Mark Paston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark Paston
Paston1.jpg
Personleg informasjon
Namn Mark Nelson Paston
Fødselsdato 13. desember 1976
Fødestad Hastings i New Zealand
Høgd 195 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Wellington Phoenix
Draktnummer 1
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1997-2003
2003-04
2004-05
2005-06
2006-07

2007-
New Zealand Napier City Rovers
Flag of England.svg Bradford City
Flag of England.svg Walsall
Skottland St. Johnstone
New Zealand New Zealand Knights
New Zealand Wellington Phoenix
(0)
13 (0)
9 (0)
2 (0)
10 (0)

23 (0)
Landslag**
1997- New Zealand New Zealand 20 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 11. desember 2009.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 15. november 2009.

Mark Nelson Paston (fødd 13. desember 1976) er ein newzealandsk fotballspelar som spelar som keeper for Wellington Phoenix i den felles australsk-newzealandske ligaen A League, og for New Zealand sitt landslag. Han vart fødd i Hastings i Hawke's Bay-regionen på Nordøya på New Zealand.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Paston sin første seniorklubb hans var Napier City Rovers. I 2003 drog han til England, der han i 2003/04-sesongen spelte for Bradford City i the Championship, det nest øvste nivået i engelsk fotball. Han fekk 13 ligakampar for Bradford, som rykte ned same året. I 2004/05-sesongen gjekk han til Walsall i 1. divisjon (det tredje øvste nivået i engelsk fotball), der han berre fekk 9 kampar. Før 2005/06-sesongen flytta han på seg igjen, denne gong til St. Johnstone i skotsk 1. divisjon, det nest øvste nivået der, men her fekk han berre 2 seriekampar.

I 2006 vende Paston heim til New Zealand, til New Zealand Knights, som var det einaste profesjonelle fotballaget i landet, og som spelte i den australske "A League". Då denne klubben vart oppløyst i 2007 og erstatta i A League av den nye klubben Wellington Phoenix, gjekk Paston over til Phoenix. Han var ofte andrekeeper på laget, men då Glen Moss drog til Melbourne Victory vart Paston førstekeeper.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Paston debuterte for New Zealand sitt landslag som 20-åring i eit 5-0-tap mot Indonesia 21. september 1997. Han spelte ikkje for A-landslaget igjen før 2003. Sidan då har han konkurrert med Glen Moss om plassen som landslagskeeper. I Confederations Cup 2009 var han med i New Zealand sin tropp, men var unytta reserve for Moss. Moss vart utvist og suspendert for fire kampar i den siste kampen i gruppespelet i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010.[1] Dermed fekk Paston spela dei to avgjerande playoff-kampane mot Bahrain. Han heldt buret reint i begge kampane, og under heimekampen redda han ein straffe og vart kåra til banens beste. New Zealand kvalifiserte seg dermed til fotball-VM for første gong sidan 1982.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grantley Bernard (5 November 2009). «Moss Sees Red». Herald Sun. http://www.heraldsun.com.au/sport/soccer/melbourne-victory-goalkeeper-glen-moss-world-cup-with-new-zealance-dream-has-been-clouded-by-suspension/story-e6frfg8x-1225794429447. Henta 10. november 2009. 
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 11. mars 2010.