Marija Jakovlevna Barmitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marija Jakovlevna Barmitsj
Fødd26. april 1934
Zapolyarny District
NasjonalitetSovjetunionen, Russland
Alma materHerzen University

Marija Jakovlevna Barmitsj (fødd 26. april 1934) er ein nenetsisk språkforskar frå Russland, og den sentrale forskaren blant nenetsiske kvinner. Som lærar i nenetsisk har ho publisert ei lang rekke av bøker og artiklar om nenetsisk. Ho er forfattaren av ei heil rekkje av lærebøker i nenetsisk.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barmitsj vart fødd på tundraen på Kaninhalvøya i det Nenetsiske autonome området i europeisk Russland. Barmitsj bur i St. Petersburg, der ho arbeidde på Herzen-instituttet for folka i det høge nord.

Barmitsj tok lærarutdanning ved Narjan-Mar pedagogiske institutt, og studerte frå og med 1960 ved Herzen-instituttet i Leningrad. Frå og med 1960 arbeidde ho same stad, som assistent, lærar og seinare instituttleiar for Avdelinga for uralske språk ved instituttet. I 1969 forsvarte ho doktorgradsavhandlinga si om ordforrådet i kanindialekten til tundranenetsisk. Etter 1998 har Barmitsj reist til Narjan-Mar, Salekhard og Dudinka for å førelese om samojediske språk.

Publikasjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Barmitscj, M. Ja. 2014 Ненеця Вада = ненецкий язык: 9 класс учебное пособие для общеобразовательных учреждений/состав. Бармич М.Я; редактор — Самойлова Е. Н./ Спб.: филиал изд-ва «Просвещение», 2014.-111 с.: ил. (Обложка, последняя стр.)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]