Hopp til innhald

May Britt Lagesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
May Britt Lagesen

Fødd18. februar 1971 (53 år)
Steinkjer kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, barnevernspedagog
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–2024) Sjå dette på Wikidata

May Britt Lagesen (fødd 18. februar 1971) er ein norsk politikar for Ap som vart medlem av Trøndelag fylkesting i 2018, då ho òg vart leiar i hovudutvalet for kultur.[1][2] Ved stortingsvalet 2021 vart ho første vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

May Britt Lagesen er utdanna barnevernspedagog frå Høgskolen i Harstad frå 1998 og har hatt sitt yrke i offentleg sektor. Ho var einingsleiar for bustadar for funksjonshemja i Steinkjer kommune før ho vart varaordførar i 2011. Ho har òg vore fylkessekretær i Fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomar og vernepleiarar i Nord-Trøndelag i fire år.

Lagesen melde seg inn i Arbeidarpartiet i 2002. I 2003 vart ho medlem av Steinkjer kommunestyre og formannskap. Lagesen var leiar i kommunestyregruppa til Arbeidarpartiet og varaordførar i Steinkjer frå 2011 til 2013. I 2013 vart ho med i Nord-Trøndelags fylkesråd for utdanning og kultur, noko ho var fram til samanslåinga av Nord- og Sør-Trøndelag i 2018.[3] I 2015 vart ho òg innvald i Nord-Trøndelag fylkesting. Lagesen har vore nestleiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti.[4]

Ved stortingsvalet 2021 vart ho vald til første vararepresentant for Ap til Stortinget frå Nord-Trøndelag. Den 14. oktober 2021 vart ho fast møtande vararepresentant for statsråd Ingvild Kjerkol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «May Britt Lagesen». Stortinget.no. 
  2. Rossing, Sivert (4. oktober 2017). «Nå er det endelig klart: Han blir Trøndelags ordfører». Arkivert frå originalen 1. mai 2018. Henta 30. april 2018. 
  3. Rossing, Sivert (30. april 2013). «Lagesen blir ny fylkesråd». Arkivert frå originalen 1. mai 2018. Henta 30. april 2018. 
  4. Kvam, Eivind (8. februar 2012). «Ny lederduo i Ap». Arkivert frå originalen 1. mai 2018. Henta 30. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: May Britt Lagesen