Martha Wiborg Fleischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martha Wiborg Fleischer
Fødd 7. juli 1860
Brevik
Død

18. januar 1957 (96 år)
Oslo

Yrke skribent, lærar, kjøkkensjef, genealog, restauratør, kokebokforfatter
Far Thomas Johannes Wiborg

Martha Mathea Wiborg Fleischer (7. juli 186018. januar 1957) var ein norsk kokk, slektsforskar, lærar og forfattar som gjorde seg mest merka med vegetariske oppskrifter.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Martha Wiborg Fleischer var dotter av kjøpmann, iseksportør, skipsreiar, trelasthandlar, ordførar og stortingsmann Thomas Johannes Wiborg d. e. (1812-1874) og den andre kona hans Karen Mathilde Quinsgård (1830-1867). Ho vart gift 23. juni 1886 i Strømsø kyrkje med politimeister Hans Holmboe Fleischer av slekta Fleischer.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

I 1878 tok Martha Wiborg Fleischer eksamen ved Nissens skole for voksne damer. I 1878-1881 var ho guvernante på Stein i Bærum, før ho i 1881-1886 var folkeskolelærar i Kristiania. Seinare var ho medarbeidar i fleire aviser og tidsskrift.

Ho var ein ivrig forkjempar for ein sunnare, meir vegetarisk livsstil, og heldt fleire foredrag i folkeakademia over emna Lever vi sundt? I 1914 gav ho ut den vegetariske kokeboka Middag utan kjøtt. Denne kom ut i anna opplag i 1928. I 1916 kjøpte ho Kristiania vegetarsalon (eller Kristiania Vegetar- & Thesalon), som ho sidan drev i ei årrekkje. Salongen hadde tilhald i Lille Grensen 5, og der fekk ein servert lunsj, middag og aftensmat.[2] Salongen var i åra 1920-1928 åstad for øvingane i Bondeungdomslaget sitt musikklag under leiing av Marius Moaritz Ulfrstad.[3]

Fleischer overtok Karen Sophie Høegh sine etterlatne genealogiske oppteikningar, og vidareutvikla desse til boka Slektene Wiborg, Brevik-Kragerø grenen, Schreiner, Esmark, Høegh, som kom ut i 1925.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1914: Middag uten kjøtt, J. W. Cappelens Forlag (2. opplag 1928)
  • 1925: Slektene Wiborg, Brevik-Kragerø grenen, Schreiner, Esmark, Høegh, på bakgrunn av Karen Sophie Høeghs etterlatte genealogiske opptegnelser

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 1957.01.19. Norge, Oslo. 1957. 
  2. Aftenposten 1917.01.04. Norge, Oslo. 1917. s. 8. 
  3. Bondeungdomslaget i Oslo : 30-årsskrift. [Laget]. 1929. s. 321.