Max Klauß

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Max Klauß
Bundesarchiv Bild 183-L0816-0385, Max Klauß.jpg
Fødd 27. juli 1947
Chemnitz
Yrke friidrettsutøvar
Max Klauß på Commons

Max Klauß (fødd 27. juli 1947) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt for Aust-Tyskland i øvingane tikamp og lengdehopp. Han vart europameister i lengdehopp i 1971.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klauß satsa på tikamp fram til 1968. 19 år gammal vart han nummer fire i tikampen under friidretts-EM i Budapest. Året etter oppnådde han 7 986 poeng, ny austtysk rekord. I OL-sesongen 1968 måtte han nøye seg med 7 889 poeng som best, og deltok ikkje i Sommar-OL 1968 i Mexico-byen.

Sommaren 1968 forbetra Klauß sin personlege rekord i lengdehopp til 8,07 m, og lengdehopp vart den øvinga han satsa på i åra frametter. I 1969 kom han sjetteplass i lengde under EM i Aten. Høgst overraskande gjekk Klauß bort og vann lengdetevlinga ved europameisterskapen 1971 i Helsingfors. Lengste hoppet målte 7,92 m, eit høgst ordinært vinnarresultat i ein internasjonal meisterskap, men nok til å vise den sovjetiske veteranen Igor Ter-Ovanesjan til sølvmedalje med hans 7,91 m.

I 1972 forbetra Klauß den personlege rekorden sin til 8,10 m og vart nummer seks i OL-tevlinga i lengde i München. To år seinare gjorde han sitt livs lengste hopp i Aust-Berlin i juni 1974, der han landa på 8,18 m, ein centimeter bak den austtyske rekorden til Klaus Beer. Han var dermed i fremste favorittsjiktet ved EM i Roma, men nådde ikkje opp mot sitt beste og enda som nummer sju.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]