Man Ray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Man Ray

Statsborgarskap USA, Frankrike
Fødd 27. august 1890
Philadelphia
Død

18. november 1976 (86 år)
Paris, 6. arrondissement

Yrke filmregissør, fotograf, filmfotograf, manusforfattar, kunstmålar, filmklyppar, collagist, sjølvbiograf, skodespelar, designar, smykkedesigner, filmskaper, grafikar, bilethoggar, assemblage artist
Språk engelsk
Medlem av Collège de ’Pataphysique
Ektefelle Juliet Man Ray
Partnar Lee Miller
Nettstad http://www.manraytrust.com/
Man Ray på Commons

Man Ray, opphavleg Emmanuel Radnitzky, (27. august 189018. november 1976) var ein USA-amerikansk dadaistisk og surrealistisk fotograf og filmregissør. Han vert rekna som ein viktig impulsgjevar til samtidig og seinare filmhistorie.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Man Ray vart kjend med dadaismen i 1913 og grunnla i New York den amerikanske avdelinga av dada-rørsla, saman med Marcel Duchamp. Rundt 1920-21 begynte Man Ray å lage sine fotogram, verk som også Laszlo Moholy-Nagy byrja med omkring same tid. Dei plasserte ulike objekt på sensitivt fotopapir, og lyste desse opp ved hjelp av fotografiske framkallingsapparat. På denne måten fekk dei fram skuggane og teksturen i gjenstandane. Begge valde dei ofte maskindelar som objekt. Den tilsynelatande automatikken i prosessen tiltala dei dadaistiske og surrealistiske kjenslene deira.

I 1921 flytta Man Ray til Paris etter å ha erklært dadaismen i USA for død. Tre år seinare engasjerte han seg i surrealismerørsla i Paris. Frå atelieret i bydelen Montparnasse laga Man Ray ei lang rekke arbeid som revolusjonerte fotografiet i fyrste halvdelen av 1900-talet.

Man Ray regisserte fleire avantgardistiske kortfilmar, som til dømes den to minuttar lange Le Retour à la Raison i 1923, samt dei 15-20 minuttar lange filmane Emak-Bakia i 1926, L'Étoile de Mer i 1928 og Les Mystéres du Château du Dé i 1929.

Grunna verdskrigen flytta Man Ray i 1940 tilbake til USA og busette seg i Los Angeles. Etter 11 år i California returnerte han til Paris og heldt hus der resten av livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Man Ray