Marion Rung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marion Rung
Marion rung.jpg
Fødd7. desember 1945
FødestadHelsingfors
OpphavFinland
Instrumentvokal
Verka somsongar

Marion Rung (fødd 7. desember 1945 i Helsingfors) er ein finsk songar.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

15. februar 1962 vann Rung den finske uttakinga til Eurovision Song Contest 1962 med songen «Tipi-tii». Ho starta som nummer éin i finalen, før Belgia med «Ton nom» av Fud Leclerc. Bidraget fekk tre poeng frå Storbritannia og eitt poeng frå Noreg. Finland fekk til saman fire poeng og enda på sjuandeplass av totalt 16 bidrag.

I 1973 fekk ho att representere Finland i Eurovision Song Contest. Denne gongen med songen «Tom Tom Tom». Ho starta som nummer éin i finalen, før Belgia med «Baby, Baby» av Nicole & Hugo. Bidraget fekk ni poeng frå Belgia og Storbritannia, sju poeng frå Jugoslavia og Sverige, seks poeng frå Vest-Tyskland, Noreg, Spania, Sveits og Luxembourg, fem poeng frå Portugal, Monaco, Nederland, Irland og Israel, fire poeng frå Frankrike og to poeng frå Italia. Finland fekk til saman 93 poeng og enda på sjetteplass av totalt 17 bidrag.

Grand Prix de disque[endre | endre wikiteksten]

Ho representerte Finland i Grand Prix de disque 1974 og vann.

Intervision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I 1980 representerte ho Finland i Intervision Song Contest med songen «Where Is The Love» og vann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]