Tori Bowie
Tori Bowie | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 27. august 1990 (32 år) Sand Hill |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2014, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Frentorish Bowie, kjend som Tori Bowie, (fødd 27. august 1990) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Sand Hill i delstaten Mississippi som vart verdsmeister på 100 meter i 2017. Ho har òg vunne gull i 4 x 100 m stafett under Sommar-OL 2016 og VM i friidrett 2017.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Bowie tok steget opp i den nasjonale eliten i sprint og lengdehopp i 2013-sesongen, med personbeste 11,14 på 100 m og 6,91 i lengde. I 2014 vann ho 200 meter i DL-stemnet i Eugene på ny pers, 22,18. Ho vann 100-meteren i tre DL-stemne og sette ein glitrande personleg rekord med 10,80 i Monaco. I 2015 vann ho bronsemedaljen på 100 m då ho debuterte i friidretts-VM 2015.
OL-sesongen 2016 flytta Bowie sine personlege rekordar til 10,78 på 100-meter og 21,77 sekundar på 200-meter, begge oppnådd i Eugene i delstaten Oregon. Ho tok sølv på 100 meter, bronse på 200 m og fullførte medaljehaustinga då ho sprang USA inn til gull i 4 x 100 m stafett, etter at Tianna Bartoletta, Allyson Felix og English Gardner hadde lagt grunnlaget.
Under verdsmeisterskapen 2017 i London stupte ho over målstreken og tok gullmedaljen på 100 meter, ein hundredels sekund framom Marie-Josée Ta Lou frå Elfenbeinskysten. Ho deltok ikkje på 200 meter, men fekk gleda av å sikre eit nytt gull til USA i 4 x 100 m stafett, saman med Aaliyah Brown, Allyson Felix og Morolake Akinosun.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- VM 2015 i Beijing: Bronsemedalje på 100 m – 10,86
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gull i 4 x 100 m stafett (41,01), sølv på 100 m – 10,83, bronse på 200 m – 22,15
- VM 2017 i London: Gull på 100 m – 10,85, og i 4 x 100 m stafett (41,82)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tori Bowie» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2017.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1990
- Sprintarar frå USA
- Lengdehopparar frå USA
- Tresteghopparar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016