Manresa
Utsjånad
| Manresa | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Catalonia | ||
| Provins | Barcelona | ||
| Høgd | 250 m | ||
| Areal | 41,60 km² | ||
| Folketal | 80 974 (2025) | ||
| Postnummer | 08241–08243 | ||
![]() Manresa 41°43′35″N 1°49′45″E / 41.726388888889°N 1.8291666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Manresa | |||
Manresa er ein by i Bages, midt i Catalonia i Spania ved elva Cardener. Han er ein industriby med tekstil-, metall- og glasindustri. St. Ignatius av Loyola stoppa for å be i byen på veg tilbake frå Montserrat i 1522, og byen har derfor vorte ein pilegrimstad for katolikkar.
Foto: Josep Renalias
|
Vinproduksjon er òg ei viktig næring i byen, men han vart mindre viktig etter at området vart råka av vinlus.
Under den spanske sjølvstendekrigen slo ein frivillig tropp frå Manresa (sometent på katalansk) ein fransk tropp i juni 1808, men då franskmennene trekte seg tilbake sette dei byen i brann og mykje av han vart øydelagd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Manresa» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Panareda Clopés, Josep Maria; Rios Calvet, Jaume; Rabella Vives, Josep Maria (1989). Guia de Catalunya, Barcelona:Caixa de Catalunya. ISBN 84-87135-01-3
