Majlis al Jinn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 22°52′50″N 59°6′19″E
Majlis al Jinn
grotte
Descending into cave.jpg
På veg ned i grotta
Land Flag of Oman.svg Oman
Høgd 1 380 moh
Koordinatar 22°52′50″N 59°6′19″E
Lengd 310 km
Areal 58 000 
Volum 4 000 000 m³
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Majlis al Jinn

Majlis al Jinn (arabisk مجلس الجن, òg kalla Khoshilat Maqandeli) er det nest største[1] kjende grottekammeret i verda,[2] målt etter golvarealet. Kammeret vart rangert lågare etter volum. Grotta ligg i det aude området på Selmaplatået, kring 1380 meter over havet i Oman, 100 km søraust for Muscat.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nede på grottegolvet.
Det er ein lang tur attende opp tauet gjennom Cherylfallet.
Ned i Cherylfallet.

Grotta er ei av fem vertikale grotteinngangar på Selmaplatået, men er den einaste utan ein nedre utgang.

Majlis al Jinn er eit enkelt kammer som måler 310 gonger 225 meter med eit kuppelforma tak som er 120 meter høgt med tre inngangar i taket. Det totale frittståande taket er berre kring 40 meter tjukt over det meste av grotta. Den djupaste delen av grotta er 178 meter under den høgaste inngangen. Volumet i kammer er omtrent 4 000 000 kubikkmeter, og golvarealet er 58 000 kubikkmeter.

Grotta vart kartlagd i 1985 og var då det nest største, kjende grottekammeret i verda eter volum.[3][4] I etterkant har ein funne meir enn 15 andre kammer som har større volum enn Majlis al Jinn.[5]

Det er ingen synlege, nedre utgangar eller passasjar frå kammeret og desse har mest truleg blitt blokkert av laus stein på grottegolvet.[6] Vatn som kjem inn i grotta samlar seg i den lågaste delen av golvet, og renn så sakte ut eller fordampar. Medan temperaturen like utafor grotta kan vere over 40 °C, er lufttemperaturen i kammeret konstant 17–18 °C.

Det er berre mogeleg å kome ned i grotta gjennom ein fire seg ned i lause lufta gjennom ein av dei tre inngangane i taket. Dei to største inngangane heiter Asterisk (Khoshilat Beya Al Hiyool) og Det første fallet (Khoshilat Maqandeli), medan den minste er Cherylfallet (Khoshilat Minqod).[6][7] Entrance depths:[3]

Under dei to største inngangane er det store steinhaugar. Ein har òg funne leivningar etter geiter, fuglar og slangar på grottegolvet. Opningane i taket gjev noko lys i kammeret, det meste av dagen. Det er berre nokre få stalaktittar og draperingar på tak og veggar, men ein finn moderate og skjøre speleothemar på golfet.

Det er gjort basehopp inne i grotta, men dette og slitasje på området rundt grotta har gjort at dei omanske styresmaktene har stengt av området sidan 2008.[8][9]

I 2008 utvikla turistdepartementet[10] samstundes ein plan om å utvikle Majlis al Jinn til ei showgrotte, etter at den første showgrotta deira tiltrekte seg 75 000 vitjande dei første åra ho var open.[11]

I 2014 rappellerte klatrarane Stefan Glowacz og Chris Sharma seg ned i grotta og klatra ut via det særs bratte overhenget på innsida, som dei hevda var det største uklatra taket i verda. [12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]