Malla Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Malla Moe
Portrait of Malla Moe ca. 1916.jpg
Malla Moe ca. 1916, frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fødd 12. september 1863
Død

16. oktober 1953

Yrke misjonær
Malla Moe på Commons

Petra Malena «Malla» Moe (12. september 186316. oktober 1953) var ein norsk-amerikansk misjonær i Afrika.

Frå USA til det sørlege Afrika[endre | endre wikiteksten]

Malla Moe vart fødd på garden Moe i Hafslo. Etter at både faren, gardbrukar Claus Rumohr, og mora, Brita døydde, flytta ho saman med veslesystera Dortea til Chicago der systera Karin budde. Moe fekk kontakt med eit protestantisk misjonsselskap som på den tida heitte Scandinavian Alliance Mission (seinare The Evangelical Alliance Mission - TEAM). Dei sende ho til Swaziland i det sørlege Afrika som misjonær i 1892.

Swaziland[endre | endre wikiteksten]

Malla Moe kom til Swaziland utan verken utdanning eller erfaring, men ho gjorde eit sterkt inntrykk. Ho budde saman med dei innfødde og lærde språket deira.

Moe var misjonær i Swaziland fram til ho døydde 90 år gamal. Ho var aktiv til det siste, men siste tida vart det vanskelegare for Moe å reise rundt til fots, så då fekk ho bygd ei husvogn som vart kalla Evangelievogna. Ho reiste rundt med seks hjelparar og tok imot folk i husvogna. Kong Sobhuza II av Swaziland vitja på eit tidspunkt Moe si Evangelievogn.

Den britiske høgkommisæren i Swaziland, Ainsworth-Dickson, har sagt: «Om me er kvite eller svarte, rike eller fattige, lærde eller ulærde, betraktar med Malla Moe som den mest fremragande misjonær i Afrika.»

Hafslo[endre | endre wikiteksten]

Det var ikkje bedehus på Hafslo på denne tida. Men Malla Moe som var vand med å samle inn pengar til misjonsarbeid fekk brørne heime til å donere tomt og tømmer, og bedehuset vart bygd på dugnad og stod ferdig hausten 1922.

16. september 2012 vart ein minnestein over Malla Moe avduka ved bedehuset på Hafslo.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster, avdukar minnensteinen over Malla Moe. Til venstre står Anders Alme

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Malla Moe
Litteratur
  • Per Hilleren. Adresse Afrika : Malla Moe - en eventyrskikkelse. Oslo : Ansgar 1966
  • Dorothy Martin. Malla Moe og gospelvogna. Oslo : Ansgar 1985
  • Susanna Lomheim Solem. Malla Moe - størst av alt er kjærleiken : en biografi. [Bergen] : Diktavia 2011
  • Maria Nilsen og Paul Sheetz: Malla Moe. The Moody Bible Institute of Chicago 1956.