Majuli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mājuli
মাজুলী
øy
Våtmarksområde på Majuli.
Land  India
Stat Assam
Distrikt Jorhat
Stad Brahmaputra
Areal 1 250 km²
Folketal 153,362
Kart
Majuli
26°57′00″N 94°10′00″E / 26.95°N 94.166666666667°E / 26.95; 94.166666666667
Wikimedia Commons: Majuli

Majuli eller Majoli (uttalt ˈmʌʤʊlɪ) er ei elveøy i Brahmaputra i den indiske delstaten Assam. Ho er blant dei største elveøyane i verda, men har mista mykje av landmassen gjennom endra elveleie og vassførsel i elva og påfølgjande erosjon. [1]

Ferjeoverfart til Majuli frå fastlandet.

Øya blei danna i 1760-åra, då eit jordskjelv førte til at eit langt, smalt landområde mellom to elvar blei omslutta av Brahmaputra.[1] Eit nytt jordskjelv i 1950 førte til auka sediment i elvevatnet og kraftigare erosjon av øya. Klimaendringar har forsterka desse endringane i elva, og presset mot Majuli og andre elvebreidder i Assam.[1]

Majoli er rundt 80 km lang og 10-15 km brei. Øya blei målt til å omfatta 1200 km² i 1901, men desse målingane kan ha teke med mindre øyar og elvebotn rundt. I 1917 hadde Majoli ei flatevidd på 751 km², medan i 2001 var ho berre 422 km².[1] Rundt øya finst eit tjuetals småøyar der 18 er rekna som stabile.[2]

Øylandskapet er prega av sand og våtmarksområde. Det blir dyrka fleire ulike typar ris her. Fleire delar av øya er ville område der det lever ei rekkje ulike fugletypar.[2]

Religiøst rituale (podja) på Majuli.

Majuli har vore eit religiøst senter for vaisjnavisme (Visjnu-dyrking) sidan 1400-talet. Det finst fleire heilage samfunn eller kloster (sattra) som byggjer på læra til Sankardev her. På grunn av landtapet har 28 sattra flytta frå øya, medan 28 er att.[1] Sattraene er religiøse og kulturelle hovudpunkt for dei ulike landsbyane på øya. Lokal musikk, dans, kunst og festivalar blir haldne fram her.[3]

Det finst til saman 243 større og mindre landsbyar på øya. Fleire av desse har måtta flytta som følgje av landtapet. Innbyggjarane kjem frå ulike folkegrupper som mishing og deori (dei to største), sonowal kachari, som opphavleg dreiv med gullvasking i elvene under Ahomriket, urfolket koch, dei dravidiske fiskarane kaivartta og fleire andre.[4] Bustadane til mishing- og deorifolk er kjenneteikna av pålehus.[2]

Måleteknikken hengul haithal ('sinober-auripigment') der ein måler masker, båtar og liknande med naturlege pigment kjem frå Majuli.[4]

Viktige høgtider på øya er raslila, typisk i midten av november, som feirar guden Krisjna, Radha og gopiane, Bathow-podja til ære for guden Sjiva, risplantefestivalen ali-ai-ligang i februar/mars og haustfestivalen paal naam ved Auniati sattra.[3]

Elveøya er blitt lagt fram som mogleg verdsarvstad for UNESCO.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]