Martin Mølster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martin Mølster


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1900
Voss herad
Død

13. mars 1968 (67 år)
Voss herad

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1924

Martin Bjørneson Mølster (11. oktober 190013. mars 1968) var ein norsk friidrettsutøvar og lærar, fødd og død på Voss, som i ei tiårs tid på 1920-30-talet var den beste kulestøytaren i Noreg.

Mølster var son til ein smed og jarnbanearbeidar frå Voss. Sjølv gjekk han skule i Bergen og trena mangekamp i fleire år. OL-året 1924 vart han norsk meister både i femkamp og tikamp. I sjølve Sommar-OL i Paris enda han på 11. plass i femkampen. Også i 1926 vart han noregsmeister i femkamp.

Allereie i 1923 gjekk Mølster til topps NM-tevlinga i kulestøyt, øvinga som vart spesialgreina hans. Gjennom perioden 1923-33 tok han seks NM-gull og to -sølv i kuleøvinga. Han forbetra den norske kulerekorden fem gongar, frå 14,03 m i 1926 til sist til 14,83 meter på Møhlenpris i Bergen den 29. mai 1932. Same året presterte han 15,06 m under eit stemne i Tromsø, men kula viste seg ved kontrollveging å vere for lett.

Mølster var medlem i IL Bjart på Voss til 1924. Sesongane 1925 og 1926 representerte han IL i BUL i Oslo, frå 1927 var han medlem i Voss Idrottslag.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1923: Gullmedalje i kulestøyt – 24,55 m, framom Erling Waage (24,08 m)
  • 1924: Gull i både femkamp og tikamp
  • 1926: Gullmedalje i kulestøyt – 26,11 m, framom Halfdan Johnsen (25,70 m), og i femkamp
  • 1927: Gullmedalje i kulestøyt – 14,21 m, framom Johan Trandem (13,52 m)
  • 1928: Gullmedalje i kulestøyt – 13,99 m, framom Ivar Sandberg (13,75 m)
  • 1929: Gullmedalje i kulestøyt – 13,91 m, framom Henry Rosen (13,78 m)
  • 1931: Gullmedalje i kulestøyt – 14,20 m, framom Helge Sivertsen (14,01 m)
  • 1932: Sølvmedalje i kulestøyt – 14,37 m, bakom Helge Nilsen (14,39 m)
  • 1933: Sølvmedalje i kulestøyt – 14,53 m, bakom Helge Nilsen (14,69 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]