Hopp til innhald

Marie-Josée Ta Lou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie-Josée Ta Lou


Marie-Josée Ta Lou under VM 2017

Statsborgarskap Elfenbeinskysten
Fødd 18. november 1988 (35 år)
Elfenbeinskysten
Idrett friidrett
Tok del i Afrikalekene 2011, Afrikamesterskapet i friidrett 2012, Kontinentalcupen i friidrett 2014, Afrikamesterskapet i friidrett 2014, VM i friidrett 2015, Afrikalekene 2015, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 200 meter kvinner, VM i friidrett 2019 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 200 meter kvinner, VM i friidrett 2022 – 100 meter kvinner, Jeux de la Francophonie 2017, VM i friidrett 2017, Diamond League 2017, Kontinentalcupen i friidrett 2018, Afrikalekene 2019, Friidrett under Sommer-OL 2024 – 100 meter kvinner, 2024 Diamond League

Gonezie Marie Josée Dominique Ta Lou (fødd 18. november 1988) er ein ivoriansk friidrettsutøvar frå Bouaflé som vann sølvmedaljen både på 100 meter og 200 m under VM i friidrett 2017. To år seinare tok ho bronsen på 100 meter ved Friidretts-VM i Doha.

Ta Lou enda på fjerdeplass på 100 meter då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, berre tusendelar av eit sekund bakom bronsevinnar Shelly-Ann Fraser. Også på 200-meteren vart Ta Lou fjerde best, tida 22,21 var landsrekord. Under verdsmeisterskapen 2017 i London tangerte ho i finalen den personlege rekorden på 100 meter, men vart slått med eitt tidels sekund av Tori Bowie i striden om gullmedaljen. Også på 200 meter kom Ta Lou i mål til sølv, med tida 22,08 sekundar sette ho landsrekord, gullvinnar Dafne Schippers fekk notert 22,05.

Den 4. mai 2018 i Doha forbetra Ta Lou 100-meterspersen til 10,85 sekundar, ein rekord ho tangerte i 2019-sesongen. Ved verdsmeisterskapen 2019 sprang ho inn til bronse på 100 meter.