Søndre Land kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Søndre Land)
Gå til: navigering, søk
Søndre Land kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Adm.senter Hov
Areal 728 km²
 - land 660 km²
 - vatn 68 km²
Folketal 5 758 (1. januar 2016)
Folketettleik 9 / km²
Målform bokmål
Ordførar Terje Odden (Ap)
Kommunenummer 0536
NO 0536 Søndre Land.svg
Wikimedia Commons: Søndre Land
Nettstad: www.sondre.land.kommune.no

Søndre Land er ein kommune i Oppland fylke. Han grensar i nord til Nordre Land kommune, i nordaust til Gjøvik kommune, i aust til Vestre Toten kommune, i sør til Gran kommune, i sørvest til Ringerike kommune og i vest til Sør-Aurdal kommune. Kommunen høyrer til landskapet Land.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Søndre Land omfattar områda på aust- og vestsida av den nordre delen av Randsfjorden, som ligg 134 moh. Vest for fjorden stig landet raskt til 500 moh., og utgjer eit skogkledd åslandskap som berre heilt i nordvest når over 800 moh. På austsida av fjorden er det eit veldyrka bakkeland som sakte hever seg til 500–600 moh. på grensa mot Gjøvik og Vestre Toten. Bakkelandet i nord er smalare.

Det meste av busetnaden er samla langs austsida av fjorden, med tettstaden og administrasjonssenteret Hov. Lengst i nord er det også atskilleg busetnad i større høgde lenger frå fjorden, kalla Landåsbygda. Langs vestsida av fjorden er busetnaden meir sparsam. Folketalet var i ein viss vekst fram til 1945, og heldt seg relativt stabilt fram til rundt 1990. Deretter har det vist ein liten nedgang, i tiårsperioden 1996–2006.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Den austlege delen av kommunen har gode vegsamband; fylkesveg 34 går langs austsida av Randsfjorden fram til Svingvoll der vegen fører inn på fylkesveg 33 vidare nordvestover til Dokka og Fagernes. Fylkesveg 33 går austover til Gjøvik. Også langs vestsida av Randsfjorden går det veg (fylkesveg 245), og det aller meste av busetnaden her er samla langs denne vegen. Det går bru over Randsfjorden ved Fluberg. Bilferja Horn-Tangen er den einaste norske ferja på innsjø.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]