Manuka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manuka
Manuka
Manuka
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Myrteordenen Myrtales
Familie: Myrtefamilien Myrtaceae
Slekt: Leptospermum
Art: Manuka L. scoparium
Vitskapleg namn
Leptospermum scoparium
Manuka (Leptospermum scoparium) essens i eit klårt hetteglas.

Manuka (Leptospermum scoparium), også kalla rosenmyrte og newzealandsk tetre, er ei art av dekkfrøplantar i myrtefamilien, Myrtaceae. Planten er endemisk til Søraust-Australia og New Zealand.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Treet er snøgtveksande, og er ofte ein av dei første artane som regenererer på rydda land. Det er til vanleg buskliknande, og veks seg frå to til fem meter høgt, men kan veksa til eit tre av moderat storleik, 15 meter eller så i høgda. Det er eviggrønt med tette greiner og små blad, 7-20 mm lange og 2-6 mm breie, med ein kort, kvass rygg. Blomane er kvite, i blant rosa, 8–15 mm (sjeldan opp til 25 mm) i diameter, med fem kronblad. Denne arten vert ofte forveksla med den nære slektningen kanuka – den enklaste måten å skilja dei, er å kjenne på blada, manukablad er stikkande, medan kanukablad er mjuke.[1] Veden er sterk og hard.

Historie og vekstområde[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege funn tyder på at L. scoparium oppstod i Australia før starten av miocentida, og at planten spreidde seg relativt nyleg frå det austlege Australia til New Zealand.[2] Truleg har manukaplanten etablert seg i avgrensa område med høveleg jordsmonn då det først kom til New Zealand, fram til innvandringa av polynesiske folkeslag, som med avbrenning av skog og hogst bringa fram det næringsfattige jordsmonnet som treet var tilpassa til i heimlandet sitt. Det veks no over heile New Zealand, men er særleg vanleg i dei tørre, kystnære strøka aust på Nord- og SørøyaNew Zealand, og i Australia i Tasmania, Victoria og i New South Wales.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Manuka (frå maori) er det vanlege namnet, og vert bruka saman med «gelétre» (jelly bush) og «tetre» (tea tree) i Australia og i mindre grad også på New Zealand. Dette namnet skal ha oppstått fordi kaptein Cook brukte blada til å laga ein te-drikk.[3]

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Talrike kultivarar har vorte framstilte til hagebruk, og dei følgjande har fått utmerkinga Award of Garden Merit frå det britiske hageselskapet Royal Horticultural Society:-

  • 'Kiwi'[4]
  • 'Nichollsii Nanum'[5].
  • 'Red Damask'[6].
  • 'Silver Sheen'[7].

Mange fleire kultivarar er tilgjengelege på New Zealand, men ofte greier plantane seg betre når dei vert dyrka i oversjøiske område. Dette er fordi plantane på New Zealand er utsette for åtak av skjellkledde insekt som skil ut eit sekret som gir vokstergrunnlag for for eit sotfarga mygl som etter kvart svekkjer plantane. Av denne årsaka er det – med avgrensa kommersiell suksess – gjort forsøk med å kryssa dei prangande plantane frå New Zealand med resistente australske kultivarar [8].

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Treverket vart ofte brukt til handtak på verktøy. Manukasagflis bidreg til god smak når den vert brukt i røyking av kjøt og fisk. På New Zealand vert treet dyrka for produksjon av manukahonning, framstilt av honningbier som samlar nektar frå blomane, og til farmasøytisk industri. Det vert også brukt til treskurd og utvinning av olje.

Parakittar og parasittar[endre | endre wikiteksten]

Kākārikiparakittar brukar lauva og borken til manuka og kanuka til å kvitta seg med parasittar. I tillegg til å eta og svelgja materialet, tygg dei det og blandar med olje frå oljekjertlane og gnir det inn i fjørene[9].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Bydelen Manuka i Canberra, som, sjølv om det vert uttala ulikt, fekk indirekte namn etter dette treet.
  • Tebusken (Camellia sinensis), er i motsetnad til manuka, innført og dyrka kommersielt på New Zealand.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. J. Dawson, R. Lucas, Nature guide to the New Zealand forest. Godwit, 2000
  2. Thompson J., (1988) A revision of the genus Leptospermum (Myrtaceae) Telopea 3(3): 301-449
  3. J. T. Salmon, The Native Trees of New Zealand, Reed, 1973. ISBN 0-589-01340-8
  4. «RHS Plant Selector - Leptospermum scoparium 'Kiwi'». Henta 14. januar 2016. 
  5. «RHS Plant Selector - Leptospermum scoparium 'Nichollsii Nanum'». Henta 14. januar 2016. 
  6. «RHS Plant Selector - Leptospermum scoparium 'Red Damask'». Henta 14. januar 2016. 
  7. «RHS Plant Selector - Leptospermum scoparium 'Silver Sheen'». Henta 14. januar 2016. 
  8. «1999 RNZIH Conference Report». Henta 14. januar 2016. 
  9. T. Greene, Antiparasitic behaviour in New Zealand parakeets (Cyanoramphus species). Notornis 36 (4) (1989): 322–323. PDF