Hopp til innhald

Marju Lauristin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marju Lauristin

Statsborgarskap Sovjetunionen, Estland
Fødd 7. april 1940 (84 år)
Tallinn
Yrke politikar, universitetslærar, sosiolog
Språk estisk
Politisk parti Det sosialdemokratiske partiet, Sovjetunionens kommunistiske parti
Medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling
Far Johannes Lauristin
Mor Olga Lauristin
Ektefelle Enn Roose, Peeter Vihalemm
Marju Lauristin på Commons

Marju Lauristin (fødd 7. april 1940) er ein estisk politikar og mediesosiolog. Ho var blant leiarane i Folkefronten, som medvirka til den estiske lausrivinga frå Sovjetunionen under den syngande revolusjonen. Lauristin har vore medlem av både den estiske riksdagen og Europaparlamentet, som representant for Det sosialdemokratiske partiet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lauristin er dotter av to ekskluderte kommunistar, Johannes og Olga Lauristin. Faren døydde mens ho var spedbarn, moglegvis myrda av NKVD.[1] Moren gifta seg på ny med kommunisten Hendrik Allik, som blei ekskludert og send i Gulag-leir. Marju Lauristin vaks for det meste opp i Tallinn saman med mora og sin seks år yngre halvbror Jaak Allik.[2]

Lauristin studerte journalistikk og sosiologi ved Statsuniversitetet i Tartu og Statsuniversitetet i Moskva og tok doktorgraden i 1976. Ho var med på å byggje opp eit forskingsmiljø for mediesosiologi i Tartu, men hadde avgrensande moglegheiter til å samarbeide med utanlandske forskarar i sovjettida.[1][3] Ho blei professor i 1995 og emeriterte i 2021, over 80 år gammal.[4][5]

Lauristin var medlem av Sovjetunionens kommunistiske parti, men tok tidleg avstand frå den doktrinære kommunismen. I 1980 var Lauristin blant dei 80 estiske intellektuelle som underteikna ein protest mot russifiseringspolitikken i Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken. I 1988 stilte ho seg, saman med Edgar Savisaar, i spissen for å danne Folkefronten. Dei ønskte eigentleg å reformere kommunistpartiet innanfrå, men utvikla seg til ei demokratisk opposisjonsrørsle.[1][6]

Ved dei delvis frie vala i 1989 blei Lauristin vald inn i Sovjetunionens folkekongress, og i 1990 blei ho vald inn i Det øvste sovjet i Den estiske sosialistiske sovjetrepublikken, som straks vedtok ein overgangsperiode til nasjonalt og demokratisk styre. Frå 1992 til 1994 var Lauristin sosialminister i den fyrste parlamentariske regjeringa i det uavhengige Estland. Ho var medlem av den estiske riksdagen i periodane 1992–1995 og 1999–2003.[1]

Frå 2014 til 2017 var Lauristin medlem av Europaparlamentet. Ho var nestleiar i den sosialdemokratiske parlamentsgruppa (S&D).[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gubrynowicz, Aleksander (2015). «Lauristin, Marju». I Roszkowski, Wojciech og Kofman, Jan. Biographical Dictionary of Central and Eastern Europe in the Twentieth Century (på engelsk). Routledge. s. 560. ISBN 978-1-317-47593-4. 
  2. Viivik, Allar (27. april 2003). «OlgaLauristin: «Minu ideaal on kommunismus.»». Õhtuleht. Henta 27. september 2023. 
  3. Vihalemm, Peeter (2001). «Development of Media Research in Estonia». Nordicom Review (på engelsk) 22 (2): 79–92 (81, 84). ISSN 2001-5119. doi:10.1515/nor-2017-0357. 
  4. «MarjuLauristin» (på engelsk). Estonian Research Information System. Henta 27. september 2023. 
  5. «MarjuLauristin» (på engelsk). Academy of Europe. Henta 29. september 2023. 
  6. McGeary, Johanna (8. november 1990). «ChallengeIn the East». Time (på engelsk). Henta 27. september 2023. 
  7. «MarjuLauristin» (på dansk). Europaparlamentet. Henta 27. september 2023. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.