Maldiskusjon:Wikipedia Hovudside Vekas artikkel/Arkiv

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arkiv for Maldiskusjon:Wikipedia Hovudside Vekas artikkel

Veke 1[endre wikiteksten]

Dersom me vil ha ein tidsaktuell artikkel på framsida, er Universitetet i Stavanger midt i blinken. -- Ranveig 2. jan 2005 kl. 18:49 (UTC)

Veke 2[endre wikiteksten]

Nokon som har forslag til artikkel for neste veke? Nokon som vil prøve seg på å setje han inn? Sida er åpen for alle! -- Ranveig 9. jan 2005 kl. 21:11 (UTC)

Veke 3[endre wikiteksten]

Eg vil fortsatt gjerne vera aktuell og med på det som skjer, og føreslår saturnmånen Titan. -- Ranveig 16. jan 2005 kl. 22:01 (UTC)

Veldig einig! --Kristian André 17. jan 2005 kl. 17:04 (UTC)

Veke 45[endre wikiteksten]

  • Vekas artikkel for veke 45 er litt viktigare, ettersom dette vert framsida for ein eventuell demonstrasjon til dei som er til stades på Nynorsk innhald på Internett. Kva med Nordsjøen? Det er litt mange raude lenkjer der, det er einaste problemet. Andre forslag? Bjarte 30. okt 2004 kl. 15:27 (UTC)
Ålesund er òg lang og god, og har noko mindre raudt i seg. Eg har nett lagt inn eit bilete og slost no med kart og kommunevåpen. Berre eit forslag. Ranveig 31. okt 2004 kl. 12:12 (UTC)
Flott! Heilt einig, fin artikkel og fint bilete. Eg skal ordne med det i morgon tidleg australsk tid (søndag natt Noreg). Bjarte 31. okt 2004 kl. 12:38 (UTC)

Veke 46[endre wikiteksten]

  • Gaffel ? Eg legg han inn i morgon tidleg australsk tid dersom ingen er i mot det. Bjarte 7. nov 2004 kl. 13:44 (UTC)

Veke 47[endre wikiteksten]

  • Gambe vil kanskje passa bra? Me har ikkje hatt eit musikkinstrument ennå. -- Ranveig 14. nov 2004 kl. 10:03 (UTC)

Veke 48[endre wikiteksten]

Jau då, Victoria passar fint. Eg har lagt den ut. Me hadde jo noko matrelatert for ikkje lenge sidan (Gaffel). :) Bjarte 22. nov 2004 kl. 08:22 (UTC)
Interessant å sjå at denne er dagens utvalgte artikkel på en: :) Bjarte 12. des 2004 kl. 08:51 (UTC)

Veke 49[endre wikiteksten]

Afroasiatiske språk? Bjarte 28. nov 2004 kl. 13:25 (UTC)

Veke 50[endre wikiteksten]

  • Føreslår å sprintomsetje resten av artikkelen om hanukká og å bruke denne artikkelen — bilete finst allereie, og det er berre å omsetje det som står att frå engelsk. Dette passar godt med at denne høgtida finn stad i dei åtte dagane frå tysdag kveld denne veka. -- Olve 6. des 2004 kl. 05:54 (UTC)

Veke 51[endre wikiteksten]

  • Advent?
  • Ser ikkje ut til at me klarar denne i tide. Kva med kaffe i staden? Arj 11. des 2004 kl. 14:30 (UTC)

Veke 52[endre wikiteksten]

  • Vi har ikkje nokon artikkel om jul enno, men vi bør taka oss samen og få denne opp og i gang, slik at vi kan ha juleartikkelen klar til veke 52 og julefeiringa...! :-) Eller kanskje pinnekjøt? -- Olve 6. des 2004 kl. 05:54 (UTC)
Eg har lagt ut juletre. Reknar med det går fint! Bjarte 22. des 2004 kl. 20:37 (UTC)
Det er fint ja. :) -- Olve 22. des 2004 kl. 21:46 (UTC)
Ja, fint! Men det er so mange raude peikarar i den artikkelen at dei nesten burde ha vore fjerna før artikkelen vart utstillingsvindauge. På den andre sida syner dette at vi er ein ung Wikipedia og kan kanskje inspirera folk til å medverka til utviklinga!
--Verdlanco (diskusjon) 23. des 2004 kl. 15:09 (UTC)
Ja, dette har vi diskutert før... :) Ser ut til at folk blir ekstra motiverte til å skrive artiklar i slike fall, så det er nok til det beste for oss. Det er vel ellers fint at folk ser at vi er «unge og dynamiske»... :0) God jul, forresten! -- Olve 23. des 2004 kl. 16:25 (UTC)
Samd med Olve, eg trur det er helst positivt. På :no ser det ut som fleirtalet ønskjer å ha ein nærast "perfekt" artikkel før han vart lagt ut som "Utvalgt artikkel", og eg tykkjer ikkje det er i deira favør. Eg vil dessutan òg seia at det kan nok vera meir skadeleg å ha vekas artikkel for 51 halvvegs ut i veke 52 - det kan få folk til å tru at me ikkje er så dynamiske. Eg legg fram for alle at alle som vil og kan, er med på å finna nye artiklar så snart dei oppdagar at me har gått over tidsfrista. Ein kan alltids bruka litt skjønn om ny artikkel ikkje har vore diskutert i førevegen. Bjarte 24. des 2004 kl. 04:13 (UTC)
Alle blir vel litt travle under høgtida. Sjølv låg eg og tenkte eg burde gje Wikipedia ein ny vekesartikkel som julegåve, i det minste, men så var det allereie ordna. God jul! -- Ranveig 24. des 2004 kl. 10:42 (UTC)

Veke 53[endre wikiteksten]

Det gjekk visst ikkje denne veka heller. Kanskje me skal byrja å planleggja påsken allereie no... Baruch Spinoza er ein verdig sistemann for 2004, synest eg, derfor har eg velt ut han for at ikkje den nye vekeartikkelen skulle koma inn alt for seint. -- Ranveig 28. des 2004 kl. 09:41 (UTC)