominasjoner 2019». 7. februar 2020. Henta 8. februar 2020. 
  13. Hoel, Ole Jacob (10. januar 2020). «(+) - Tror du at Beethoven vasket do, at Grieg laget mat?» (på norsk bokmål). Henta 10. desember 2020. 
  14. Sande, Bård (10. desember 2020). «– Jeg er helt målløs». Adresseavisen: 40.