Lime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg sopelime.
Limett


Citrus lime.png

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
Art: C. aurantifolia
Vitskapleg namn
Citrus aurantifolia

Lime [lajm] eller limett (Citrus aurantifolia) er ei rund sitrusfrukt med gulgrønt skal.

Ein oppskoren limett.

Planten[endre | endre wikiteksten]

Limett-treet kan bli opptil 5 meter høgt og får små kvite blomar som dei grøne limettfruktene utviklar seg frå. Fruktene har ein diameter på rundt 5 centimeter.

Bruk av limett[endre | endre wikiteksten]

Frukta inneheld mykje C-vitamin. Ho har ein skarp syrleg smak som gjer seg godt i dressingar og andre tilleggsrettar. Limett kan syltast, smaksetta alkoholdrikkar som tequila, øl, margarita, mojito og Cuba libre eller pressast til utvatna jus.

Limett blir òg brukt i parfyme, aromaterapiprodukt og hudpleieprodukt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]