Markku Taskinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markku Taskinen
Statsborgarskap Finland
Fødd 25. februar 1952 (72 år)
Kuusamo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Markku Aulis Taskinen (fødd 25. februar 1952) er ein finsk tidlegare sprint- og mellomdistanseløpar frå Kuusamo. Han vann bronsemedaljen på 800 meter ved EM i friidrett 1974.

Taskinen vart i 1973 finsk meister på 400 meter og 800 m. Han heldt fram med å vinne 800-meteren i den finske meisterskapen i 1974, 1975, 1976 og 1978. Under europameisterskapen i Roma i 1974 overraska han stort då han sprang sitt livs løp på 1,45,89 og sikra seg bronsen på 800 meter, bakom Jugoslavias Luciano Sušanj og britiske Steve Ovett. Fire dagar etter sprang Taskinen den tredje etappen då Finlands mannskap i 4 x 400 meter stafett kom på bronseplassen. Eitt år seinare presterte han livsbeste 47,12 sekund på 400 meter, også då i Roma. I mars 1978 vann Taskinen 800 m ved innandørs-EM i Milano på tida 1.47,36.

Taskinen var ein allsidig utøvar. I landskampen mot Sverige i 1979 deltok han på 400 meter hekk og kom i mål på tida 51,92.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]