Martin Smeby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Martin Smeby
Martin Smeby.jpg
Fødd8. september 1891
Søndre Land
Død1. februar 1975
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Martin Smeby (8. september 18911. februar 1975) var ein norsk bygningsmann, papirarbeidar og politikar frå Søndre Land i Oppland. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet og Oppland frå 1934 til 1957.

Smeby var son til ein småbrukar og bygningsmann. Til liks med faren utdanna han seg til bygningsmann og arbeidde som snikkar fram til 1920. Då fekk han jobb ved Land Træsliperi og Pappfabrik, der han var papirarbeidar til 1945. Frå 1916 var han fagorganisert og i mange år formann i den lokale avdelinga av Norsk Papirindustriarbeiderforbund. Han var styremedlem i Oppland faglege samorganisasjon og 1932-37 medlem i representantskapet i Landsorganisasjonen.

Smeby var medlem i Søndre Land heradsstyre frå 1919. Han var varaordførar 1922-25, ordførar 1928-33, varaordførar på ny 1937-39, og ordførar 1940-41 og 1945.

Valbolken 1928-30 var Semby tredje vararepresentant til Stortinget frå Oppland. Ved stortingsvalet 1933 vart han vald inn på Tinget, og med fire attval vart han verande stortingsmann for Arbeidarpartiet heilt til 1957. På Stortinget var han medlem 1945-49 i Skog- og vassdragskomiteen og frå 1950 i Justiskomiteen til han forlet Tinget hausten 1957. Siste seks sesjonane var han også visepresident i Lagtinget.

I åra etter andre verdskrigen var Smeby medlem frå 1948 i Komiteen om lån til vanskeligstilte kommunar, styremedlem i Lånekassen for jordbrukere og medlem hovudstyret i Noregs vassdrags- og elektrisitetsvesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]