Markus kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markus kyrkje
kyrkje
Fasaden mot Ullevålsveien

Foto: Helge Høifødt

Land  Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo domprosti
Sokn Sentrum St. Hanshaugen
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Arkitekt Sverre Knudsen
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 1. april 1927
Klokker 2, Olsen Nauen
Kyrkjegard Nei
Preikestol Teikna av arkitekten
Døypefont Teikna av arkitekten
Altartavle Enevold Thømt (Oppstoda)
Orgel J.H. Jørgensen, 1927 (rest. 1991)
Sitjeplassar 520
Kart
Markus kyrkje
59°55′26″N 10°44′21″E / 59.92386111°N 10.73924306°E / 59.92386111; 10.73924306
Wikimedia Commons: Markus kirke, Oslo

Markus kyrkje i Oslo vart innvigd i 1927. Kyrkja er ei treskipa langkyrkje med fasadar i slemma (pussa) teglstein, bygd på ein fjellknaus mellom Ullevålsveien og Schwensens gate i nærleiken av parken St. Hanshaugen. Mot Ullevålsveien inngår kyrkja i den ubrotne rekka med bustads- og forretningsbygningar langsetter gata, medan det mot Schwensens gate er eit ope areal framføre som gjev kyrkja eit meir frittliggjande og høgtideleg preg.

Houvdinngangen til kyrkja er frå Schwensens gate, der det er inngang til kyrkjerommet på plan med terrenget framføre kyrkja. Hovudinngangen, som er ramma inn av granittstein, er plassert i det åttekanta låge hovudtårnet i to høgder, med tårnhjelm og spir dekte med koparplater. Kyrkja har dessutan ein ekstra inngang rett inn frå fortauet langsetter Ullevålsveien i etasjen under kyrkjerommet, og innvendig trapp opp.

Gamalt fotografi som syner Markus kyrkje i husrekka langsetter Ullevålsveien. Spiret på hovudtårnet på kyrkja kan skimtast attom taket på huset til høgre for kyrkja.

Hovudfasaden på kyrkja er soleis orientert mot Schwensens gate, ikkje Ullevålsveien, sjølv om det er frå Ullevålsveien kyrkja markerar seg i bybiletet, og inngangen frå denne gata er framheva med steininnramming og innskrifter. Mot Ullevålsveien er det òg eit tårn med kyrkjeklokker og eit ur, og dette har likeeins tårnhjelm og spir dekt med koparplater.

I februar 2013 vedtok bispedømmerådet at fem sokn i Oslo sentrum og nordover skulle samlast, og at Markus kyrkje ikkje lengre skulle nyttast til vanlege gudstenester[1]. Markus kyrkje er såleis avvikla som kyrkje innanfor Den norske kyrkja, og siste gudstenesta vart halde 25. august 2013. Oslo kommune har deretter leigd ut bygningen til ein kyrkjelyd som ikkje høyrer inn under Den norske kyrkja.

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 232-2395. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 39-40. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 359. ISBN 978-82-573-1760-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]