Make the World Go Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Make the World Go Away
Song av Ray Price
frå albumet Burning Memories
Utgjeve 1963
Sjanger Country
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Hank Cochran
Make the World Go Away
Singel av Eddy Arnold
frå albumet My World
B-side

«Easy Way»

Utgjeve Oktober 1965
Sjanger Country
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Hank Cochran
Produsent Chet Atkins
Eddy Arnold-kronologi 
«I'm Letting You Go»
(1965)
Make the World Go Away «I Want to Go with You»
(1966)


«Make the World Go Away'» er ein country-popsong skriven av Hank Cochran. Songen nådde topp 40 tre gonger: Timi Yuro (i 1963), for Eddy Arnold (1965) og for duoen Donny og Marie Osmond (1975). Den originale versjonen av songen vart spelt inn av Ray Price i 1963. Songen har vore ein countrystandard sidan den gongen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hank Cochran skreiv songen medan han var på ein kinodate i 1960, då filmen inspirerte han. Han drog hei og i løpet av kort tid hadde han skrive «Make the World Go Away». Ray Price spelte inn songen, og nådde andreplassen på Billboard country-lista i 1963. Året etter gjorde Eddy Arnold songen til sin signaturlåt, og nådde toppen av countrylista og så i 1965 sjetteplassen på Billboard Hot 100-lista, den høgaste plasseringa gjennom karrieren hans.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn denne songen i løpet av åra:

I 1963 gav Timi Yuro ut ein soulversjon av songen for albumet hennar med same namn. Denne hadde ein viss suksess og nådde 24. plassen på Billboard-lista og 11. plassen på den kanadiske singellista.

Jim Reeves spelte inn songen i juli 1964 under den siste innspelinga hans. Songen vart gjeven ut som opningssporet på albumet The Jim Reeves Way i 1965.

Harry James spelte inn ein versjon i 1966 på albumet Harry James & His Western Friends (Dot DLP 3735 og DLP 25735) og igjen i 1977 på albumet Comin' From A Good Place (Sheffield Lab LAB 6).

Elvis Presley sin versjon frå 1970 vart gjeven ut som det siste sporet på albumet Elvis Country (I'm 10,000 Years Old)[1]. Dean Martin spelte inn sin versjon av songen i 1970 på albumet My Woman, My Woman, My Wife.

I 1975 spelte Donny Osmond og Marie Osmond «Make the World Go Away», og fekk ein hit med songen i Storbritannia og USA.

I 1978 gav countryartisten Charly McClain ut «Make the World Go Away» for det andre albumet hennar, Let Me Be Your Baby. Singelen, i lag med «Leanin' on the Bottle», nådde 73. plassen på countrylista.

Roger Whittaker spelte inn songen i 1987 for albumet His Finest Collection.

I oktober 2004 gav Mickey Gilley ut sin versjon av «Make the World Go Away» for den fiktive radiostasjonen K-Rose i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas.

I 2005 gav Martina McBride ut «Make the World Go Away» for albumet hennar Timeless.

Andre populære songarar som har spelt inn songen er mellom andre Engelbert Humperdinck, Jimmie Rogers og Tom Jones.

I oktober 2012 framførte Alison Krauss og Jamey Johnson ein versjon av songen på Late Show with David Letterman, for å marknadsføre albumet Living for a Song: A Tribute to Hank Cochran.

Jim Adkins frå det amerikanske rockebandet Jimmy Eat World spelte songen på fleire konsertar under den første europeiske soloturneen sin.[1]

The Secret Sisters har spelt songen på konsertane sine sidan 2015.

Countrysongaren Kelsea Ballerini framførte songen på Grand Ole Opry i 2016.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

I Italia fanst det to lokale versjonar. Den første, kalla Resta solo come sei, med italiensk tekst av Leo Chiosso, vart spelt inn i 1964 aav Iva Zanicchi. DEn andre, kalla Qualche cosa tra noi, vart arrangert og skriven av Giancarlo Chiaramello, og spelt inn seint i 1967 av den japanske songaren Yoko Kishi.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Ray Price[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 2
U.S. Billboard Hot 100 100

Timi Yuro[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 24
U.S. Billboard Adult Contemporary 8

Eddy Arnold[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1
U.S. Billboard Hot 100 6
U.S. Billboard Adult Contemporary 1
Canada RPM Adult Contemporary 2
UK Singles Chart 8

Donny- og Marie Osmond[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 71
U.S. Billboard Hot 100 44
U.S. Billboard Adult Contemporary 31
Canada RPM Adult Contemporary 40
Canada RPM Top Singles 33
UK Singles Chart 18
Irish Singles Chart 20

Charly McClain[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 73

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]