Margit Schiøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margit Schiøtt
Fødd 2. mai 1889
Død 16. september 1946
Parti Venstre

Margit Schiøtt (fødd 2. mai 1889 i Gjerpen, død 16. september 1946) var ein norsk politikar for Venstre. Ho var vararepresentant til Stortinget frå Telemark i 1937–1945 og vart valt inn som representant i det første valet etter andre verdskrig. Ho døydde likevel allereie hausten 1946, og på grunn av sjukdom tok ho aldri sete på Stortinget.

Frå 1935 til 1940 var Schiøtt medlem av Gjerpen kommunestyre, dei siste par åra òg av formannskapet.

Ho voks opp hos foreldra på Borgestad gard og var aktiv med dyrestell og jordbruk frå tidleg alder. Margit gjekk på skule i England 1906–07 og studerte språk i Frankrike 1909–10. Frå 1921 til ho døydde dreiv ho Gulset gard i Gjerpen, der ho og ektemannen budde.

Margit Schiøtt var fødd Knudsen og dotter av statsminister Gunnar Knudsen og ektefelle Sofie fødd Cappelen. Margit var gift med dr. ing. Didrik Cappelen Schiøtt (17.1.1887 – 16.8.1958) frå Skien. Dei var barnløse og begge er gravlagt på Borgestad kyrkjegard.

Ho oppretta fleire legat, bl.a. Margit og Didrik Schiøtts Legat For Bønder i Gjerpen og Margit Schiøtts Legat Til Utvikling Av Matkunnskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ellen Wessel og Lulli Knudsen: Våre besteforeldre Guro og Christen Knudsen – deres barn og barnebarn, Oslo 1929. Opptrykk 1999. 
  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografiar, Kunnskapsforlaget 1985.
  • Hans Cappelen: «Fra tante Majas dagbok i Skien under krigen», Grenland Ættehistorielags medlemsblad Ætt og Annet nr. 2-2013 Jubileumsutgave, Skien 2013, side 47-52 (om slektskap Knudsen, Schiøtt og Cappelen)