Matthew Locke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Matthew Locke

Føddca. 1621
FødestadExeter i Devon i England
DødAugust 1677
DødsstadLondon
OpphavKongeriket England
PeriodeBarokken
SjangerKammermusikk
Verka somKomponist

Matthew Locke (16211677) var ein engelsk barokkomponist og musikkteoretikar.

Som gut fekk Locke lære i koret i Exeterkatedralen, under Edward Gibbons, bror til Orlando Gibbons. 18 år gammal reiste Locke i Nederland, og vart mogelegeins konvertert til katolisismen medan han var der.

I lag med Christopher Gibbons (son til Orlando), komponerte Locke musikken til Cupid and Death, eit maskespel frå 1653 av James Shirley. Musikken deira er den einaste musikken for eit dramatisk verk frå Caroline-tida som har overlevd fram til i dag.[1] Locke var ein av fem komponistar som skreiv musikk for The Siege of Rhodes (1656), ein opera av Sir William Davenant. Dei andre fire var Henry Lawes, George Hudson, Henry Cooke og Charles Coleman. Locke skreiv musikk for fleire operaer av Davenant, The Cruelty of the Spaniards in Peru (1658) og The History of Sir Francis Drake (1659).[2] Han skreiv musikk for prosesjonsmarsjen i samband med kroninga av Karl II.[3]

I 1673 publiserte Locke Melothesia, eit musikkteoretisk verk. Framsida skildrar han som «Komponist for Hans Majestet og organist i kapellet til hennar Majestet.», —altså Karl II og Katrine av Braganza. Locke tente òg hos kong Karl som komponist for blåsarar («musikk for kongen sine sackbutar og kornettar») og komponist for fiolinar. Etterfølgjaren hans i denne stillinga var Henry Purcell og Locke har vorte skilra som mentor for Purcell. I 1675 komponerte han musikk for Psyche av Thomas Shadwell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Matthew Locke (composer)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Baker, Christopher Paul, red. Absolutism og the Scientific Revolution, 1600–1720: A Biographical Dictionary. London, Greenwood Press, 2002.
    • Caldwell, John. The Oxford History of Music: From the Beginnings to C. 1715. Oxford, Oxford University Press, 1999.
    • Harding, Rosamund E. M. A Thematic Catalogue of the Works of Matthew Locke with a Calendar of the Main Events of his Life. Oxford, Alden Press, 1971.
Referansar
  1. Caldwell, s. 555.
  2. Susan Treacy, i Baker, s. 237.
  3.  «Matthew Locke». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]