Manukau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Auckland. Grått: det urbane rommet stor-Auckland utanom Manukau. Mørk oransje: delen av Manukau som er del av dette urbane rommet. Lys oransje: dei rurale delane av Manukau som ikkje er del av det urbane rommet

Manukau er ein bydel i Auckland som fram til 2010 var rekna som ein eigen by. Med om lag 330 000 innbyggjarar var det den tredje største byen på New Zealand, etter Auckland City og Christchurch. Manukau ligg på Nordøya av New Zealand, ved eidet mellom North Auckland Peninsula og hovuddelen av øya. Sjølv om Manukau offisielt er ein sjølvstendig by er han relativt ukjend, i og med at Manukau, Waitakere og North Shore i lag med Auckland City dannar eit stor-Auckland (engelsk Greater Auckland eller Auckland Metropolitan Area). Manukau blir også ofte referert til som Sør-Auckland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Manukau by grensar i nord til Auckland City, i sør til Franklin-distriktet og i sørvest til Papakura-distriktet.

Byen Manukau ligg rett sør for Otahuhu-eidet som markerer grensa til Auckland City. Otahuhu-eidet er på det smalaste berre 1200-1500 meter breitt. Landområdet er trass i dette svært viktig for samferdsla i heile regionen. På austsida av eidet ligg Tamakielva, som i realiteten er ein tidvatnsarm av Haurakibukta. På vestsida ligg Mangere Inlet, ein utløpar av Manukau Harbour.

Krysset mellom State Highways 1 og 20 vert rekna som bykjerna i Manukau. Dei langstrakte områda aust for byen og nord for Hunua Ranges er temmeleg landlege i høve til det som er vanleg i Auckland. Desse områda grensar delvis til Firth of Thames. Dei to viktigaste busetjingane utanfor Manukau er Clevedon og Maraetai.

Innbyggjarar og bydelar[endre | endre wikiteksten]

Om lag halvparten av dei 330 000 innbyggjarane er av europeisk ætt, på landsbasis er talet på over 80 %. Derimot ligg prosentdelen av maoriar, asiatar og, framfor alt, menneske av stillehavsætt langt over landssnittet. Meir enn 26 % av innbyggjarane reknar seg til å vere av slik ætt, og det er fyrst og fremst polynesarar det er snakk om. Manukau er altså ein av dei mest multikulturelle byane på New Zealand. Talet på innbyggjarar av asiatisk ætt er særskilt høgt i den austlege delen av Manukau (spesielt i bydelen Howick). Dette området vert ofte kalla East Auckland.

Sjølv om gjennomsnittsinntekta ligg litt over landssnittet, finst det i Manukau òg fleire hushaldningar i sosial naud enn elles på New Zealand. Særleg i nærleiken av Aucklands industrielle sentrum finst det mange hus som er eigde av staten, såkalla State Housing.

Følgjande forstadar finn ein rundt Manukau Central (frå nord og med klokka):

  • East Tamaki, Clover Park, Manukau Heights, Totara Heights, Manurewa, Wiri, Papatoetoe, Mangere, Middlemore, Otahuhu, Otara.

Følgjande ytre bydelar finn ein rundt Manukau Central (frå nord og med klokka):

  • Pakuranga, Bucklands Beach, Maraetai, Beachlands, Botany Downs, Howick, Whitford, Takanini.

Kultur og ting å sjå[endre | endre wikiteksten]

All Saints Church i Howick, den nest eldste kyrkja på New Zealand

Manukau er med over 50 ulike folkegrupper ein svært multikulturell by. Verdt å sjå er marknadene, festivalane og dei mange kyrkjene knytte til dei ulike tjodene.

Byen har eit variert shoppingtilbod, frå det tradisjonelle «Manukau Shopping Centre» til «Otara Market» i polynesisk stil. Verdt ei vitjing er òg fritidsparken «Rainbow's End».

Som i så mange andre fattige bydelar rundt om på kloten, utvikla det seg òg i South Auckland-bydelen i Manukau ein hiphop-kultur, ein av dei viktigaste i sitt slag på New Zealand. Ein av dei mest kjende representantane for hiphopen i området er rapparen Savage og bandet hans Deceptikonz.

Næringsliv og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Rundt byen breier den fruktbare raude vulkanjorda frå Mangere seg utover, inntil Bombay Hills. På grunn av dette vert Manukau òg kalla Aucklands gartneri.

State Highways 1 og 20 går gjennom byen. Nummer 20 kjem vestanfrå over Mangere-brua, og han er den mest trafikkerte vegen på New Zealand. I nærleiken av denne er det òg planlagt ei ny bru over Mangere Inlet. På denne langstrakte halvøya vest for sentrum ligg også Aucklands internasjonale lufthamn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]