Ingvild Kjerkol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvild Kjerkol
Ingvild Kjerkol portrett 2011.jpg
Fødd18. mai 1975
Stjørdal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
FarOle Meier Kjerkol

Ingvild Kjerkol (fødd 18. mai 1975 i Stjørdal) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2013.

Bakgrunn og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Kjerkhol har utdanning frå NTNU, der ho har ein samfunnsvitskapleg bachelorgrad innan psykologi. Ho har også studert drift og vedlikehald av EDB-system ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Ingvild Kjerkol har jobba som både lærar og miljøarbeidar i Stjørdal kommune. I 2009, før ho vart fylkesråd, jobba ho i ein periode som næringspolitisk rådgjevar i ALLSKOG.[1]

Kjerkol har hatt og har fleire styreverv. Ho har sete i styret for Steinvikholm Musikkteater AL, som årleg set opp den historiske operaen Olav Engelbrektsson.[2] Ho har også vore styreleiar i Innovasjon Norge Nord-Trøndelag, nestleiar i styret for Regionale forskingsfond Midt-Norge og styreleiar i Ungt Entreprenørskap Trøndelag.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjerkol var au pair i Frankrike da ho i 1995 vart spurd om å stille på lista til Arbeidarpartiet for første gong, den gongen som listefyll.[3] Ho vart vald inn og like etter vakna den politiske interessa hennar for fullt. I 2003 vart ho også medlem av Nord-Trøndelag fylkesting.

Kjerkol var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 2005–2009, med knapp margin frå å bli vald inn, og 2. vararepresentant 2009–2013. Ho har møtt som vararepresentant i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité og Stortingets familie- og kulturkomité. Kjerkol er medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiets sidan landsmøtet i 2009.[4][5]

Ho har vore leiar i Stjørdal Arbeiderlag sidan 2011, kasserar i Stjørdal Arbeidarparti i fleire år og sete i styret i Nord-Trøndelag Arbeidarparti, både som direktevald og tiltredande medlem. Kjerkol var ordførerkandidaten til Arbeidarpartiet i Stjørdal i 2007, men Arbeidarpartiet kom ikkje i posisjon, og Kjerkol var gruppeleiar for partiet i både Stjørdal kommunestyre og Nord-Trøndelag fylkesting 2007–2009. Ho tredde frå verva som gruppeleiar i kommunestyret og fylkestinget da ho vart fylkesråd for regional utvikling (med politisk ansvar for næring, regional forsking og utviklingsplan) hausten 2009.[6] Kjerkol var fylkesrådsleiar i eit samarbeid mellom Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti 2011–2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ingvild Kjerkol blir ny næringspolitisk rådgiver». ALLSKOG. 5. januar 2009. 
  2. «Sikrer «Tryllefløyten»». Adresseavisen. 7. oktober 2008. 
  3. «31 år og Aps toppkandidat». Byavisa Trondheim. 19. september 2006. 
  4. «Kjerkol inn i sentralstyret». NRK Trøndelag. 21. april 2009. 
  5. «Kjerkol vant valgstrid». Adresseavisen. 22. april 2009. 
  6. «Kjerkol valgt til ny fylkesråd». NRK Trøndelag. 29. september 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]