Massawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Massawa er ein by i det nordlege Raudehavet ved kysten av Eritrea. Byen er den viktigaste hamna i Eritrea og ligg aust i landet. Med ein folkesetnad på cirka 95000 innbyggjarar er Massawa landet sitt tredje største by i areal og folkesetnad. Byen er hovudstaden i Den Nordlege Raudehavsregionen og distriktet. Massawa består av fastlandet og to øyar som er bunde saman med vegar.  Den første av dei to øyene vert kalla Taulud. På denne øya finn ein minnesmerket etter krigen, St. Mariams Katedral, togstasjonen, Dahlak Hotell og palasset til keisaren. Den andre øya vert kalla Batse. På denne øya ligg hamna og den gamle delen av byen. Denne delen av byen er sterkt påverka av arabisk kultur og utsjånad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk kart over Massawa

Massawa var opphavleg ein liten kystlandsby, i antikken i sameksistens med Kongeriket Aksum, og han vart dominert av den nærliggande hamnebyen Adulis, rundt 50 km i sør. Etter Aksums fall på 700-talet vart områdd rundt Massawa og sjølve byen okkupert av umajjadi-dynastiet i årane frå 702 til 750. Beja-folket styrde òg Massawa som ein del av kongedømmet sitt i området 740 til 1300-talet. Midri-Bahri var eit kongerike i Eritrea frå 1300-talet til 1800-talet og herska over Massawa. På denne tida vart Sheikh Hanafi-moskeen, Eritrea eldste moské, bygget på Massawa-øya, saman med fleire andre bygg i tidleg islamsk arkitektur både i og rundt Massawa, mellom dei Dahlakøyene og Zula-halvøya).

Under osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Eit døme på osmansk arkitektur i den gamle delen av byen

Massawa vart viktig då byen vart teke av Det osmanske rike i 1557. Tyrkarane gjorde han til hovudstaden i Habesh-provinsen. Under leiing av Özdemir Pasha gjorde osmanske troppar eit forsøk på å erobra resten av Eritrea. På grunn av den motstanden dei møtte, og dessutan at osmanarane trong å forsterka styrkane sine i Middelhavet og på grensa mot Persarriket, sette osmanarane byen og omland under kontroll av ein Bellou-aristokrat underlagt den osmanske guvernøren i Suakin i dagens Sudan. Osmanarane grunnla på denne tida den gamle bydelen i Massawa på Massawa-øya og gjorde han til ei viktig hamn ved Raudehavet. Byen vart bygd i typisk islamsk osmansk arkitektur med tørre korallar i vegger, tak og fundament, og dessutan importert trevirke for bjelkar, vindauge-skodder og balkongar. Denne busetnaden og den gamle bydelen i Massawa finst enno den dag idag, etter å ha motstått både jordskjelv og krig med luftangrep.

Under egyptisk styre[endre | endre wikiteksten]

Massawa på 1800-talet.

I løpet av 1800-talet vart Massawa, saman med store deler av den nordaust-afrikanske kysten av Raudehavet, styrt av Egypt med osmansk samtykke.

Etter Egypts nederlag ved slaget ved Gura opphøyrde den egyptiske kontrollen over hamna. Med britisk assistanse kom byen til slutt under italiensk kontroll, og vart ein del av den italienske kolonien Eritrea i 1885.

Under italiensk styre[endre | endre wikiteksten]

I 1921 vart det meste av byen og hamna i Massawa øydelagt av eit større jordskjelv, og hamnene var ikkje fullt reparert før i 1928. Dette hemma dei italienske planane for området, men italienarane bygde likevel ut Massawa til å verta den største og sikraste hamna på austkysten av Afrika, og den største djupvannshamna ved Raudehavet.

Under andre verdskrig var hamna ein viktig base for aksemaktene mot Rødehavet, fram til han fall under alliert kontroll som følgje av felttoget i Aust-Afrika.

Under etiopisk styre[endre | endre wikiteksten]

Frå 1952 til 1990, då Eritrea inngjekk ein føderasjon med Etiopia, vart Massawa hovedbasen for den no nedlagde etiopiske marinen. Då Etiopia oppløyste føderasjonen og okkuperte Eritrea, utløyste dette Den eritreiske sjølvstendekrigen. I februar 1990 erobra Frigjeringsfronten til det eritreiske folket Massawa i eit overraskingsangrep (operasjon Fenkil) frå både land og sjø. Dette førte til at frigjøringsfronten kutta logistikken til den etiopiske hæren i Asmara, som etter dette var avhengig av å få forsyningar luftvegen. Den dåverande etiopiske leiaren Mengistu Haile Mariam bomba då Massawa bomba frå lufta, noko som medførte betydeleg skadar på byen.

Eritreisk sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av Eritreas sjølvstende, mista Etiopia tilgjenget til havet og den etiopiske marinen vart demobilisert og til dels overteke av Eritrea.

Under Den eritreiske-etiopiske krigen var hamna ute av drift, særleg som følgje av at den eritreiske-etiopiske grensa vart stengt, noko som avskar Massawa frå dei tradisjonelle innlanda sitt. Eit stort kornfartøy frå USA med 15 000 tonn nødhjelp, som la til i hamna seint i 2001, var den første betydelege sendinga som vart ekspedert gjennom hamna etter utbrotet av krigen.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.