Trelawny Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trelawny
fylke
Falmouth (6213610441).jpg
Falmouth i Trelawny
Land Flag of Jamaica.svg Jamaica
Region Cornwall
Hovudstad Falmouth
Areal 874 km²
Folketal 75 558 (2012[1])
Trelawny in Jamaica.svg
Wikimedia Commons: Trelawny Parish

Trelawny Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordvest på øya. Det grenser til Saint Ann Parish i aust, Saint James i vest og Saint Elizabeth og Manchester i sør. I nord har det kyst mot Det karibiske havet.

St. Peter Church i Falmouth.

Fylket blei skipa i 1770. Det er kalla opp etter den dåverande guvernøren på Jamaica, William Trelawny (d. 1772).[2]

Administrasjonsbyen for Trelawny Parish er Falmouth, ved nordvestkysten av fylket. Den opphavlege hovudstaden var Martha Brae, eit stykke inn i landet. Andre viktige busetjingar er Rio Bueno med ei særs djup hamn, Stewart’s Town, og Wait-a-Bit.[2] Berre rundt 8000 av dei 75 000 innbyggjarane i Trelawny bur i hovudbyen Falmouth. Jordbruk er ein viktig næringsveg i fylket, med sukker og rom som hovudprodukta. Ein dyrker også mellom anna ingefær, pimento, tre som kampeche og ein del bananar.[3]

Due (Patagioenas caribaea) i Cockpit Country.

Sør i Trelawny ligg Cockpit Country, eit åslendt karst-område dekt av urskog. Skogen er prega av artsrikdom, og huser fleire endemiske artar.[4]

Kjende folk frå Trelawny[endre | endre wikiteksten]

  • Hugh Shearer (f. 1923), politikar frå Martha Brae som blei statsminister for Jamaica i 1967.[2]
  • Rex Nettleford (f. 1933), dansar, pedagog og kritikar frå Bunkers Hill.[2]
  • Veronica Campbell-Brown (f. 1982), friidrettstutøvar frå Clarks Town med fleire OL-medaljar.[2]
  • Usain Bolt, (f. 1986), friidrettstutøvar frå Sherwood Content med fleire OL-medaljar og verdsrekordar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Parish Profile: Trelawny, Jamaica Information Service, henta 22. mars 2018 
  3. «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 22. mars 2018. 
  4. Professor Simon F. Mitchell; Dr. David J. Miller; Dr. Savitha Ganapathy; Dr. Balfour Spence (9. oktober 2008), Defining the Boundaries of The Cockpit Country. Final Report (PDF), Mona, Kingston 7, Jamaica: The Department of Geography and Geology, The University of the West Indies