Marina Stepanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marina Stepanova
Verkeleg namn Марина Ивановнa Степанова
Statsborgarskap Russland
Fødd 1. mai 1950 (71 år)
Mjaglovo
Idrett friidrett
Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Marina Ivanovna Stepanova (fødd Marina Makejeva1. mai 1950) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Meglevo i Leningrad oblast som representerte Sovjetunionen. Ho vart europameister på 400 meter hekk i 1986 og sette fire verdsrekordar i øvinga i tida 1979-86.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stepanova tok i 1978 sølvmedaljen på 400 m hekk i sovjetmeisterskapen og sette personleg rekord med 56,19 sekundar. Ho deltok same året i EM 1978 i Praha, der ho rauk ut or semifinalane. Året etter vart Stepanova sovjetmeister og ho vann i Moskva spartiakaden på ny verdsrekord, 54,78 sekundar, 0,11 sekundar under den årsgamle rekorden til Tatjana Zelentsova, som vart nummer to i tevlinga.

Etter å ha vorte mor i 1981, kom Stepanova sterkt tilbake frå 1983-sesongen. I 1984 flytta ho den personlege rekorden til fyrst 54,34 sekundar, deretter til ny verdsrekord 53,67 då ho vann ein suveren siger under eit stort stemne i Praha midt i august. Stemnet kom elles i stand for dei landa som boikotta Sommar-OL i Los Angeles. Året etter vart ho i Leningrad sovjetmeister i speislaøvinga for andre og siste gong.

Under EM 1986 i Stuttgart vart Stepanova europameister og sette ny verdsrekord på langhekken med tida 53,32. Tre veker seinare forbetra ho rekorden til 52,94 sekundar i Tasjkent, og vart dermed den fyrste kvinna under 53 sekundar i øvinga. Verdsrekorden stod i sju år. Ho la opp i 1988, 38 år gammal, etter i Tasjkent å ha vunne spesialøvinga i spartakiaden, ni år etter fyrste gongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]