Marilyn Monroe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marilyn Monroe
Monroecirca1953.jpg
Fødd1. juni 1926
FødestadLos Angeles
Død5. august 1962 (36 år)
DødsstadBrentwood
FødenamnNorma Jeane Mortenson
Aktive år1945–1962
Verka somfilmskodespelar, modell, filmprodusent, songar, sjølvbiograf, playmate, fotomodell, skodespelar
MorGladys Monroe
FarCharles Stanley Gifford
EktefelleJames Dougherty, Joe DiMaggio, Arthur Miller
SambuarJohn F. Kennedy
PrisarGolden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, David di Donatello, Targa d'Oro, Henrietta-prisen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Golden Globe
Marilyn Monroe-statuen i Haugesund.

Marilyn Monroe (1. juni 19265. august 1962) var ein skodespelar frå USA. I ettertid er ho nytta som eit ikon og ei personifisering av det glamorøse livet knytt til filmbyen Hollywood i 1950-åra. Trass i lite glamorøs bakgrunn, slo ho seg opp som ei av dei største i filmverda. Ho vert vanlegvis hugsa som ei naiv blondine og som symbolseksualitet, mykje på grunn av dei rollene ho spelte.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Marilyn vart fødd Norma Jeane Mortenson i Los Angeles. Ho vart døypt Norma Jane Baker, då det var tvil om kven som var biologisk far. Martin Edward Mortensen, som på dette tidspunktet var gift med mora, stod oppført som far i fødselsattesten. Han vart fødd i Vallejo i California 26. februar 1897, men far hans, Martin Mortensen, vart fødd 8. februar 1861 i Stavanger, som utvandra derfrå i 1878. Mora, Gladys Baker, oppgav aldri kven som var far til dottera.

Etter lang tids sjukdom vart Gladys innlagd på ein mentalinstitusjon, og litle Norma Jeane voks opp både på barneheim og i fleire fosterheimar. Som 16-åring gifta ho seg med den fem år eldre naboguten Jimmy Dougherty. Under krigen arbeidet Norma Jeane som ei av mange kvinner på ein fallskjermfabrikk, der ho heilt tilfeldig vart oppdaga av fotografen David Conover som kom for å ta bilete til The Yank Magazine. Ho var ein «fotograf sin draum».[2] Dette vart starten på ein modellkarriere med suksess, noko som òg var årsaka til at Norma fekk den første kontakten med filmstudioa.

Filmkarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1946 signerte ho den første kontrakten sin med Twentieth Century Fox. I mellomtida hadde ha også teke ut skilsmisse frå Dougherty. På filmstudioet og oppfordring frå agenten bleika ho håret blondt og endra namnet sitt til Marilyn Monroe. I åra fram til ho døydde så alt for tidleg i 1962, spela ho i ei rekkje filmar, ho gjorde blant anna ein ugløymeleg innsats som Sugar Kane i den legendariske komedien Some like it hot ('Nokon har det heitt'), der ho spela mot Tony Curtis og Jack Lemmon. Hennar største prestasjon, og første verkelege dramatiske rolle, gjorde Marilyn i den siste fullførte filmen sin, The Misfits av forfattar-ektemannen Arthur Miller. Dette vart elles den siste rolla for motspelaren Clark Gable.

På sine 36 leveår rakk Marilyn å gifte seg tre gonger, i tillegg til å ha vore i forhold med mellom anna John F. Kennedy og Robert Kennedy. Ho rakk og å fullføre heile 29 filmar og starte eige produksjonsselskap, Marilyn Monroe Productions, saman med fotograf og ven Milton Greene, før ho mogelegvis tok sitt eige liv i 1962. Ho hadde akkurat vorte sparka frå rolla si i den aldri fullførte filmen Something's Got to Give grunna utilrekneleg framferd, og ho skal visstnok ha vorte dumpa av begge Kennedybrørne. Den offisielle dødsårsaka var ein Nembutal-overdose, men det har sidan versert ei rekkje meir eller mindre godt funderte teoriar ikring dødsårsaka.[3][4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Marilyn Monroe har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I Haugesund er det sett opp ei statue av henne.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Eit bilete frå filmen Gentlemen Prefer Blondes.
Marilyn Monroe i filmen Gentlemen Prefer Blondes.
  • Something’s Got to Give (1962)
  • The Misfits (1961)
  • Let's Make Love (1960)
  • Some Like It Hot (1959)
  • The Prince and the Showgirl (1957)
  • Bus Stop (1956)
  • The Seven Year Itch (1955)
  • There’s No Business Like Show Business (1954)
  • River of No Return (1954)
  • How to Marry a Millionaire (1953)
  • Gentlemen Prefer Blondes (1953)
  • Niagara (1953)
  • O. Henry's Full House (1952)
  • Monkey Business (1952)
  • Don’t Bother to Knock (1952)
  • We’re Not Married! (1952)
  • Clash by Night (1952)
  • Let’s Make It Legal (1951)
  • Love Nest (1951)
  • As Young as You Feel (1951)
  • Home Town Story (1951)
  • Right Cross (1950) (uncredited)
  • All About Eve (1950)
  • The Fireball (1950)
  • The Asphalt Jungle (1950)
  • A Ticket to Tomahawk (1950) (ukreditert)
  • Love Happy (1949)
  • Ladies of the Chorus (1948)
  • Green Grass of Wyoming (1948) (ukreditert)
  • Scudda Hoo! Scudda Hay! (1948)
  • You Were Meant for Me (1948)
  • Dangerous Years (1947)[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marilyn Monroe | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 11. desember 2022 
  2. «Marilyn Monroe Biography», The Marilyn Monroe Collection (på engelsk), henta 11. desember 2022 
  3. «Marilyn Monroe | Biography, Death, Movies, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 11. desember 2022 
  4. «Column: Marilyn Monroe and the prescription drugs that killed her», PBS NewsHour (på engelsk), 5. august 2016, henta 11. desember 2022 
  5. «Marilyn Monroe», IMDb (på engelsk), henta 11. desember 2022