Marmelade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heimelaga sitrusmarmelade frå England.

Marmelade er vanlegvis ein type syltetøy av frukt eller bær som inneheld så mykje sukker (eller sukker og eit gelémiddel som pektin, at det er stivt og geléaktig.[1] Ordet «marmelade» stammar frå portugisisk marmelada, 'kvede-marmelade', frå marmelo som tyder 'kvede'.[2] Til norsk har det kome via fransk.[1]

Det er vanleg å laga marmelade av safta og skalet til ulike sitrusfrukter, som appelsin, bergamott, grapefrukt, kumquat, lime, mandarin og sitron.

Same type matvare kan også lagast av innkokte grønsaker som lauk eller tomat, og blir då gjerne brukt som chutney.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Marmelade». Store norske leksikon. 20. februar 2018. 
  2. «marmalade, n. and adj.». OED Online. Oxford University Press. januar 2018. 
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.