Hopp til innhald

Maria Zakharova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Zakharova

Verkeleg namnМари́я Влади́мировна Заха́рова
StatsborgarskapRussland
Fødd24. desember 1975 (50 år)
Moskva Sjå dette på Wikidata
Yrkediplomat, journalist, politikar, funksjonær, komponist, songtekstforfattar, propagandist, presseansvarlig, embetsmann
Språkrussisk
Politisk partiSameint Russland
ReligionOrtodoks kristendom
EktefelleAndrei Makarov Sjå dette på Wikidata
PrisarÆresdiplom fra Russlands president, 100 Women, Venskapsordenen, Æresordenen, 4. klasse av Fedrelandets fortjenstorden, ministerutmerkelser i Den russiske føderasjon
Maria Zakharova på Commons

Maria Vladimirovna Zakharova (fødd 24. desember 1975) er ein russisk journalist og diplomat. Sidan 10. august 2015 har ho vore direktør for Avdeling for informasjon- og presse ved det russiske utanriksdepartementet i Moskva[1] og er ofte talskvinne i utanrikssaker.

Maria Zakharova kjem frå ein diplomatfamilie. Ho voks opp i Beijing, der foreldra hennar arbeidde. I 1998 gjekk ho ut frå Fakultet for internasjonal informasjon ved Moskvas statlege institutt for internasjonal politikk. Etter at ho hadde fullført universitsgraden sin tok til å arbeida ved utanriksdepartementet, men var samstundes redaktør for tidsskriftet Diplomatitcheskiy vestnik (Diplomatisk revue). Frå 2005 til 2008 var ho pressesekretær ved den permanente staben til Russland ved Dei sameinte nasjonane i New York. I perioden 2008 til 2011 hadde ho fleire sentrale stillingar ved utanriksdepartementet. Frå 2011 til 2015 var ho visedirektør ved Avdeling for informasjon- og presse ved utanriksdepartementet. Den 10. august 2015 vart ho utnemnt til direktør for denne avdelinga, og vart den fyrste kvinna som har hatt denne stillinga[2]. I 2016 vart ho av BBC plassert på lista av 100 eksepsjonell kvinner [3].

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Directeur du Département de l'information et de la presse, Utanriksdepartementet til den russiske føderasjonen.
  2. О назначении М.В.Захаровой директором Департамента информации и печати МИД России, Министерство иностранных дел Российской Федерации, 10/8-2015.
  3. BBC 100 Women 2016: Who is on the list?, BBC, 7/10-2019.