Max Whitlock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Max Whitlock


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 13. januar 1993 (31 år)
Hemel Hempstead
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommar-OL 2016, Turn under Sommer-OL 2012 – Bøylehest menn, Samveldeleikane 2010, Turn under Sommer-OL 2012 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Mangekamp menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Frittstående menn, Turn under Sommer-OL 2016 – Bøylehest menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Mangekamp lagkonkurranse menn, Turn under Sommer-OL 2020 – Bøylehest menn

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen, offiser av Den britiske imperieordenen

Max Anthony Whitlock (fødd 13. januar 1993) er ein britisk turnar som er trefaldig verdsmeister to gongar olympisk meister i bøylehest og olympisk meister 2016 i frittståande.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Whitlock bidrog i fire øvingar då Storbritannia våren 2012 vann lagtevlinga ved europameisterskapen i Montpellier. Under Sommar-OL 2012 i London vann han to bronsemedaljar, fyrst med det britiske mannskapet i lagtevlinga og deretter i bøylehest. I 2013 vart han europameister i frittståande, året etter i bøylehest. Ved Turn-VM 2015 i Glasgow vart Whitlock verdsmeister på bøylehest. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro fekk han bronse i mangekampen, før han vann gullmedaljen i så vel frittståande som bøylehest, noko som gjorde ham til den fyrste britiske olympiameister i turn. Han heldt fram med å vinne gullmedaljar i bøylehest i dei neste store meisterskapane: Turn-VM 2017 i Montreal, Turn-EM 2019 i Szczecin, Turn-VM 2019 i Stuttgart og under dei olympiske leikane i Tokyo i 2021. Også i Turn-VM 2023 kvalifiserte han til finalen i bøylehest, eit fall i øvinga gjorde at han enda på femteplassen.

Whitlock har sanka seks (3-0-3) OL-medaljar, åtte (3-5-0) VM-medaljar og åtte (4-3-1) EM-medaljar i turn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]