King Crimson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
King Crimson
King Crimson - Dour Festival 2003 (01).jpg
King Crimson ved Dour-festivalen i 2003
Sjanger Progressiv rock, jazz-fusion, eksperimentell rock, hardrock, new wave[1][2][3]
Aktive år 1969–1974
1981–1984
1994–2009 (pause)
Tilknytte artistar ProjeKcts, Giles, Giles, and Fripp, UK, 21st Century Schizoid Band, McDonald and Giles, Porcupine Tree, HoBoLeMa, Jakszyk, Fripp and Collins
Plateselskap Island, Atlantic, E.G., Virgin, Warner Bros., Discipline, Caroline, Polydor
Nettstad www.dgmlive.com
Tidlegare medlemmer
Sjå King Crimson-medlemmar

King Crimson er ei britisk rockegruppe som vart danna i 1969. Dei vert rekna som ein av grunnleggjarane av progressiv rock,[4] og har trekt inn musikk og instrument frå mange sjangrar i løpet av karrieren sin (som jazz og folkemusikk, klassisk og eksperimentell musikk, psykedelisk rock, hard rock og heavy metal,[5] new wave, gamelan, electronica og drum and bass). Dei har påverka mange av dagens artistar og har mange tilhengjarar, trass i lite speletid på radio og fjernsyn.[6]

Pete Sinfield vart intervjua i musikkdokumentaren Prog Rock Britannia: An Observation in Three Suits og skildra Crimson slik: «...me hadde ein etos i Crimson...me rett og slett nekta å spele noko som høyrdest ut som ei Tin Pan Alley-plate. Om det høyrdest for populært ut, så var det ut. Då det måtte vere komplisert, det måtte vere ekspansive akkordar. Om det høyrdest for enkelt ut, så gjorde me det meir komplisert, me spelte det i 7/8 eller 5/8, berre for å tøffe oss.»[7]

Sjølv om bandet vart skipa i England, har King Crimson hatt ei blanding av engelske og amerikanske musikarar sidan 1981. Besetninga har stadig vorte endra og 18 musikarar og to tekstforfattarar har vore innom bandet. Den einaste musikaren som har vore med heile tida er gitarist Robert Fripp, medan trommeslagar Bill Bruford var medlem frå 1972 til 1997 og gitarist Adrian Belew har vore medlem sidan 1981.

«Alt du har høyrt om King Crimson er sant; det er ein absolutt skrekkinjagande stad.»
Bill Bruford[7]

Den første besetninga av bandet hadde stor innverknad, men var kortvarig og varte berre litt over eitt år. I 1970 og 1971 var King Crimson eit ustabilt band med mange endringar og skilnader mellom det dei spelte i studio og på konsertane sine med element av jazz, funk og klassisk kammermusikk. I 1972 hadde bandet fått ei meir stabil besetning og utvikla ein stil basert på improvisasjon, blanda med hardrock, klassisk musikk, frijazz og jazz-fusion før dei vart oppløyst i 1974. Dei vart gjenforeint med ny besetning i 1981 for tre år (denne gongen påverka av new wave- og gamelan-musikk) før dei vart oppløyst på ny for kring ti år. Etter den andre gjenforeininga i 1994, har King Crimson blanda stilen sin frå 1980- og 1970-åra med påverknader frå nyare musikksjangrar som industriell rock og grunge. Bandet har halde fram å blande forskjellige element inn i musikken sin på 2000-talet med drum and bass-aktige rytmelooopar og mykje bruk av MIDI og gitar i lag.

King Crimson har stadig hatt lengre pausar, starta av Robert Fripp, og den noverande statusen deira er ukjend. Sjølv om bandet ikkje er aktivt i dag, spelar dei forskjellige bandmedlemmane i lag i prosjektet kalla «ProjeKCts»[8]).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I august 1967 søkte brørne Michael Giles (trommer) og Peter Giles (bass) som hadde vore profesjonelle musikarar i forskjellige band sidan midten av tenåra i Dorset, etter ein syngande organist for det nye prosjektet deira.[9] Musikaren Robert Fripp – ein gitarist som ikkje song – som òg var frå Dorset, svara på annonsa og trioen danna bandet Giles, Giles and Fripp.

Basert på eit format med eksentriske popsongar og komplekse instrumentalar, spelte bandet inn fleire mislukka singlar og eitt album, The Cheerful Insanity of Giles, Giles and Fripp.[6] Bandet var nær suksess med fleire radioinnspelingar og framsyningar på fjernsyn, men dei klarte aldri å få hitten som var naudsynt for kommersielt gjennombrot. Albumet vart ikkje ein større suksess enn singlane og vart til og med kritisert av Keith Moon frå The Who i eit magasin.[6] Giles, Giles and Fripp prøvde å utvide lydbiletet sitt med å ta inn multi-instrumentalist Ian McDonald på klaverinstrument, røyrbladinstrument og treblåseinstrument. McDonald tok med seg den dåverande kjærasten sin, den tidlegare Fairport Convention-songaren Judy Dyble, som berre var i gruppa ei kort stund fram til forholdet hennar med McDonald tok slutt (ho dukka seinare opp att i Trader Horne).[6][10] McDonald tok òg med seg tekstforfattar, scenearbeidar og kunst-strateg Peter Sinfield, som han hadde skrive songar med. Partnarskapen deira starta då McDonald sa til Sinfield om bandet hans Creation i 1968, «Peter, eg må sei deg at bandet ditt er håplaust, men du skriv bra tekstar. Kva om me skriv nokre songar i lag?»[11] Ein av dei første songane McDonald og Sinfield skreiv i lag var «The Court of the Crimson King».

Fripp hadde i mellomtida sett bandet 1-2-3 (seinare kjend som Clouds) på Marquee. Dette bandet inspirerte seinare noko av Crimson sin hang for klassiske melodiar og jazz-aktig improvisasjon.[12] Fripp ønskte ikkje lenger å følgje den meir underlege popstilen til Peter Giles, og anbefalte venen Greg Lake, ein songar og gitarist, som nytt medlem i bandet, og foreslo at Lake anten skulle erstatte han sjølv eller Peter Giles.[10] Sjølv om Peter Giles sidan spottande skildra dette som eit av Fripp sine «søte politiske trekk»,[10] hadde han sjølv vorte desillusjonert av at Giles, Giles and Fripp ikkje slo gjennom, og trekte seg ut slik at Lake tok over som bassist i bandet, songar og frontmann. På dette stadiet hadde bandet vorte King Crimson.[6]

King Crimson, 1. besetning (1968–1969)[endre | endre wikiteksten]

Den første inkarnasjonen av King Crimson vart danna i London den 30. november 1968 og den første øvinga deira var den 13. januar 1969.[6][13] Bandet fekk namn av tekstforfattaren deira Peter Sinfield som eit synonym for Beelsebub, ein demonprins. I følgje Fripp er Beelzebub ei anglisert form av det arabiske uttrykket «B'il Sabab», som tyder «mann med eit mål» - sjølv om det bokstaveleg talt tyder «med eit føremål».[14] På dette stadiet var Ian McDonald hovudlåtskrivaren til King Crimson, men med store bidrag frå Lake og Fripp i tillegg, medan Sinfield ikkje berre skreiv alle tekstane, men han opererte og designa òg det banebrytande lysshowet under konsertane deira. McDonald foreslo at det nye bandet skulle kjøpe ein Mellotron (det første dømet på at bandet alltid involverte seg med musikkteknologi) og dei nytta dette instrumentet til å skape ein orkesteraktig rockestil, inspirert av The Moody Blues.[15]

King Crimson heldt den første konserten sin den 9. april 1969,[13] og gjorde eit gjennombrot då dei spelte på gratiskonserten i Hyde Park i London, som The Rolling Stones fekk i stand i juli 1969 føre 650 000 menneske.[6]

In the Court of the Crimson King[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet til bandet, In the Court of the Crimson King, kom ut i oktober 1969 på Island Records. Fripp har seinare skildra albumet som «ein umiddelbar kjempesuksess» og «New Yorks syrealbum i 1970» (trass i at Fripp og Giles hevda at bandet aldri nytta psykedeliske dop).[13] Albumet fekk ros i media av Pete Townshend, gitaristen i The Who, som kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk».[16] Stilen på In the Court of the Crimson King (særskild songen «21st Century Schizoid Man») har òg vorte skildra som ein føregjengar for alternativ rock og grunge, medan dei rolegare songane er sagt å ha ei «overjordisk» og «nesten heilag» kjensle.[17] I motsetnad til den bluesbaserte hardrocken i dei britiske og amerikanske musikkmiljøa på denne tida, presenterte King Crimson ei meir europeisk tilnærming som blanda det gamle og det moderne. Musikken til bandet var påverka av inspirasjonskjeldene til alle dei fem medlemmane. Desse elementa omfatta klassisk musikk frå romantikken og modernismen, psykedelisk rock med Jimi Hendrix i spissen, folk, jazz, militærmusikk (delvis inspirert av McDonald sin periode som musikar i hæren), ambient improvisasjon, Victoriana og britisk pop.

Etter å ha spelt konsertar i England drog bandet på ein turné i USA, og delte scene med mange populære musikarar og grupper på den tida. Den første konserten deira i USA vart framført på Goddard College i Plainfield i Vermont. Medan den originale stilen deira forbløffa publikum og kritikarar,[6] hadde det alt utvikla seg kreative spaningar i bandet. Michael Giles og Ian McDonald, som framleis strevde med å takle den raske suksessen til King Crimson og realitetane i turnélivet, vart urolege for retninga til bandet. Sjølv om han verken var den dominerande låtskrivaren eller frontmannen i bandet, var Fripp i høgaste grad drivkrafta bak bandet og talsmannen deira, og leia King Crimson inn i eit stadig mørkare og meir intenst musikalsk område. McDonald og Giles, som føretrekte den lettare og meir romantiske stilen i musikken, vart stadig meir ukomfortabel med stillinga si og trekte seg frå bandet under turneen deira i California. For å redde det han såg som dei viktigaste elementa i King Crimson, foreslo Fripp at han sjølv kunne slutte, men McDonald og Giles meinte at bandet var «meir han enn dei» og at det derfor var dei som burde dra.[10]

Den originale besetninga heldt den siste konserten sin i lag i San Francisco på Fillmore West den 16. desember 1969.[13] Ian McDonald og Michael Giles forlet formelt King Crimson for å starta solokarrierer, og spelte inn albumet McDonald and Giles i 1970 før dei gjekk kvar til sitt. McDonald vart seinare eit av medlemmane som starta bandet Foreigner medan Giles vart studiotrommeslagar. Konsertopptak med den originale besetninga av King Crimson vart i 1996 gjeven ut som det doble konsertalbumet Epitaph.

Frå byrjinga av 1970 til midten av 1971 var det mange utskiftingar i King Crimson, med mange turnéplanar som gjekk i vasken og vanskar med å finne ei tilfredsstillande musikalsk re tning. Denne perioden vart sidan kalla «interregnum» - eit kallenamn som indikerer at bandet ikkje var skikkeleg på plass i denne perioden.[10]) Greg Lake var det neste medlemmet som forlet bandet, og drog tidleg i 1970 etter å ha møtt Keith Emerson. I lag danna dei det som vart Emerson, Lake & Palmer. Dermed var Fripp den einaste gjenverande musikaren igjen i bandet og byrja å spele både klaverinstrument og gitar. For å kompensere tok Sinfield ei meir kreativ rolle og byrja å utvikle ei interesse for synthesizerar for dei komande albuma.

In the Wake of Poseidon[endre | endre wikiteksten]

Det andre albumet til bandet, In the Wake of Poseidon, vart spelt inn med ei blanding av gjenverande medlemmar (Fripp og Sinfield) og dei tidlegare bandkameratane deira. Michael Giles kom attende for å spele trommer i studio, i lag med broren Peter Giles på bass. På eit stadium vurderte bandet å leige inn den då ukjende Elton John for å synge på albumet, men valte å la vere.[18] Istaden (og i byte mot PA-utstyret til King Crimson som betaling[10]), gjekk Lake med på å synge på In the Wake of Poseidon, og song på alle songane på albumet utanom «Cadence And Cascade», som vart sungen av den gamle skulekameraten til Fripp, Gordon Haskell. Mel Collins (tidlegare i bandet Circus) medverka med saksofon og fløyte. Ein annan viktig musikar på albumet var jazzpianisten Keith Tippett, som vart ein viktig del av lydbiletet til King Crimson på dei neste albuma. Sjølv om Fripp tilbaud han fullt medlemskap i bandet, føretrekte Tippett å berre spele i studio og spelte berre ein konsert i lag med bandet.[10] In the Wake of Poseidon vart teken forholdsvis godt imot då det kom ut, men vart kritisert for å vere for likt debutalbumet og vart til og med skulda for å vere ei etterlikining.[6]

Lizard[endre | endre wikiteksten]

Med In the Wake of Poseidon ute hadde Fripp og Sinfield nok materiale og utgjevingar å marknadsføre, men ikkje noko band til å framføre songane. Fripp overtalte Gordon Haskell til å bli med i bandet på permanent basis som songar og bassist og han tok òg inn tidlegare Shy Limbs/Manfred Mann-trommis Andy McCulloch (ein annan musikar frå Dorset som hadde flytta til Vest-London). Mel Collins vart òg fulltidsmedlem av bandet.[10] Både Haskell og McCulloch kom inn i King Crimson tidsnok til å delta på innspelinga av det tredje albumet deira, Lizard,[6] men hadde ikkje noko å seie i den kreative prosessen. Fripp og Sinfield, som no i røynda var likeverdige kunstnariske partnarar, hadde skrive heile albumet på eigahand samt teke inn ei gruppe jazzmusikarar for å spele inn albumet - Keith Tippett, kornettist Marc Charig, trombonist Nick Evans og oboist Robin Miller. Jon Anderson frå Yes song på ein song («Prince Rupert Awakes»)[6] som Fripp og Sinfield rekna for å vere utanfor rekkevidda og stilen til Haskell.[10] Lizard er i langt større grad påverka av avant-garde jazz og klassisk kammermusikk enn tidlegare album, samt eksperimenta til Sinfield med prosessering og lydforvrenging gjennom VCS3-synthesizer. Albumet inneheld òg dei mest komplekse tekstane Sinfield hadde skrive til då, inkludert ein koda song om oppløysinga av The Beatles, som tar opp nesten heile den andre sida.

Lizard har sidan vorte skildra som «eit album ein må venne seg til»:[6] det fall definitivt ikkje i smak hos dei meir rhythm-and-blues-orienterte Haskell og McCulloch, som ikkje likte innspelinga og raskt vart desillusjonert. Haskell skjønte òg at han kom til å spele songar han ikkje hadde noko sympati for, og at han ikkje kom til å ha noko kreativ innverknad i King Crimson i næraste framtid. Like før utgjevinga av Lizard slutta Haskell i bandet med mykje bitterheit etter å ha nekta å synge gjennom forvrening og elektroniske effektar på konsertane deira. McCulloch slutta like etter,[6][10] og vart seinare med i Arthur Brown sitt band før han vart trommeslagar for Greenslade i 1972. Fripp og Sinfield vart tvungen til å søke etter nye medlemmar igjen.

King Crimson, 2. besetning (1971–1972)[endre | endre wikiteksten]

Den neste King Crimson-besetninga var med Fripp, Sinfield, Collins og trommeslagar Ian Wallace (tidlegare bandkollega med Jon Anderson). Bryan Ferry og bandmanager John Gaydon var nokre av dei som prøvesong som songar i bandet, men bandet tok inn Raymond «Boz» Burrell,[6] som tidlegare hadde arbeidd med sitt eige band, Boz People og på eit tidspunkt hadde vorte tippa som erstattar for Roger Daltrey i The Who. Fripp tok kontakt med bassist John Wetton (tidlegare Mogul Thrash) halvvegs i 1971 for å fulle opp besetninga, men Wetton avslo for å spele med Family. Wetton heldt derimot kontakt med Fripp.[19] Rick Kemp vart til slutt valt ut som ny bassist, men avslo å bli med i siste minutt.[6][10] Nok ein gong hadde ikkje Fripp mange val, og Fripp og Wallace lærte Boz å spele bass i staden for å starte og leite heilt på nytt att. Sjølv om Boz ikkje hadde spelt bass før, hadde han spelt nok rytmegitar til at han lærte instrumentet forholdsvis lett.[6][10]

I 1971 drog King Crimson på den første turneen sin sidan 1969 med ny besetning. Konsertane fekk god kritikk, men Fripp, som ikkje rørte narkotika, byrja å mislike den roots-baserte musikalske tilbøyelegheita og rockelivsstilen til Burrell, Collins og Wallace. Han trekte seg sosialt bort frå bandkollegaene sine, og skapte gnissingar som spreidde seg til resten av bandet. King Crimson gjorde ferdig turneen framleis intakt.[10]

Islands[endre | endre wikiteksten]

Seinare på året spelte King Crimson inn og gav ut det nye albumet Islands. Innspelinga hadde det varmaste lydbiletet bandet hadde spelt inn så langt, og var påverka av orkestersamarbeidet til Miles Davis med Gil Evans. Tematisk var albumet laust knytt til Odysseen av Homer. Albumet viste teikn på stilmessige skilnader mellom Sinfield (som føretrekte ein mjukare og meir rik jazz-folk-tilnærming) og Fripp (som trekte meir mot ein hardare instrumentalstil som på instrumentalen «Sailor’s Tale» med dramatisk bruk av Mellotron og banjo-inspirert gitarteknikk). Islands inneheldt òg det einaste eksperimentet til bandet med strykeorkester («Preludium: Song of the Gulls») og den grove rhythm-and-blues-inspirerte «Ladies of the Road» – som klart var den songen som låg nærast konsertstilen til bandet, og truleg den einaste songen som heile bandet likte. Eit hint om problema som skulle kome var då eit medlem av bandet (ukjend kven) visstnok skildra dei meir rolege delane av Islands som «airy-fairy shit».[10]

Etter den neste turneen vart Sinfield sparka frå bandet av Fripp[6] og hevda det kom av musikalske skilnader og at han ikkje lenger hadde tru på Sinfield sine idear.[10] Sinfield gav ut soloalbumet Still i lag med alle dei dåverande og tidlegare medlemmane av King Crimson, utanom Fripp, og slo seg så saman att med Greg Lake og vart hovudtekstforfattaren til Emerson, Lake & Palmer:[20] mange år seinare fekk han stor suksess som låtskrivar for Bucks Fizz. Det gjenverande bandet vart oppløyst etter mykje bitterheit under øvingane kort tid etter, fordi Fripp nekta å ta dei andre medlemmane sine songar med i repertoaret til bandet. Han kalla seinare dette «kvalitetskontroll» og eit forsøk på å sikre at King Crimson spelte denne «rette musikken».[10]

Bandet vart overtydd til å kome saman att for å fullføre turneen sin i 1972, med planar om å løyse opp bandet etterpå.[6] Innspelingar frå denne turneen vart sidan gjeven ut som konsertalbumet Earthbound,[6] som vart kritisert for lydkvaliteten og at bandet stundom dreiv mot funk, med scatsynging over improviserte stykke.[21][22] Dette var opplagt teikn på den musikalske skilnaden mellom Fripp og dei tre andre medlemmane. Dei andre medlemmane prøvde å styre bandet attende mot ein meir rhythm-and-blues-aktig stil for å gå mot Fripp.[10] Trass i desse problema betra forholdet i bandet seg gradvis under turneen og Collins, Burrell og Wallace ønskte etter kvart å halde fram med bandet. Fripp hadde derimot alt valt å bygge King Crimson på nytt med ei ny musikalsk retning han følte ikkje passa det noverande bandet, og var alt i gang med å rekruttere nye medlemmar.[10]

Islands-besetninga av King Crimson har lenge vore i skuggen til den føregåande og seinare besetningar av King Crimson, men har etter fleire utgjevingar av konsertopptak i 2000-åra fått langt betre omtale. Fripp fiksa seinare forholdet sitt til Wallace og Collins, men vart aldri vener att med Burrell.

King Crimson, 3. besetning (1972–1974)[endre | endre wikiteksten]

Den tredje større besetninga av King Crimson var radikalt annleis frå dei førre besetningane, og var den første utan saksofon eller andre blåseinstrument og den første som nytta aktiv improvisasjon som eit viktig musikalsk element. Den første Fripp rekrutterte var fri improvisasjon-perkusjonisten Jamie Muir,[6] som tidlegare hadde arbeidd med Sunship og Derek Bailey.[10] Dette var første gongen King Crimson nytta to trommeslagarar, og han spelte i lag med tidlegare Yes-trommis Bill Bruford,[6] som hadde valt å forlate det suksessrike Yes på høgda av den tidlege karrieren deira til fordel for det ustabile og uføreseielege King Crimson.[23] Fripp fekk òg omsider med seg John Wetton som songar og bassist i King Crimson, og henta han rett ut av Family. Besetninga vart komplett med David Cross, ein relativt ukjend fiolinist (som òg spelte klaverinstrument) som Fripp hadde møtt gjennom arbeidet sitt på musikkakademi.[6] Med Sinfield ute tok bandet inn ein ny tekstforfattar, venen til Wetton Richard Palmer-James (tidlegare gitarist for Supertramp).[6] I motsetnad til Sinfield spelte ikkje Palmer-James noko rolle i den kunstnariske, visuelle eller lydmessige retninga. Han medverka berre med tekstar, og dei fleste vart sendt med post til Wetton frå heimen hans i Hamburg.

Larks' Tongues In Aspic[endre | endre wikiteksten]

Øvingar og turné starta seint i 1972, og hangen bandet hadde for improvisasjon (og den ville utsjånaden til Jamie Muir på scene) gjorde at dei umiddelbart fekk positiv presseomtale. Eit nytt album, Larks' Tongues in Aspic, kom ut tidleg året etter.[6][24] Dette var det første King Crimson-albumet som synte den dominerande visjonen til Fripp som komponist, utan låtskrivinga og arrangementa til Ian McDonald som mal eller påverknaden frå tekstane og referansane til Sinfield, og slik sett var dette det første King Crimson-albumet som kom ut av skuggen til debutalbumet.

Den nye stilen til bandet kunne ein høyre på tittelsporet, som var i to delar. Dette var ei stor endring frå det King Crimson hadde gjort tidlegare,[6] og var påverka av så forskjellige inspirasjonskjelder som Bartók, det frie musikkmiljøet, Vaughan Williams og den tidlege heavy metal-stilen,[25]og bestod av ein dynamikk som varierte frå det kviskrande til det skrikande og som var ekstrem sjølv samanlikna med det bandet tidlegare hadde gjort. Det var enkelte vink til tidlegare tider med bruk av Mellotron, samt at dei framleis spelte inn majestetiske balladar, men bandet bestod no av eit lite ensemble som fokuserte på instrumental musikk. Særleg gjekk tilnærminga Muir hadde til perkusjon og «tilfeldige» instrument gjennom på plata, der han nytta alt frå handsama trommer til sykkelhorn, leiketøy, brummer, gongar slått med kjettingar, foley-aktige lydeffektar og ein latterboks.

Etter fleire konsertar vart gruppa ein kvartett tidleg i 1973 då Muir brått forsvann. Dette trudde ein først kom av ein skade han fekk på scenen då ein gong landa på foten hans under ein konsert på Marquee.[26] 27 år seinare kom det fram at Muir hadde gått gjennom ei andeleg krise og trekte seg ut av bandet, som sjølv ikkje fekk vite sanninga om kvifor han slutta av managementet sitt.[10] Bruford tok på seg perkusjonsarbeidet til Muir for å gje substans til lydbiletet til bandet.

Starless and Bible Black[endre | endre wikiteksten]

Robert Fripp med King Crimson i 1974

Under den langvarige turneen som følgde samla dei gjenverande medlemmane material for det neste albumet, Starless and Bible Black. Dette kom ut i januar 1974,[6][27] og gav dei positiv omtale i Rolling Stone.[28] Albumet bygde på det dei oppnådde med føregjengaren, og balanserte improvisert materiale med slingrande heavy metal-riff og songar som minna både om eksperimenta til the BeatlesWhite Album og aspekt av elektrisk jazz-fusion som Mahavishnu Orchestra og Miles Davis spelte.

To tredjedelar av albumet var instrumentalt, inkludert Fripp sin «Fracture» og dei atonale lydkulissene på tittelsporet. For innspelinga av «Trio» - ein roleg og vemodig improvisert melodi med Wetton på bass, Cross på fiolin og Fripp på mellotronfløyte - medverka Bruford med «beundringsverdig sjølvbehersking» ved å sitje med trommestikkene på kryss over brystet sitt gjennom heile stykket då han forstod at stykket ikkje trengde trommer, og slik vart han derfor rekna som medlåtskrivar av stykket på lik linje med resten av bandet. Sjølv om det meste av Starless and Bible Black hadde vorte spelt inn på konsertar,[25] vart det omhyggeleg redigert som eit vanleg studioalbum.[29] Ein større dokumentasjon av konsertarbeidet til kvartetten kom ut 18 år seinare i 1992 med den fire disk store boksen The Great Deceiver, og igjen i 1997 med det doble konsertalbumet The Night Watch, som bestod av dei originale lydbanda som vart nytta på Starless And Bible Black.

På denne tida vart bandet igjen delt inn i forskjellige grupper. Musikalsk fann Fripp seg mellom Bruford og Wetton, som spelte med ei så stor kraft og aukande volum at Fripp ein gong samanlikna dei med «ein flygande murvegg»,[10] og Cross som med akustisk fiolin på forsterkar i aukande grad drukna i lyden frå rytmeseksjonen, slik at han vart tvungen til å konsentrere seg meir på klaverinstrument. Cross vart stadig meir frustrert og trekte seg attende både musikalsk og personleg, og vart til slutt kasta ut av gruppa før turneen til bandet i 1974 i Europa og Amerika.[10] Han spelte den siste konserten sin i Central Park i New York.[6]

Red[endre | endre wikiteksten]

Den gjenverande trioen kom saman og spelte inn eit nytt album, som fekk namnet Red.[6] Det dei to andre ikkje visste var at Fripp hadde vorte stadig meir desillusjonert med musikkindustrien og hadde byrja å syne interesse for skriftene til den mystiske George Gurdjieff,[29] og hadde ei andeleg krise/oppvakning like før bandet gjekk i studio. Han skildra seinare denne opplevinga som om «toppen av hovudet mitt vart sprengt bort»[10] Sjølv om det meste av materialet for albumet alt var ferdig, trekte Fripp inn i seg sjølv i studio og «ønskte å ikkje ha meiningar», slik at Bruford og Wetton måtte leie innspelingane.

Trass i dette vart Red eit av dei sterkaste og mest konsistente King Crimson-albuma til no. Det har vorte skildra som «ein imponerande bragd» av eit band som var på randen av oppløysing,[30] med «intens dynamisk» musikalsk kjemi mellom bandmedlemmane. Albumet opnar med med ein hard instrumental som har gjeve namn til albumet. Albumet inneheld òg nokre relativt korte og slagkraftige Wetton-leia songar, og eit siste blikk attende til perioden med David Cross med konsertimprovisasjonen «Providence», som vart spelt inn under den føregåande turneen. Det siste stykket på albumet er den majestetiske 12 minuttar lange «Starless», som på sett og vis var ei konsentrert utgåve av den musikalsk historia til bandet med ei reise frå Mellotron-driven ballade via intens improvisasjon til eit særs strukturert metallisk åtak og så attende att. På Red spelar òg fleire tidlegare medlemmar og samarbeidspartnarar. I tillegg til Cross på «Providence», speler Robin Miller og Marc Charig obo og kornett for første gong sidan Islands, og både Mel Collins og Ian McDonald spelar saksofon på «Starless».

Med eit av dei sterkaste albuma deira så langt, såg framtida til King Crimson lys ut, og det var snakk om å ta Ian McDonald inn att i bandet. Fripp ønskte derimot ikkje å turnere fordi han følte «enden på verda var nær».[29] Han var uansett mismodig med både arbeidstilhøvet i bandet og av aktivitetane som følgde eit profilert rockeband. To månader før Red kom ut, annonserte Fripp at King Crimson «ikkje eksisterte lenger» og var «fullstendig over for alltid»,[16][31] Gruppa vart formelt oppløyst den 25. september 1974.[6] Mykje seinare viste det seg at Fripp hadde prøvd å overtale managerane sine om at King Crimson kunne halde fram utan Fripp (med Wetton, Bruford og McDonald) men dette vart avslått.[10]

USA[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbumet USA, som dokumenterte den siste turneen til denne versjonen av King Crimson i USA, kom ut i 1975 og fekk god kritikk,[21] og kritikarane kalla det «eit must» for tilhengjarar av bandet og «galskap du helst bør skaffe deg».[32][33] På grunn av tekniske årsaker kunne ein ikkje høyre fiolinen til David Cross på nokre av dei originale lydbanda då dei miksa albumet i 1974, så Eddie Jobson frå Roxy Music vart henta inn for å spele inn fiolin og klaverinstrument i studio for albumet. Dei måtte òg kutte ned nokre av stykka for å få plass på ei enkel vinylplate.[34] Albumet vart gjeven ut på ny med to ekstra spor, «Fracture» og «Starless», i 2005.

King Crimson, 4. besetning (1981–1984)[endre | endre wikiteksten]

Discipline[endre | endre wikiteksten]

Seinare versjonar av Discipline nytta dette knute-designet av Steve Ball.

I 1981 valte Fripp å legge ned The League of Gentlemen til fordel for eit prosjekt som kunstnarisk og kommersielt var meir ambisiøst. Han hadde då ingen planar om å starte opp att King Crimson.[29] Det første steget han tok var derimot å kontakte Bill Bruford og spurte om han hadde lyst å starte eit nytt band, noko Bruford gjekk med på.[29] Fripp tok så kontakt med gitarist og songar Adrian Belew (tidlegare gitarist for David Bowie og Frank Zappa), som han hadde møtt då bandet til Bewlew, Gaga, hadde varma opp for The League of Gentlemen. Belew samarbeidde på denne tida mykje med Talking Heads på både plate og turné.[35] Fripp hadde aldri spelt i band i lag med ein annan gitarist før, bortsett frå ein periode i turnébandet til Peter Gabriel i 1977, så avgjersla om å søke etter ein andre gitarist indikerte at Fripp søkte etter ein stil ulik det han tidlegare hadde gjort.[29] Belew (som gjekk med på å bli med i det nye bandet etter å ha fullført ein turné med Talking Heads) skreiv òg tekstane til bandet.

Fripp valte å ikkje ta inn kollegaen til Bruford, Jeff Berlin, på bass (fordi spelestilen hans var «for stressande»[10]), og Fripp og Bruford brukte lang tid på å leite og ta inn folk på prøvespel i New York. Den tredje dagen drog Fripp frå prøvespelingane etter å ha høyrt om tre musikarar og kom attende nokre timar seinare i lag med Tony Levin, som fekk jobben etter å ha spelt eit enkelt refreng av «Red».[36] Fripp innrømde seinare at han alt kjende til at Levin var tilgjengeleg og interessert, og at han hadde han som førsteval sjølv utan prøvespeling. I tillegg til at Levin spelte bass, introduserte han bandet for Chapman Stick, eit 10-strengs polyfonisk instrument ein trommar med fingrane på i gitarfamilien med både bass- og diskantregister og som Levin spelte på med ein «fullstendig original stil».[37]

Fripp kalla den nye kvartetten Discipline, og bandet reiste til England for å øve og skrive songar. Dei heldt den første konserten sin i Moles Club i Bath den 30. april 1981 og drog på turné i Storbritannia,[38] med The Lounge Lizards som oppvarmingsband.[39] I oktober 1981 hadde dei fire medlemmane i Discipline saman valt å kaste det originale namnet og i staden nytte namnet King Crimson.[6]

Den nye versjonen av King Crimson hadde noko likskap med New Wave,[40] som ein delvis trur kjem av at både Belew og Fripp hadde arbeidd med Talking Heads og David Bowie, Levin med Peter Gabriel, og Fripp med Exposure og The League of Gentlemen. Teknikken til dette nye bandet vart av J. D. Considine i The New Rolling Stone Album Guide skildra som «hakesleppande» med «innvikla rytmar».[41] Fripp meinte å skape ein «rock gamelan»-stil der rytmane til dei to gitarane passa inn i kvarandre på liknande vis som ein finn i indonesiske gamelan-orkester.[29] Fripp konsentrerte seg om å spele kompliserte arpeggioar medan Belew nytta eit arsenal av gitarlydar (inkludert dyre- og insektlydar, baklengslydar, industrielle lydteppe og avsindige gitarskrik) ved hjelp av elektroniske effektar og uortodoks gitarspeling. Levin tilførte basslinjene sine element av moderne urbane stilar, medan Bruford etter befaling frå Fripp eksperimenterte med eit trommesett utan cymbalar. Som med dei tidlegare inkarnasjonane av bandet, nytta denne King Crimson-besetninga den nyaste teknologien som igjen påverka musikken deira. Dei nytta Roland gitarsynthesiser, Chapman Stick og Simmons elektronisk trommesett. Sjølv om Mellotron ikkje lenger var i bruk, gav den rike og forvrengde gitaren til Fripp ei bru attende til fortida. Bandet spelte animerte versjonar av «Red» og «Larks’ Tongues in Aspic, Part 2» under Discipline-turneen.

Det første albumet med den nye besetninga var Discipline i 1981, som umiddelbart synte den nye stilen deira og som framleis vert rekna som eit av dei beste albuma til bandet. Songane var korte etter King Crimson sin standard med Belew si kjensle for popmelodiar og rare tekstar, som stod i kontrast til den storslagne stilen på tidlegare album. Musikken hadde element av postpunk, funk, go-go og afrikanske polyrytmar. Sjølv om improvisasjonane bandet tidlegare nytta seg så mykje av no nesten var borte, kom ein av dei to instrumentalane på albumet («The Sheltering Sky») spontant fram på ei øving.

Beat[endre | endre wikiteksten]

Discipline vart etterfølgd i 1982 av Beat, som både var det første King Crimson-albumet som vart spelt inn med den same besetninga som på det førre albumet[42] og det første som ikkje vart produsert av eit bandmedlem.[42] Albumet var laus basert på eit tema kring beat-generasjonen og skriveria deira,[43] som ein kan sjå i songtitlar som «Neal and Jack and Me» (inspirert av Neal Cassady og Jack Kerouac), «The Howler» (inspirert av Allan Ginsberg sitt «Howl») og «Sartori in Tangier» (inspirert av Paul Bowles). Fripp hadde bede Belew om å lese Kerouac-romanen On the Road[18] for inspirasjon, og albumet var fylt med tema om reiser, desorientering og einsemd. Sjølv om albumet hadde meir popaktige songar enn på Discipline (med balladane «Heartbeat» og «Two Hands», sistnemnde med tekst av kona til Belew, Margaret), finn ein òg den hardare, atonale og heilt improviserte «Requiem», som minna meir om King Crimson kring Starless And Bible Black.

Innspelinga av Beat var slitsam og Belew var stressa over rolla som frontmann, songar og låtskrivar. Ved eit høve krangla han med Fripp og bad han forlate studioet. Fripp kommenterte dette sidan på sarkastisk vis: «So much for my being the leader of King Crimson».[10][36] Bandet løyste derimot raskt konflikten og la ut på ny turné, etterfølgd av ein pause der Belew spelte inn eit soloalbum.

Three of a Perfect Pair[endre | endre wikiteksten]

Bandet kom saman att for å spele inn Three of a Perfect Pair i 1984, men bandet fann det vanskeleg å skrive songar og denne gongen var det vanskeleg å glatte over skilnadane mellom dei musikalske ideane til dei fire medlemmane. Dei valte til slutt eit «tosidig» album der den eine sida bestod av dei meir popaktige songane og ein melodisk instrumental, medan den andre sida bestod av eksperimentell musikk som varierte frå atonale improvisasjonar ala det dei gjorde i 1970-åra til ein tredje tett strukturert del av «Larks' Tongues in Aspic».

Den siste konserten på Three Of A Perfect Pair-turneen, som òg var den siste konserten bandet spelte i 1980-åra, vart spelt inn i Spectrum club i Montreal og sidan gjeven ut i 1998 som konsertalbumet Absent Lovers: Live in Montreal. Like etter denne konserten oppløyste Fripp bandet for andre gong etter å ha vore misnøgd med arbeidsmetodane deira. Bruford og Belew uttrykte frustrasjon over dette og Bruford fortalte at han først fekk vite om dette då han las om det i magasinet Musician. Trass i dette vart musikarane verande vener. Belew sa seinare at bandet hadde teke ein pause som til slutt kom til å vare i ti år.

King Crimson, 5. besetning (1994–1997)[endre | endre wikiteksten]

På eit stadium tidleg i 1990-åra vitja Adrian Belew Fripp i England og uttrykte eit sterkt ønske om å samle King Crimson att. Etter turneen hans med David Sylvian var over, byrja Fripp å samle saman ein ny versjon av bandet, og tok med seg Belew og Levin frå besetninga i 1980-åra, samt Trey Gunn på Chapman Stick og Jerry Marotta på trommer. På eit tidleg planleggingsstadium vart Marotta erstatta av Pat Mastelotto. I tillegg vart Bill Bruford henta inn som trommeslagar nummer to. Fripp forklarte den uvanlege samansetnaden med at han hadde ein visjon om ein «dobbel trio» (to gitaristar, to bassistar, to trommisar) for å utforske ein annleis type King Crimson-musikk. Bruford på si side hevdar at han hadde sjølv snakka seg inn i bandet, fordi han meinte han høyrte til bandet, og at Fripp sidan hadde kome opp med den filosofiske forklaringa. I tillegg var eit av vilkåra til Fripp at Bruford måtte la Fripp få all kreativ kontroll i bandet.[36]

Vroooom og B'Boom[endre | endre wikiteksten]

Den «doble trioen» kom saman for øving i Woodstock i 1994 og gav ut EPen Vrooom same året. Dette synte ein ny stil for King Crimson med element av dei samansette gitarane frå Discipline og tungrockkjensla frå Red,[44], samt større bruk av ambient elektronisk lyd og idear frå industriell musikk. Som kontrast synte mange av dei faktiske songane - som hovudsakleg var skrivne av eller gjort ferdig av Belew – sterkare element av 1960-talspop, særleg Beatles (sjølv om Bruford meinte at bandet høyrdest ut som eit «eit dissonant Shadows på steroidar»[36]). Ny teknologi påverka som alltid den musikalske retninga til bandet, i dette tilfellet MIDI, som vart mykje nytta av Fripp, Belew og Gunn. I mange tilfelle nytta Fripp gitaren til å lage meir tekstur og ambient lyd på mange stykke, medan Gunn nytta Stick og Warr-gitar i staden for å halde seg i bassregisteret som Levin heldt seg i. På trommene tok Bruford på seg ei meir utforskande rolle, medan Mastelotto heldt ein meir jamn rytme.

Det nye bandet heldt den første konserten sin i Buenos Aires den 6. oktober 1994. Denne konserten vart innspelt for konsertalbumet B'Boom: Live in Argentina, som kom ut i august 1995. I tillegg til nye songar, spelte bandet tre songar frå midten av 1970-åra, «Red», «Larks’ Tongues In Aspic Part 2» og «The Talking Drum», og seks sognar frå 1980-åra, hovudsakleg frå Discipline.

Thrak og Thrakattak[endre | endre wikiteksten]

King Crimson gav ut det neste studioalbumet sitt, Thrak, i april 1995. Albumet inneheldt nye versjonar av dei fleste songane på Vrooom og vart av kritikarane skildra som «jazz-aktige rock-strukturar, karakterisiert av støyete, kantete, utsøkte gitarsamspel» og «ein atletisk, oppfinnsam rytmeseksjon»,[45] samstundes som dei var samstemt med stilen til alternative rockemusikarar i midten av 1990-åra.[46] Døme på forsøka til bandet på å integrere alle elementa sine kan ein høyre på dei komplekse post-prog-songane «Dinosaur» og «Sex Sleep Eat Drink Dream», samt den meir enkle «One Time» og funk-pop-aktige «People».

I 1995 og 1996 heldt King Crimson fram å turnere. I 1996 gav dei ut det utfordrande avantgarde konsertalbumet Thrakattak, som nesten utelukkande består av konsertimprovisasjonar frå delar av songane på THRAK.[47] Eit meir vanleg konsertopptak frå perioden kom ut i 2001 som den doble CD-plata Vrooom Vrooom, og ein konsert frå 1995 vart gjeven ut i 2003 på DVD, Déjà Vrooom.

Den doble trioen var dyr og tungvint å drive, noko som førte til utryggleik. I midten av 1997 møttest bandet for å øve og lage nye songar, men ikkje noko av det dei kom opp med tilfredsstilte Fripp. Usemja mellom Fripp og ein særleg bitter Bruford enda med at Bruford gav seg i bandet.[36] Bruford kommenterte seinare «på dette tidspunktet kunne me ikkje ein gong bli samde om kvar me skulle ete middag. Og når du ikkje kan bli samd om det, så kan du i vert vall ikkje spele i lag»[36] Dette, samt at bandet ikkje kom opp med gode nok idear, gjorde at bandet raskt kunne ha blitt oppløyst att, men i staden gjekk dei seks medlemmane for ei alternativ løysing dei kalla ProjeKcts.

ProjeKcts 1-X (1997–1999)[endre | endre wikiteksten]

I staden for at bandet vart lag ned, valte dei seks musikarane i den doble trioen å arbeide i lag i mindre grupper eller «fraKctalisations», i følgje Fripp, kalla ProjeKcts. Dette gjorde at gruppa kunne halde fram å utvikle musikalske idear og leite etter den neste retninga til Crimson, uten vanskane med å få samla alle seks på same stad til same tid. Som alltid før, tok musikarane i bruk ny teknologi med nye former for elektroniske trommer. Forskjellige King Crimson-medlemmar har halde fram med å skape nye ProjeKcts fram til i dag.

Dei første fire ProjeKcts heldt konsertar i USA, Japan og Storbritannia i 1998 og 1999 og gav ut fleire innspelingar i same stil som Thrakattak med høg grad av fri improvisasjon.[41] Desse har samla sett vorte skildra av kritkaren Considine som «ofte forbløffande», men at sidan dei mangla melodiar var dei vanskelege å lytte til.[41]

  • ProjeKct One (Fripp, Bruford, Gunn og Levin). Dette bandet tok ei frijazz-retning og vart hovudsakleg leia av dei meir jazz-påverka Bruford og Levin (som for dette prosjektet nytta akustiske trommer og kontrabass). Dette var òg det siste forsøket til Bruford på å arbeide i King Crimson-samanheng.
  • ProjeKct Two (Fripp, Gunn og Belew) – utforska Crimson-aktige instrumentale strukturar med mykje MIDI og virtuelle instrument (som umogelege pianolinjer spelt med MIDI-gitar), samt at Belew spelte elektroniske trommer i staden for gitar. Musikken var generelt meir munter og humørfylt enn det meste av King Crimson sitt materiale.
  • ProjeKct Three (Fripp, Gunn og Mastelotto) – utforska liknande territorium som ProjeKct Two, men hadde eit mykje høgare tempo hovudsakleg driven av Mastelotto sine elektroniske rytmar i fleire lag.
  • ProjeKct Four (Fripp, Gunn, Mastelotto og Levin) utforska liknande musikk som ProjeKct Three, men med Levin på bass og Stick fekk ein ei mykje rikare «live band»-kjensle og ei tilnærming til meir drivande avant-rock.
  • ProjeKct X – eit studiobasert arrangementet i 2000 med besetninga frå King Crimson. Ideane her vart leia av rytmeseksjonen i bandet i staden for Fripp og Belew.

King Crimson, 6. besetning (2000–2004)[endre | endre wikiteksten]

Då ProjeKcts tok slutt, hadde Bruford forlate King Crimson heilt for å fokusere på jazzbandet sitt Earthworks og andre artistar. Levin var oppteken som musikar for Peter Gabriel og Seal, men Fripp rekna framleis Levin som eit inaktivt medlem av bandet.

Dei gjenverande fire aktive medlemmane av King Crimson – Belew, Fripp, Gunn og Mastelotto – heldt fram med bandet, og dei kalla seg stundom ein «dobbel duett», som ein spøkefull referanse til den tidlegare besetninga. Gunn byrja no å konsentrere seg om bassregisteret på Warr-gitaren sin og Mastellotto nytta i langt større grad elektroniske rytmar (som han hadde gjort i ProjeKCts). I alt skilde denne utgåva av bandet seg frå den doble trioen i 1990-åra.

The ConstruKction of Light[endre | endre wikiteksten]

King Crimson spelte inn det neste albumet sitt, The ConstruKction of Light,[16] i kjellaren til Adrian Belew nær Nashville. Resultata kom ut i 2000 og var det mest hardrockande albumet dei hadde gjeve ut så langt. Alle spora på albumet var metalliske og harde i stil, liknande alternativ metal-band på den tida om Tool, med ein særeigen elektronisk tekstur, og ein tung, prosessert trommelyd frå Mastelotto. I tillegg nytta dei samspelande gitarar som minna om gitarstilen bandet nytta i 1980-åra. Songane var særs komplekse og utfordrande for lyttaren. Albumet inneheldt òg del fire av «Larks’ Tongues In Aspic», og eit anna stykke «FraKCtured», som i røynda var ei omskriving av stykket «Fracture» frå 1973.

Sjølv om heile bandet medverka til arrangementa, vart materialet på The ConstruKction of Light i hovudsak skriven av Belew (songar) og Fripp (instrumentalar). For å unngå kreativ frustrasjon spelte bandet inn eit anna album parallelt under namnet ProjeKct X, kalla Heaven and Earth.[48] Dette andre albumet vart i hovudsak laga og leia av Mastelotto og Gunn (med Fripp og Belew i mindre roller). Begge albuma vart kritiserte for mangelen på nye idear.

King Crimson la ut på turné for å marknadsføre dei nye albuma og gav ut det triple konsertalbumet Heavy ConstruKction for å dokumentere dette. Her skifta bandet mellom strukturerte albumstykke og ville ProjeKCt-aktige lydlandskap og perkusjonsimprovisasjonar.

Level Five og Happy With What You Have To Be Happy With[endre | endre wikiteksten]

Seinare i 2001 gav bandet ut ein avgrensa konsert-EP kalla Level Five, med tre nye stykke, og i 2002 kom ein anna EP kalla Happy With What You Have to Be Happy With.[49] Denne inneheldt elleve spor (inkludert eit konsertopptak av «Larks’ Tongues In Aspic, Part IV») og begge desse viste at bandet var på veg attende mot større variasjon.

The Power to Believe[endre | endre wikiteksten]

Dei to EPane fungerte som igangverande arbeid King Crimson-albumet The Power to Believe som kom i 2003,[50] som Fripp skildra som «høgdepunktet av tre år med Crimsonising» og som kanskje var det mest sjølvrefererande albumet i karrieren til bandet. Albumet inneheld omarbeidingar av verk frå EPane, samt ein Soundscape frå 1997. Nok ein gong la bandet ut på turné for å marknadsføre albumet og same året kom konsertalbumet EleKtrik: Live in Japan, spelt inn i Tokyo.

Seint i november 2003 annonserte Trey Gunn at han forlet King Crimson. Han heldt fram å arbeide med Mastelotto i prosjekt som TU og KTU, samt sitt eige band. Tony Levin kom då inn att som bassist i King Crimson.

Pause og andre prosjekt (2004–2007)[endre | endre wikiteksten]

Adrian Belew i 2006

Etter øvingar tidleg i 2004 tok King Crimson ein tre år lang pause, sjølv om dei ikkje formelt vart oppløyst. Under pausen spelte ProjeKct Six (Fripp på gitar og Soundscapes, Belew på trommer, bass and gitar) fire konsertar i USA i 2006 som oppvarming for Porcupine Tree[51]

King Crimson, 7. besetning (2007–2009)[endre | endre wikiteksten]

Ei ny King Crimson-besetning vart annonsert seint i 2007,[52] og bestod av Fripp, Belew, Levin, Mastelotto, og ein ny trommeslagar, Gavin Harrison[53]. Sjølv om han er mest kjend som trommeslagar i Porcupine Tree (ei stilling han framleis hadde medan han arbeidde med King Crimson), har Harrison rykte som ein av dei beste studiotrommeslagarane i musikkindustrien no til dags og har hatt ein lang karriere med arbeid for Level 42, The Lodge, Jakko Jakszyk, Sam Brown og mange andre.

Bandet byrja å øve våren 2008.[54] I august same året gjorde bandet ein kort turné.

Den 20. august 2008 la DGMLive ut ein konsert i Chicago frå 7. august 2008 for nedlasting. Fleire konsertar var planlagde for 2009, men desse vart kansellerte då dei forskjellige medlemmane var oppteken med andre prosjekt.

Pause og andre prosjekt (2009 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Etter at 2009-turneen vart kansellert har ikkje King Crimson spelt noko meir.[55]

Eit separat band basert kring Jakko Jakszyk, Robert Fripp og Mel Collins (som sist spelte med King Crimson på Red) vart annonsert i 2011 og vart kalla «A King Crimson ProjeKct». Fripp har òg kalla dette «P7».[56] Eit album, A Scarcity of Miracles, med dei tre musikarane, samt Tony Levin og Gavin Harrison, kom ut same året.[8]

21st Century Schizoid Band og andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

I 2000-åra vart tidlegare King Crimson-medlemmar frå dei fire første albuma til bandet samla. 21st Century Schizoid Band (fronta av Jakko Jakszyk med Ian McDonald, Mel Collins, Peter Giles og Michael Giles – sistnemde sidan erstatta av Ian Wallace) turnerte og spelte songar av bandet frå 1960- og 1970-åra.[57]

I september 2008 spelte eit band kalla Crimson Project med Adrian Belew, Tony Levin, Pat Mastelotto, Eddie Jobson og Eric Slick (frå Adrian Belew Power Trio) ein kort konsert på ein russisk festival.[58]

Påverknad på andre band[endre | endre wikiteksten]

King Crimson har vore viktig for både progressive rockeband tidleg i 1970-åra og for fleire band no til dags.

  • Den første bølgja av progressive rockeband som Genesis og Yes var direkte påverka av den tidlege stilen til King Crimson med symfonisk mellotronbasert rock,[16] og mange av King Crimson-medlemmane gjekk vidare til andre kjende band: Greg Lake til Emerson, Lake & Palmer; Ian Mcdonald var med å starte Foreigner; Boz Burrell til Bad Company og John Wetton til supergruppene UK og Asia (sistnemnde òg med medlemmar frå Yes, ELP og The Buggles). Somme sider av musikken til Emerson, Lake & Palmer kan ein sjå som Greg Lake sitt forsøk på å halde fram den tidlege musikken til King Crimson. Det kanadiske hardrock/progrockbandet Rush omtalar King Crimson som ei stor inspirasjonskjelde i starten av karrieren deira (særleg trommeslagar Neil Peart har omtalt den innovative stilen til den originale King Crimson-trommisen Michael Giles som viktig for måten han sjølv spelte trommer på).
  • Nyare progrockband har òg omtalt King Crimson som ei inspirasjonskjelde. Av desse finn ein Porcupine Tree[16] som i lag med Tool, har invitert King Crimson (i form av ProjeKct Six) til å spele som oppvarmingsband for dei.[51] Between the Buried and Me er kraftig påverka av King Crimson, og har spelt songen «Three of a Perfect Pair» på albumet deira The Anatomy Of i 2006, og det same er Primus, der Les Claypool hadde for vane å opne konsertane deira i 2002 med songen «Thela Hun Ginjeet». Dream Theater har spelt songen «Larks Tongues In Aspic, Pt. 2» på ei spesialutgåve av Black Clouds & Silver Linings frå 2009.
  • King Crimson har òg påverka alternative rockeband i 1990- og 2000-åra. Nirvana er kjend for å ha vorte påverka av King Crimson då Kurt Cobain har nemnd at albumet Red var viktig for han.[46][59][60] Tool er kjend for å ha vore mykje påverka av King Crimson,[16][61][62][63] og vokalisten deira Maynard James Keenan sa ein gong spøkefullt på ein konsert «No veit de kven me har stole frå. Berre ikkje sei det til nokon, særleg ikkje medlemmane i King Crimson».[64] Bad Religion har sitert «21st Century Schizoid Man» i hitsingelen sin «21st Century (Digital Boy)». Steve Steele har nemnd i eit intervju [65] at King Crimson var den viktigaste inspirasjonekjelda på låtskrivinga og arrangementa hans.
  • King Crimson har òg ofte vorte omtalt som pionerar innan progressive metal. Medlemmar av både Iron Maiden og Mudvayne har omtalt King Crimson som ei inspirasjonskjelde. Måten Fripp spelar gitar på finn ein òg att i musikken til thrash metal-pionerane Voivod, særleg i den midtre perioden til bandet. Voivod spelte òg songen «21st Century Schizoid Man» i 1997 på Phoboar.
  • King Crimson har vorte sampla av rapstjerna Kanye West som nytta ein bit av «21st Century Schizoid Man» på singelen sin «Power» i 2010, og dei britiske hiphopparane The Brotherhood har nytta utdrag av «Starless» på debutalbumet sitt. Det britiske techno/house-bandet Opus III spelte «I Talk to the Wind» i 1992 på albumet Mind Fruit og gav songen ut som singel.
  • King Crimson har òg påverka den japanske støyartisten Merzbow.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

King Crimson har fortida pause og besetninga i bandet når (eller om) dei vender attende er ukjend. Den mest nylege besetninga var:

  • Robert Fripp — gitarar, gitarsynthesiser/MIDI-gitar, Soundscapes, elektrisk piano, Mellotron, klaverinstrument (1969–1974, 1981–1984, 1994–2009)
  • Adrian Belew — solovokal, gitarar, gitarsynthesiser/MIDI-gitar, elektronisk perkusjon (1981–1984, 1994–2009)
  • Tony Levin — bassgitarar, Chapman Stick, kontrabass, synthesiser, korvokal (1981–1984, 1994–1999, 2003–2009)
  • Pat Mastelotto — akustisk and elektroniske trommer og perkusjon (1994–2009)
  • Gavin Harrison — trommer (2007–2009)


Tidlegare medlemmer
Gjestemusikarar
  • Peter Giles — bassgitar på In the Wake of Poseidon
  • Keith Tippett — akustisk og elektrisk piano på In The Wake Of Poseidon, Lizard og Islands
  • Mark CharigkornettLizard, Islands og Red (frå Keith Tippett Sextet og Centipede)
  • Robin Miller — obo on Lizard, Islands and Red
  • Nick EvanstromboneLizard og Islands
  • Jon Anderson — gjestesolovokal på Lizard (frå Yes)
  • Rick Kemp — bassgitar, spelte i bandet i to veker før innspelinga av 'Islands' og Boz Burrell vart med i bandet
  • Harry MillerkontrabassIslands
  • Paulina Lucas — sopranvokal (Islands).
  • Eddie Jobson — fiolin og elektrisk piano i studio på USA
  • Margaret Belew — tekst på «Indiscipline» (på Discipline) «Two Hands» (på Beat). (Margaret Belew var artist og kona til Adrian Belew).

Medverkande / albumliste[endre | endre wikiteksten]

Besetning I II III IV V P1 P2 P3 P4 PX VI P6 VII P7
Album Court Wake Lizard Islands Larks Starless Red Discipline Beat Pair THRAK   Space     Heaven Light Power     Scarcity
Gitar Fripp                                        
2. gitar               Belew                         Jakszyk
Trommer M. Giles   McCulloch Wallace Bruford                             Harrison  
Perkusjon         Muir           Mastelotto                    
Tekstar Sinfield       James     Belew                          
Vokal Lake   Haskell Burrell Wetton     Belew                         Jakszyk
Bass Lake P. Giles Haskell Burrell Wetton     Levin                          
Stick               Levin                          
Warr-gitar                     Gunn                    
Treblåseinstrument McDonald Collins                                      
Tangentinstrument/Mellotron McDonald Tippett     Cross                                
Fiolin         Cross                                

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Buckley, Peter (2003). The Rough Guide to Rock. London: Rough Guides. ISBN 1-85828-201-2. 
  1. King Crimson at John McFerrin Music Reviews. "Crimson's form of prog, however, tended to incorporate heavy elements of modern classical (sometimes), avantgarde jazz (sometimes), and later heavy elements of New Wave."
  2. Allmusic review of the album Discipline
  3. Allmusic review of the album Beat
  4. «In the Court of the Crimson King». ABC Gold & Tweed Coasts (abc.net.au). Arkivert frå originalen den May 27, 2006. http://web.archive.org/web/20060527123553/http://www.abc.net.au/goldcoast/stories/s1255632.htm. Henta 9. juni 2012. 
  5. Buckley 2003, s. 477, "Opening with the cataclysmic heavy-metal of "21st Century Schizoid Man", and closing with the cathedral-sized title track,"
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 6,17 6,18 6,19 6,20 6,21 6,22 6,23 6,24 6,25 6,26 6,27 6,28 6,29 Eder, Bruce. «King Crimson Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4682. Henta 9. juni 2012. 
  7. 7,0 7,1 "Prog Rock Britannia: An Observation in Three Suits". BBC. 2 January, 2009. 
  8. 8,0 8,1 «Burning». Burning Shed (burningshed.com). http://www.burningshed.com/store/kingcrimson/multiproduct/313/2188/. Henta 9. juni 2012. 
  9. Eder, Bruce. «Giles, Giles and Fripp». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4364. Henta 9. juni 2012. 
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 10,11 10,12 10,13 10,14 10,15 10,16 10,17 10,18 10,19 10,20 10,21 10,22 10,23 10,24 10,25 Smith, Sid date=2002 publisher=Helter Skelter Publishing. In The Court Of King Crimson. 
  11. «Interview with Peter Sinfield». Modern Dance (archived page from elephant-talk.com). Arkivert frå originalen den 8 February 2005. http://web.archive.org/web/20050208100954/www.elephant-talk.com/intervws/sinfield.htm. Henta 9. juni 2012. 
  12. Pascall, Jeremy (1984). The Illustrated History of Rock Music. Golden Books Publishing.  Henta 9. juni 2012.
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 (1997) Plateomslagstekst for Epitaph avKing Crimson [CD]. Discipline Global Mobile.
  14. «Robert Fripp on the King Crimson name». Song Soup on Sea – Peter Sinfield's website (songsouponsea.com). http://www.songsouponsea.com/Promenade/Metaphysical.html. Henta 9. juni 2012. 
  15. «Ian McDonald Conversation on Mellotrons: Pt. 1 of 8». http://www.youtube.com/watch?v=vN8PXIPmTAY. Henta 9. juni 2012. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 «King Crimson biography». Discipline Global Mobile (dgmlive.com). http://www.dgmlive.com/kc/index.htm?bio=true. Henta 9. juni 2012. 
  17. «In the Court of the Crimson King». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r10905. Henta 9. juni 2012. 
  18. 18,0 18,1 «King Crimson FAQ». Elephant Talk (archived page from elephant-talk.com). Arkivert frå originalen den 28 August 2005. http://web.archive.org/web/20050828134638/www.elephant-talk.com/faq/et-faq.txt. Henta 9. juni 2012. 
  19. «Strange Band – Family history». Members.aol.com. Arkivert frå originalen den 1998-12-07. http://web.archive.org/19981207071605/members.aol.com/songforme/hist.htm. Henta 9. juni 2012. 
  20. «Emerson, Lake & Palmer». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r619465. Henta 9. juni 2012. 
  21. 21,0 21,1 «Earthbound, USA & Thrak». BBC Music (bbc.co.uk). Arkivert frå originalen den 2012-12-09. https://archive.is/Pk3z. Henta 9. juni 2012. 
  22. «Earthbound». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r606413. Henta 9. juni 2012. 
  23. «Yes». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p5891. Henta 9. juni 2012. 
  24. «Larks' Tongues in Aspic». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r10910. Henta 9. juni 2012. 
  25. 25,0 25,1 «King Crimson». Wilson and Allroy's Record Reviews (warr.org). http://www.warr.org/crimson.html. Henta 9. juni 2012. 
  26. «King Crimson». The Marquee Club (themarqueeclub.net). http://www.themarqueeclub.net/king-crimson. Henta 9. juni 2012. 
  27. «Starless and Bible Black». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r42277. Henta 9. juni 2012. 
  28. «Starless and Bible Black». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/kingcrimson/albums/album/174583/review/5946322/starless_and_bible_black. Henta 9. juni 2012. 
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 29,6 Tamm, Eric. Robert Fripp – From Crimson King to Crafty Master. Progressive Ears (progressiveears.com). 
  30. «Red». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r10912. Henta 9. juni 2012. 
  31. Article, UK, 28 September 1974 
  32. Article, Acton Gazette, 17 July 1975 
  33. Article, Cashbox, 10 May 1975 
  34. «King Crimson family & friends». Discipline Global Mobile (artist-shop.com). http://www.artist-shop.com/discipln/. Henta 9. juni 2012. 
  35. «Adrian Belew». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3654. Henta 9. juni 2012. 
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 36,5 Bruford, Bill "Bill Bruford – the Autobiography", Jawbone Press, 2009
  37. Why Robert Fripp Resurrected King Crimson, 1981-11 
  38. Disicipline. Her Majesty's, UK, 11 May 1981 
  39. Fripp for Discipline, Sounds Magazine, 25 April 1981 
  40. «Discipline». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r668446. Henta 9. juni 2012. 
  41. 41,0 41,1 41,2 Considine, J.D. (2004). «King Crimson». I Christian Hoard and Nathan Brackett. The New Rolling Stone Album Guide (fourth edition utg.). New York: Random House. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 9. juni 2012. 
  42. 42,0 42,1 Article, Melody Maker, 19 June 1982 
  43. Article, UK, 3 July 1982 
  44. «Thrak». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r218337. Henta 9. juni 2012. 
  45. Article, Q, 1995-05 
  46. 46,0 46,1 THRAK, Vox, 1995-05 
  47. «Thrakattak». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r237880. Henta 9. juni 2012. 
  48. «Heaven and Earth». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r505366. Henta 9. juni 2012. 
  49. «Happy With What You Have to Be Happy With». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r608060. Henta 9. juni 2012. 
  50. «The Power to Believe». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/r629711. Henta 9. juni 2012. 
  51. 51,0 51,1 «ProjeKct Six». Krimson News (krimson-news-com). http://www.krimson-news.com/category/kc-alumni-projects/projekct-6/. Henta 9. juni 2012. 
  52. MSJ-Interview
  53. «Robert Fripp's diary, 9 November 2007». Dgmlive.com. http://www.dgmlive.com/diaries.htm?entry=8366. Henta 9. juni 2012. 
  54. «Robert Fripp's Diary». DGMLive (dgmlive.com). http://www.dgmlive.com/diaries.htm?artist=&show=&member=3&entry=9991. Henta 9. juni 2012. 
  55. 'King Crimson's Adrian Belew, part II' (interview in Riot Gear column in Crawdaddy by Max Mobley, 23 June 2009
  56. «ProjeKct Seven». Discipline Global Mobile (dgmlive.com). http://www.dgmlive.com/diaries.htm?diarist=3&entry=18729. Henta 9. juni 2012. 
  57. «Biography». 21st Century Schizoid Band (21stcenturyschizoidband.com). http://www.21stcenturyschizoidband.com/biog/biog.html. Henta 9. juni 2012. 
  58. Tony Levin's Road Diary, 30 Aug entry
  59. «Interview with Robert Fripp». Elephant Talk (archived page from elephant-talk.com). Arkivert frå originalen den 8 February 2005. http://web.archive.org/web/20050208100954/www.elephant-talk.com/intervws/fripp-ro.htm. Henta 9. juni 2012. 
  60. «Interview with Bill Bruford». Elephant Talk (archived page from elephant-talk.com). Arkivert frå originalen den 8 February 2005. http://web.archive.org/web/20050208100954/www.elephant-talk.com/intervws/brufordh.htm. Henta 9. juni 2012. 
  61. Bond, Laura (2001). «Tool Stretch Out And Slow Down In Show With King Crimson». MTV.com. http://toolshed.down.net/articles/index.php?action=view-article&id=August_2001--MTV_Online.html. Henta 9. juni 2012. 
  62. «Lateralus». Pitchfork Media (pitchforkmedia.com). Arkivert frå originalen den 2007-05-01. http://web.archive.org/20070501060634/www.pitchforkmedia.com/article/record_review/22622-lateralus. Henta 9. juni 2012. 
  63. Jabbour, Debbie (5 October 2002) (PDF), From My Perspective – Tool Concert, ausu.org, Arkivert frå den opphavlege versjonen den May 25, 2005, http://web.archive.org/web/20050525173504/http://www.ausu.org/voice/pdf/pdf2002/1039-Oct09-02_VOICE.pdf, henta 9. juni 2012, «Their roots lie with seminal alternative band King Crimson [...]» 
  64. «August/September 2001 newsletter». Tool official website (toolband.com). http://www.toolband.com/news/letter/2001_09.php. Henta 9. juni 2012. 
  65. «PENSEYEVIEW interviews Steve Steele». PENSEYEVIEW. January 2011. http://penseyeview.com/content/steve-steele-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]