Margrethe Renstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margrethe Renstrøm
Fødd 21. mars 1985
Søgne
Yrke friidrettsutøvar

Margrethe Renstrøm (fødd 21. mars 1985) er ein norsk friidrettsutøvar som hoppar lengde for idrettsklubben Tjalve. Margrethe Renstrøm er opphavleg frå Søgne, men bur i Oslo og er utdanna fysioterapeut frå Høgskolen i Oslo. Ho hoppa for Søgne Idrettslag før ho gjekk over til IK Tjalve i 2005.

Renstrøm har noregsrekorden i lengdehopp med 6,68 meter, sett i Barcelona under EM i friidrett 2010. Ho slo då sin eigen rekord på 6,64 frå Noregsmeisterskapen i 2009, der ho igjen utraderte den 41 år gamle norske rekorden til Berit Berthelsen på 6,56 meter frå Bislett Stadion den 10. september 1968.

Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors tok ho bronsemedalje med resultatet 6,67, 14 cm bak vinnaren Éloyse Lesueur. [1] Renstrøm skulle også delta i Sommar-OL 2012 i London, [2] men på grunn av ein skade i høgrefoten måtte ho trekkja seg berre minutt før lengdekvalifiseringa skulle ta til. [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]