Martina Strutz
Martina Strutz | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 4. november 1981 (43 år) Schwerin |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Martina Strutz (fødd 4. november 1981) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Schwerin i Mecklenburg som tevla i stavhopping. Ho vann sølvmedaljen i øvinga både ved verdsmeisterskapen 2011 og europameisterskapen 2012.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Strutz tangerte sitt personbeste på 4,50 m og vart nummer fem då ho deltok i europameisterskapen 2006. Ho forbetra den personlege rekorden til 4,52 m i 2008, men den store framgangen kom i 2011-sesongen. Den 12. juli sette ho tysk rekord med 4,78 meter i eit stemne i Karlsruhe. Deretter vart ho tysk meister i Kassel med eit hopp på 4,65 m, framom Silke Spiegelburg. Under verdsmeisterskapen i Daegu den 30. august 2011 svinga Strutz seg over 4,80 m, dermed vann ho sølv og forbetra landsrekorden.
Ved europameisterskapen i Helsinki 30. juni 2012 sikra Strutz seg ein ny sølvmedalje i stavhopp ved å gå over 4,60 m i andre forsøk. Under dei olympiske leikane i London same året enda ho på femteplassen. I 2013 vann Strutz stavtevlinga i den tyske meisterskapen for andre gong og i 2016 for tredje gong.
Våren 2017 vart Strutz skulderskadd i ei trafikkulukke og kom ikkje tilbake på same nivå i 2018.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2006 i Göteborg: Nr 5 – 4,50 m
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 4,80 m, bakom Fabiana Murer (4,85 m)
- EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 4,60 m, bakom Jiřina Ptáčníková (4,60 m)
- OL 2012 i London: Nr 5 – 4,55 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 8 – 4,60 m
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 10 – 4,45 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 9 – 4,60 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Martina Strutz» frå Wikipedia på tysk, den 30. juni 2020.