Mari Fasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mari Fasting


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1985 (39 år)
Moss kommune
Idrett Skigåing, orientering

Mari Fasting (fødd 1. mars 1985) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Moss. Ho var del av det norske stafettlaget som vann VM-gull i 2013. Under VM 2015 tok ho to sølvmedaljar, den eine i klassisk løype og den andre i stafett. Tre år tidlegare fekk ho VM-bronse i stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter ho vann langdistansen og stafetten ved junior-VM 2005, var Fasting frå 2006 ein av dei beste norske orienteringsløparane på kvinnesida. Åra 2010-15 vart ho noregsmeister 3 gongar på klassisk-distansen, 2 gongar på langdistansen og like mange gongar på mellomdistansen, samt 4 gongar i stafett og ein gong i nattorientering.

Under 2012-VM vann Fasting, Silje Jahren og Anne Margrethe Hausken bronse på stafetten. Året etter vann Noreg VM-stafetten under meisterskapen ved Tampere. Heidi Bagstevold opna for Noreg, før Fasting og til sist Anne Margrethe Hausken sikra norsk triumf. Ved VM 2015 i Inverness sprang Fasting inn til sølvmedalje på klassisk-distansen, langt bak suverene Ida Bobach frå Danmark. Meisterskapen i Skottland avslutta Fasting med å vinne stafett-sølv i lag med nemnde Bagstevold og Hausken.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2006: Nr 6 på mellomdistansen
  • VM 2010: Nr 9 på klassisk-distansen
  • VM 2011: Nr 4 i stafett
  • VM 2012: Bronsemedalje i stafett
  • VM 2013: Gullmedalje i stafett, nr 8 på klassisk-distansen
  • VM 2014: Nr 4 på klassisk-distansen
  • VM 2015: Sølv på klassisk-distansen og i stafett
  • VM 2016: Nr 7 på klassisk-distansen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]