Mars Global Surveyor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kunstarisk framstilling av Mars Global Surveyor i bane rundt Mars. Olympus Mons kan sjåast i bakgrunnen

Mars Global Surveyor (MGS) var ein amerikansk romsonde utvikla av NASA og Jet Propulsion Labratory. Han vart skoten opp 7. november 1996 og gjekk inn i bane kring Mars 12. september 1997. Han var den fyrste amerikanske sonden til Mars på 20 år. MGS fullførte den primære delen av oppdraget sitt i januar 2001 og var i sin tredje forlenga ferdfase då NASA miste kontakt med sonden i november 2006.

Den 2. november 2006 gav sonden ikkje lenger svar på meldingar og kommandoar. Eit svakt signal vart registret tre dagar seinare som indikerte at sonden hadde gått inn i tryggingsmodus. Alle forsøk på vidare kommunikasjon med Mars Global Surveyor slo feil. I januar 2007 vart MGS-prosjektet offisielt erklært avslutta av NASA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mars Global Surveyor