Mastodont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mastodont


Skjelett av Masthodon angustidens
Skjelett av Masthodon angustidens

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Proboscidea
Familie: Mammutidae

Hay, 1922

Slekt: Mammut

Mastodont (Mammut), er utdøydde dyr i ordenen elefantdyr (Proboscidea). I motsetnad til dei ekte mammutane (Mammuthus) som vert oppførde i familien Elephantidae, høyrer mastodontane som einaste slekt til familien Mammutidae.

Mastodontar oppstod for omkring 10 millionar år sidan, dei siste døydde ut etter den siste istida. I det minste somme var hårete liksom ullhåra nashorn og mammut. Dei skil seg frå mammutar og elefantar gjennom dei koniske tennene sine, tilpassa føde av lauv i staden for gras. Namnet mastodon (Gresk: μαστός "bryst" og οδών, "tann") syner til tannforma. Støyttennene kunne verte opp til fem meter. Mastodon var tidlegare namnet på den slekta mastodontane då vart rekna til.

Ein veit at mastodontar framleis levde i Nord-Amerika då menneska vandra inn; funn som syner at mastodontar vart jakta av menneske finst, men det er uklart om menneska si jakt på dei var grunnen til at mastodontane døydde ut. Nye funn tyder på at ein meteor slo ned for 12900 år sidan, om lag på den tida dyra forsvann og at den katastrofen gjorde slutt på mange artar pattedyr på den nordlege halvkula.

Ein skil mellom fem arter:

Grafisk rekonstruksjon av amerikansk mastodont (Mammut americanum)
Mammut(mastodont)
Mammut(mastodont)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!