Dave MacRae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave MacRae
Fødd2. april 1940 (81 år)
FødestadAuckland, New Zealand
FødenamnDavid Scott MacRae
OpphavNew Zealand
AktivSidan 1960-åra
SjangerJazzrock
Instrumentpiano
Tilknytte artistarMatching Mole, Nucleus, The Goodies
Verka sompianist, jazzmusikar

Dave MacRae (fødd 2. april 1940) er ein newzealandsk klaverspelar, kjend innan jazz og for samarbeidet sitt med folk frå Canterbury scene.

MacRae arbeidde i Australia i 1960-åra som ein arrangør for Festival Records. Han flytta til USA i 1969 og spelte med eksperimentell grupper i Los Angeles, før han vart medlem av ensemblet til Buddy Rich i 1970. Han flytta til London i 1971, og arbeidde det året med jazzmusikarane Clark Terry, Chet Baker, Jon Hendricks og Gil Evans.

I 1971 var han ei kort stund i ei gruppe kalla Caparius før han vart med i Matching Mole, der han vart verande fram til 1972. I mars 1973 spelte han med gruppa til Ian Carr, Nucleus (albumet Labyrinth). Han spelte så i bandet til Elton Dean kalla Just Us, og så i WMWM og Giles Farnaby's Dream Band i 1973. Frå midten av 1970-åra konsentrerte han seg om sitt eige prosjekt, kalla Pacific Eardrum, som han leia med kona Joy Yates fram til 1979. Han fortsette å samarbeide med Canterbury-musikarar som Robert Wyatt, Mike Gibbs og Richard Sinclair gjennom 1970-åra.

I 1980-åra arbeidde MacRae ei kort stund med False Alarm og så i ei ny utgåve av Soft Machine i 1984. Han drog attende til Australia seinare det året og spelte i Sydney-området med Bernie McGann og Ronnie Scott.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]