Hopp til innhald

Maxi Gnauck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maxi Gnauck


Maxi Gnauck i 1983.

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 10. oktober 1964 (59 år)
Berlin
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1980 Summer Olympics – women's artistic team all-around

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i gull, Stern der Völkerfreundschaft, Sportsman of the year

Maxi Gnauck (fødd 10. oktober 1964) er ein tysk tidlegare turnar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Ho vart europameister 1981 i mangekamp og sikra seg elles fem VM-gull, fire EM-gull og eitt OL-gull i ulike øvingar i åra frå 1979 til 1985.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gnauck fekk sin internasjonale meisterskapsdebut ved EM 1979 i København, der ho tok sølv i hopp og bronse i skranke. I Turn-VM 1979 vann ho gullmedaljen i skranke-øvinga, kom på sølvplass i mangekampen og fekk bronse i lagtevlinga. Under Sommar-OL 1980 i Moskva enda ho opp med same medaljehausten i dei same tre tevlingane, i tillegg vann ho bronse i frittståande. Våren 1981 sopa Gnauck med seg fire gullmedaljar då europameisterskapen fann stad i Madrid, berre i hopp-øvinga måtte ho nøye seg med ein sølvmedalje. I Turn-VM 1981 tok ho gull i skranke, bom og hopp. Sidan vart ho verdsmeister i skranke i 1983 og europameister i skranke i 1985.

Gnauck sanka i alt 22 medaljar i ulike europameisterskap, verdsmeisterskap og Sommar-OL 1980. Etter som Aust-Tyskland boikotta dei olympiske sommarleikane 1984 deltok ho ikkje i Los Angeles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maxi Gnauck