Medisinsk fødselsregister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Medisinsk fødselsregister (MFR) er eit landsomfattande helseregister over alle fødslar i Noreg. Registeret skal bidra til å avklara årsaker til og konsekvensar av helseproblem i samband med svangerskap og fødsel, og overvaka førekomst av medfødde misdanningar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Registeret vart oppretta i 1967 etter den verdsomfattande thalidomidkatastrofen, der eit sovemiddel som vart sett på som ufårleg, førte til at meir enn 10 000 born vart fødde med alvorlege misdanningar. I 2002 vart registeret ei avdeling i Divisjon for epidemiologi ved Nasjonalt folkehelseinstitutt. Folkehelseinstituttet forvaltar MFR, og er register- og databehandlingsansvarleg. Registeret er plassert i Bergen og er også knytt til Universitetet i Bergen. I 2001 fekk Medisinsk fødselsregister si eiga forskrift, Medisinsk fødselsregisterforskriften, som regulerer registeret sine oppgåver og drift[1].

Registrering[endre | endre wikiteksten]

Alle fødeinstitusjonar i Noreg skal melda fødslar til MFR. På meldeskjemaet som MFR får er det opplyst om namn og fødselsnummer til barnet og foreldra, i tillegg er det opplysingar om mor si helse før og under svangerskapet, samt eventuelle komplikasjonar i svangerskapet eller ved fødselen. Døme på slike opplysingar kan vera mor sitt bruk av lækjemiddel i svangerskapet, inngrep/tiltak under fødselen, komplikasjonar under fødselen, komplikasjonar hjå mor etter fødselen, om barnet er levandefødd, eventuelle diagnosar hjå barnet eller teikn til medfødde misdanningar. Sidan 2006 er det eit krav at meldingar skal sendast elektronisk til MFR, men einskilde fødeinstitusjonar han enno dispensasjon frå dette kravet[2].

Korleis vert opplysingane brukte?[endre | endre wikiteksten]

MFR skal gje kunnskap og informasjon om helseproblem hjå mor og barn i samband med svangerskap og fødsel. Informasjonen skal nyttast til:

  • Overvaking.
  • Forsking, med mål å førebyggja helseproblem.
  • Gje fagleg grunnlag for råd og informasjon til helsepersonell, forvaltinga og publikum.
  • Styring, planlegging og kvalitetssikring av helsetenesta og helseforvaltinga.
  • Utarbeiding av statistikk.

Kopling til andre register[endre | endre wikiteksten]

MFR vert rutinemessig kopla til Det sentrale folkeregisteret for å sikra kvaliteten på data. Ved utarbeiding av statistikk og i samband med forskingsprosjekt kan MFR koplast med dei andre sentrale helseregistra (Kreftregisteret, Dødsårsaksregisteret, Reseptregisteret, Meldesystemet for infeksjonssykdommer, Det sentrale tuberkuloseregisteret og System for vaksinasjonskontroll).

Tilgang til registeret[endre | endre wikiteksten]

MFR vil bidra til å gjera data lett tilgjengeleg, og har ein eigen oppdragsseksjon som hentar ut data frå fødselsregisteret og tilrettelegg dei for forskarar og andre[2].

Rettar til den som er registrert i MFR[endre | endre wikiteksten]

Opplysingane i MFR skal oppbevarast i uavgrensa tid, med mindre anna går fram av MFR-forskrifta eller helseregisterlova. Opplysingane er anonymiserte etter eit kodesystem. Alle som er registrerte i MFR kan få retta eller sletta opplysingar om seg sjølv eller barnet, dersom det kan dokumenterast at dei registrerte opplysingane er urette eller ufullstendige. Ved offentleggjering av opplysingar eller forskingsresultat frå MFR skal det ikkje gjevast opplysingar som kan identifisera einskildindivid eller små grupper[2].

Lovheimel[endre | endre wikiteksten]

Medisinsk fødselsregister (MFR) er oppretta med heimel i Helseregisterlova §8 og Medisinsk fødselsregisterforskriften. Det er ikkje høve til å reservera seg mot registrering i MFR.

Referansar[endre | endre wikiteksten]