Mandalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mandalselva
elv
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommunar Bygland, Åseral, Audnedal, Marnardal, Mandal
Nedslagsfelt 1 800 km²
Renn gjennom Mandal
Lengd 115 km
Middelvassføring 85 /s
Kjelde Mellom Ose i Setesdal og Øvre Sirdal
Munning Mandal
Kart
Mandalselva
58°01′10″N 7°27′21″E / 58.019494°N 7.455761°E / 58.019494; 7.455761
Wikimedia Commons: Mandalselva

Mandalselva er ei elv med utspring i fjella mellom Ose i Setesdal og Øvre Sirdal, og ho renn gjennom Agder fylke og ut i havet ved Mandal.

Mandalsvassdraget er 115 km langt og renn gjennom kommunane Åseral, Audnedal, Marnardal og Mandal. Dei største tilløpselvane er Monn, Logna, Skjerka, Kosåna, Logåna og Røyselandsbekken. Skjerka, Monn og Logna renn alle ut i vatnet Øre i Åseral, og frå utløpet til Øre er namnet Mandalselva.

Kraftutbygging[endre | endre wikiteksten]

Kraftutbygging i vassdraget i større målestokk starta i 1930. Per i dag er det seks kraftstasjonar i vassdraget: Logna, Smeland, Skjerka, Håverstad, Bjelland og Laudal.

Nedslagsfeltet er 1800 km² stort. Middelvassføringa i elva er 85 m³/s. I flaumperiodane vår og haust kan vassføringa vere langt større. Høgaste vassføring i nyare tid vart målt i oktober 1987, da det gjekk om lag 970 m³/s forbi målestasjonen på Kjølemo i Holum.

Nasjonalt laksevassdrag[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege laksestamma er utrydda som følgje av sur nedbør. Men utstrekt kalking har ført til eit betre miljø i elva, og ein ny laksebestand er etablert.

Laks og sjøaure kan gå heilt opp til Kavfossen nord for Bjelland, ei strekning på om lag 48 km. Laks kan òg vandre eit stykke opp i Kosåna.

Det vart fanga 11,9 tonn laks og 675 kg sjøaure i Mandalselva i 2006. Dette er ny fangstrekord i moderne tid. Største laks var på 13,9 kg. Elva vart det sjette beste laksevassdraget i Noreg i 2006 og har med dette vist ei fantastisk utvikling etter at kalkinga starta i 1997[1].

15. desember 2006 avgjorde miljøvernminister Helen Bjørnøy å gje Mandalselva status som nasjonalt laksevassdrag. Det tyder mellom anna at vassdraget får eit spesielt vern mot inngrep. I vedtaket er det òg inkludert å gjere havområdet utanfor Mandal til nasjonal laksefjord. Av omsyn til villaksen vil det verte forbod mot å etablere oppdrettsanlegg i Mannefjorden, som er fjorden mellom Søgne og Lindesnes kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar