Martin Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Jensen
Fødd 3. januar 1942
Død

12. februar 2016 (74 år)

Yrke idrettsutøvar

Martin Jensen (fødd 3. januar 1942) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Askøy som tevla i tresteghopp. Han vann fem norske meisterskap i øvinga i tida 1961-69, og var norsk rekordhaldar frå 1964 til 1972. Med sitt livs lengste tresteghopp på 16,27 m, oppnådd i 1965, vart han fyrste nordmann over 16 meter. Han vart etter tur medlem av Ask IL, TIF Viking, IL i BUL og IK Tjalve.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jensen fekk sitt gjennombrot i 1961-sesongen då han sette personleg rekord med 15,40 m under eit stemne i Tønsberg 6. august. Tolv dagar seinare vart han norsk meister med 15,35 m, eit resultat som gjorde at han vart tildelt kongepokalen for NM 1961. Sesongen 1962 forbetra han sitt personbeste med ein centimeter under ein landskamp i Rostock. Sommaren 1963 flytta han den personlege rekorden to gongar, fyrst til 15,60 m i Bergen i juli og deretter til 15,62 m i Oslo i september, det siste hoppet var ein cm bak noregsrekorden til Odd Bergh. I tida mellom dei to tevlingane tok han sølvmedaljen under Nordisk meisterskap i friidrett i Göteborg med eit hopp på 15,43 m.

Den 8. juli 1964 vann Jensen ei trestegtevling i Stockholm på ny norsk rekord, 15,73 m. Sommaren 1965 forbetra han den norske rekorden to gongar, begge gongane på Bislett stadion i Oslo. Den 21. juli landa han på 15,83, men den store stunda kom 5. august då han plussa på heile 44 cm slik at den nye norsk rekorden i tresteghopp lydde på 16,27 m. Det var norsk rekord til 1972, då Kristen Fløgstad hoppa 16,39 meter.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Gullmedalje i tresteghopp – 15,35 m og kongepokal, framom Odd Bergh (14,98 m)
  • 1963: Bronsemedalje i tresteghopp – 14,95 m
  • 1964: Gullmedalje i tresteghopp – 15,34 m, framom Odd Bergh (15,19 m)
  • 1965: Gullmedalje i tresteghopp – 15,56 m, framom Kjell A. Paulsen (15,53 m)
  • 1966: Gullmedalje i tresteghopp – 15,78 m, framom Odd Bergh (15,33 m)
  • 1967: Bronsemedalje i tresteghopp – 15,07 m
  • 1969: Gullmedalje i tresteghopp – 15,59 m, framom Kristen Fløgstad (15,59 m)
  • 1970: Sølvmedalje i tresteghopp – 15,33 m, bakom Kristen Fløgstad (15,55 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no