Den sentralafrikanske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Republique Centrafricaine

(norsk: Den sentralafrikanske republikken, sentralafrikansk)

Det sentralafrikanske flagget Det sentralafrikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «La Renaissance»
Motto Fransk: Unité, Dignité, Travail (Eining, stoltheit, arbeid)
Geografisk plassering av Den sentralafrikanske republikken
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Bangui
Styresett
President (fungerande)
Statsminister (fungerande)
Konstitusjonelle Republikk
Faustin-Archange Touadéra
Firmin Ngrébada
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
622 984 km² (44.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
5 625 118 (117.)
9 /km² (183.)
Sjølvstende
Frå Frankrike
13. august 1960
Nasjonaldag 1. desember
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 052 mill. USD (174.)
900 USD (194.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +236
Toppnivådomene .cf



Den sentralafrikanske republikken er ein republikk i Sentral-Afrika. Landet grensar til Tsjad i nord, Kamerun i vest, Kongo-Brazzaville i sørvest, Kongo i sør, og Sør-Sudan og Sudan i aust.

Kart over den sentralafrikanske republikken

.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den franske kolonien Ubangi-Shari blei til den sjølvstendige sentralafrikanske republikken i 1960. I 1966 tok J.B. Bokassa over makta gjennom eit militærkupp. Bokassa utropte seg sjølv til keisar ti år etter, men blei styrta i 1979 og landet blei igjen republikk. I 1981 tok eit nytt militærregime makta.

Landet fekk ein sivil grunnlov i 1993 som varte i ti år. I mars 2003 blei president Patasse og regjeringa hans avsette gjennom nok eit militærkupp leia av general François Bozizé. I mai 2005 vann Bozizé eit demokratisk val og er i dag statsleiar i landet. Korrupsjon, saman med innblanding frå den tidlegare kollonimakta Frankrike, har hindra utvikling i landet.[1]

Sjølv om Frankrike offisielt trekte seg ut i 1960 har den franske regjeringa halde fram med å henta ut råvarer frå landet, delvis gjennom militæraksjonar og delvis ved å blanda seg inn i styre og stell og ved å stø kuppmakarar.[2][3] I det siste har Kina teke opp konkuransen med Frankrike.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Topografi og hydrografi[endre | endre wikiteksten]

Den sentralafrikanske republikken er ein innlandsstat med tropisk klima i grensesona mellom savanne og regnskog. Størstedelen av landet er eit savannedekt høgplatå, ein berggrunnsterskel på 600–900 meter over havet, mellom Kongo- og Tsjadbekkenet. Dette platået utgjer vasskilje mellom tre av dei største vassystema i Afrika: Kongoelva, Tsjadsjøen og Nilen. Landet blir drenert mot nord av Charielva med bielvar, og mot sør av grenseelva Oubangui som er ei bielv til Kongoelva og ein viktig kommunikasjonsveg til Brazzaville. Høgplatået er omgitt av andre høgder, mellom anna Bongomassivet i nordaust, som når 1 400 meter over havet. I aust er det steppe og i sør regnskog ved grenseelva Oubangui. Jordsmonnet består for det meste av raud leirjord og lateritt.[5][6]

Det lågaste punktet er Oubanguielva, 335 meter over havet, og det høgaste er Mont Ngaoui ved grensa mot Kamerun, 1 420 meter over havet.[7]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landet har eit tropisk klima med varme, tørre vintrar og mildare, regnfulle somrar, og sidan heile landet ligg nord for ekvator har ein regntid frå mai til september. Den årlege nedbørnormalen fell frå 2000 mm til 1000 mm når ein flyttar seg frå sør til nord, og temperaturane er litt høgare enn t.d. i Kongo. Bangui kan få temperaturar opp mot 38 °C i februar og mars. Flaum er vanleg.[8] I nord bles somme tider den tørre, varme støvvinden harmattan.[9][10] Gjennomsnitttemperaturen for året ligg mellom 24 °C og 27 °C, med liten skilnad mellom den varmaste og kaldaste månaden.[11]

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av landet er dekt av savanne. Langs elvane veks galleriskog og i sør er det regnskog. Det finst kring 200 pattedyrartar, 800 fugleartar og 130 krypdyrartar i landet.[12]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Mangel på drikkevatn, ørkenspreiing og ville dyr truga av tjuvjakt som trugar bestandane av ville dyr er dei største miljøproblema i landet.[13]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Det finst over 80 folkegrupper i landet som kvar har sitt eige språk. Dei største gruppene er bayaer (33 %), bandaer (27 %), mandjiaer (13 %) og saraer (10 %). Rundt halvparten er kristne, halvparten av desse katolske og den andre halvparten protestantiske, 35 % følgjer innfødde religionar og 15 % er muslimar.

HIV/AIDS er eit anna stort problem for innbyggjarane i landet, med 13 % av den vaksne befolkninga smitta (2001).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk og skogbruk er hovudnæringane i den sentralafrikanske republikken, og står for halve bruttonasjonalproduktet. I tillegg er den uformelle økonomien i landet, slik at det ekstremt låge bruttonasjonalproduktet gjev eit noko misvisande bilde av fattigdom. Dei viktigaste jordbruksprodukta er kassava, peanøtter, mais, durra, hirse, sesamfrø og kokebanan. Sal av matoverskot og alkoholdrikkar brygga av dette er ein viktig inntektskilde for mange sentralafrikanarar.

Diamantindustrien har tidlegare stått for halvparten av eksportinntektene.

Skilnaden mellom rik og fattig er stor. Vidare økonomisk utvikling er hindra av dårleg infrastruktur, eit lågt utdanningsnivå og ein mislukka økonomisk politikk. Landet er avhengig av hjelp frå ei rekke land og frivillige organisasjonar, og er blitt sagt å vera «sous serum», som får intravenøs næring, av ein representant for UNDP.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. “Quiet Corruption” Undermining Development in Africa, The Wourld Bank, News Release No:2010/283/AFR, 15/3-2010.
  2. Hari, J., Inside France's secret war, The Independent, 5/10-2007.
  3. Rebels in Central African Republic Clash With French Forces, The New York Times, 5/3-2007.
  4. Africa: AU Revoir to French Meddling in the Continent, AllAfrica, 23/4-2012.
  5. «Sentralafrikanske republikk – geologi og landformer». Store norske leksikon. Henta 10 mars 2013. 
  6. "Alla Världens Länder 2000 Bonnier Lexikon"
  7. «Central African Republic». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 7 maj 2019. Henta 10 april 2013. 
  8. «Central African Republic». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 7 maj 2019. Henta 10 april 2013. 
  9. «Central African Republic». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 7 maj 2019. Henta 10 april 2013. 
  10. «Sentralafrikanske republikk – natur». Store norske leksikon. Henta 10 april 2013. 
  11. «Sentralafrikanske republikk – natur». Store norske leksikon. Henta 10 april 2013. 
  12. Odd Bruce Hansen. «Sentralafrikanske republikk – plante- og dyreliv». Store norske leksikon. Henta 10 april 2013. 
  13. «Central African Republic». The World Factbook. CIA. Arkivert frå originalen 7 maj 2019. Henta 10 april 2013. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den sentralafrikanske republikken