Mbum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mbum-språket)
Mbum
Mbum
Klassifisering Nigerkongo
 Atlantisk-Kongo
  Volta-Kongo
   Nordleg
    Adambwa-ubangi
     Mbum-day
Bruk
Tala i Kamerun, Den sentralafrikanske republikken
Mbumtalande i alt 51 260 [1]
Språkkodar
ISO 639-3 mdd
Mbum-kvinne. Biletet er teke mellom 1905 og 1907 av Moll-misjonen (la Mission Moll).

Mbum-språket er eit niger-kongospråk som blir tala i Kamerun og Den sentralafrikanske republikken, av høvesvis 38 600 (1982) og 12 500 menneske (1996).[2] I Kamerun blir det tala i regionane Adamaoua og Nord, i Den sentralafrikanske republikken i subprefekturet Bocaranga, langs grensa mot Kamerun. Mbum var tidlegare eit viktig lingua franca i Adamaoua, men denne rolla har etter kvart til overteke av fulfulde. Kamerun-misjonærar tilknytte Det Norske Misjonsselskap lærde mbum fram til om lag 1960.

Mbum blei fyrst granska då misjonærar frå Det Norske Misjonsselskap kom til Adamaoua i 1925; jamfør avsnittet Litteratur om mbum nedanfor. Misjonærane utvikla ei rettskriving for språket og gav i 1965 ut Det nye testamentet og Salmane på mbum; jamfør avsnittet Litteratur på mbum nedanfor.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Framstillinga av grammatikken byggjer på Hagège 1968, sitert etter Sergej Starostin sin database.[3]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Konsonantsystem:

p   t   k kp
b ɓ d ɗ ɡ ɡb
  f s        h
  v   ž
m   n ñ ŋ
    l
  v̊ r 

v̊ er ein labiodental flap.


Mbum har eit enkelt vokalsystem, med 5 vokalar. Alle vokalane kan vere korte eller lange.

i u
e o
  a

Dei høge og låge vokalane kan vere nasale (/ı̃ ã ũ/). Stavingsstrukten er (K)V(K).

Mbum er eit tonespråk, med tonane høg og låg (lange vokalar kan ha fallande tone).

Syntaks[endre | endre wikiteksten]

Mbum er eit preposisjonsspråk. Substantivfrasene har dei modifiserande orda (adjektiva, possessor, talord) til høgre for seg, den fulle strukturen er N+A+Num+D.

Den grunnleggjande ordstillinga er SVO.

Litteratur om mbum[endre | endre wikiteksten]

  • Fløttum, Sverre 1974. Dictionnaire français - mbum. Oslo: [ingen utgjevar].
  • Fløttum, Sverre 1974. Dictionnaire mbum - français. Oslo: [ingen utgjevar].
  • Hagège, Claude 1968. Description phonologique du mbum : informations. Paris: Société pour l'étude des langues africaines.
  • — 1970. La langue mbum de Nganha (Cameroun) : phonologie - grammaire. Paris: Société pour l'étude des langues africaines.
  • Shun'ya, Hino 1978. The classified vocabulary of the Mbum languages in Mbang Mboum : with ethnographical descriptions. (African Languages and Ethnography 12.) Tokyo: Institute for the Study of Languages and Cultures of Asia and Africa.

Litteratur på mbum[endre | endre wikiteksten]

  • Fløttum, Sverre 1950. Le papin et la famine : conte en langue Mbum. S. 83-93 i Études Camerounaises, Tome 3, no 29/30 (Mars-Juin 1950). Douala: Institut Français d'Afrique Noire.
  • Luther, Martin 1948. Katekisma. Stavanger: Société des Missions de Norvège.
  • Otterøy, Helga 1959. Deftere somabe bi ngbok mbum : (syllabaire en langue mboum). Oslo : Fabritius.
  • Testamã Feke ka Deftere a Singri. Le Nouveau Testament et les Psaumes en langue mboum. Yaoundé 1965: La Société Biblique: Cameroun-Gabon. [Omsett av dei norske misjonærane Nils Otterøy og Sverre Fløttum.
  • Tukur ven : Petit recueil de cantiques en Mbum et Fulfulde. Stavanger 1939, 1948: [Stavanger]: Mission norvégienne.
  • Tukur hven : petit recueil de cantiques en mbum et fulfulde. [Ngaoundéré] 1965: Mission Protestante Norvégienne.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]