Helge Sivertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helge Sivertsen
Helge sivertsen ob f06471b.jpg
Fødd 12. juni 1913
Mandal
Død

21. desember 1986
Oslo

Helge Sivertsen på Commons

Helge Sivertsen (12. juni 191321. desember 1986) var ein norsk politikar, skulemann og idrettsmann.

Oppvekst og studie[endre | endre wikiteksten]

Sivertsen voks opp i Mandal fram til 1926, då familien flytte til Inderøy i Trøndelag. Han tok artium ved Orkdal landsgymnas, der han vart kjend med den seinare Milorg-leiaren Jens Christian Hauge. Under studietida var Sivertsen ein dyktig friidrettsutøvar. Han vart to gonger noregsmeister i diskos, og deltok i Sommar-OL 1936 i Berlin. Sivertsen gifte seg i 1940 med Merle Five.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Sivertsen deltok i Milorg sine aktivitetar under andre verdskrigen. Han heldt kontakten med Hauge, og kom slik inn i Arbeidarpartiet. I 1947 foreslo Hauge Sivertsen som statssekretær for Kyrkje- og undervisningsdepartementet og fekk gjennomslag for det. Sivertsen vart verande i stillinga heilt til 1956. Deretter arbeidde han ei tid som skuledirektør i Oslo og Akershus.

I 1960 vart Sivertsen utnemnt til Kyrkje- og undervisningsminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering. Sivertsen heldt fram i same stillinga i Einar Gerhardsen si fjerde regjering, og vart sitjande fram til 1965, berre avbroten av den fire veker lange regjeringa Lyng. Sivertsen skal ha mykje av æra for skipinga av ei rekkje kulturinstitusjonar i Noreg, Statens filmsentral (1948), Riksteatret (1949), Norsk bygdekino, Riksgalleriet, Norsk kulturfond, Norsk kulturråd og Norsk språkråd. Han var også med på å gjeninnføra samisk språk i offentlege skular i samisktalande område. Sivertsen var sjølv nynorskbrukar, og støtta samnorsktanken.

Etter statsrådtida[endre | endre wikiteksten]

Då arbeidarpartiet tapte valet i 1965, gjekk Sivertsen tilbake til stillinga som skuledirektør i Oslo og Akershus, og var skulesjef i Oslo til han pensjonerte seg. Frå 1969-77 var han medlem i sentralstyret i Arbeidarpartiet. Han var formann i komiteen av 1971 som undersøkte tilhøvet mellom kyrkje og stat. I 1975 konkluderte utvalet med ei tilråing om å skilja stat og kyrkje, samt likestilla alle trussamfunn i Noreg, men dette vann ikkje fram. Sivertsen var elles formann i styret for Rikskonsertane 1967–81, formann i utvalet for kulturavtalar og formann i utvalet for rustningskontroll og nedrusting 1974–81

I 1984 fekk Sivertsen Norsk kulturråds ærespris for innsatsen sin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Helge Sivertsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.