Meghan, hertuginne av Sussex

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meghan, hertuginne av Sussex

Fødd4. august 1981
FødestadLos Angeles, Canoga Park
Gift medTrevor Engelson, Prins Harry, hertug av Sussex
DynastiFyrstehuset Windsor
FarThomas Markle
MorDoria Ragland
BornArchie Harrison Mountbatten-Windsor, Lilibet Mountbatten-Windsor
Fyrste joledag 2017.
Foto: Mark Jones

Meghan, hertuginne av Sussex (fødd 4. august 1981 som Rachel Meghan Markle) er ein amerikansk tidlegare skodespelar som er medlem av den britiske kongefamilien igjennom ekteskapet sitt med prins Harry.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Meghan Markle vart fødd og oppvaksen i Los Angeles i California. Ho har ein bachelorgrad innan teater og internasjonale studiar frå Northwestern University i 2003, medan ho arbeidde som skodespelar. Frå 2011 til 2017 spela ho rolla som Rachel Zane i advokatserien Suits. Ho har òg hatt biroller i filmane Remember Me og Horrible Bosses.

Meghan vart forlova med prins Harry i 2017, av den grunn avslutta ho skodespelarkarrieren sin.[2] Då dei gifta seg den 19. mai 2018, fekk ho tittelen hertuginne av Sussex.[3]

Magasinet Time har utpeika henne i 2018 og 2021 til ein av dei 100 mest innverknadsriket personane i verda.[4][5]

Bryllaup[endre | endre wikiteksten]

Trulovinga mellom Meghan Markle og prins Harry vart kunngjord den 27. november 2017.[6] Deretter byrja Markle den årelange prosessen med å verta britisk statsborgar.[7] Den fyrste offentlege framferda hennar med prinsen etter trulovinga fann stad i Nottingham den 1. desember 2017.[8][9] Ho vart døypt og konfirmert i Den engelske kyrkja den 6. mars 2018.[10] Den private seremonien vart halden i Chapel Royal i St. James's Palace, og erkebiskopen av Canterbury Justin Welby brukte vigslevatn frå Jordanelva til å døypa Markle inn i Den engelske kyrkja.[10]

Bryllaupet fann stad den 19. mai 2018 i St. George's Chapel i Windsor Castle.[11][12][13]

Paret fekk ein son, Archie Mountbatten-Windsor, 6. mai 2019,[14] og ei dotter, Lilibet Mountbatten-Windsor, 4. juni 2021.[15]

Kongelege vitjingar[endre | endre wikiteksten]

I juli 2018 utførte Meghan sin fyrst offisielle utanlandstur som kongeleg då ho og Harry vitja Dublin i Irland.[16][17] I oktober 2018 drog paret til Sydney i Australia for å vera til stades ved Invictus Games 2018.[18] Dette var del av ei reise til stillehavsland som omfattar Australia, Fiji, Tonga og New Zealand.[19][20]

I september og oktober 2019 vitja paret dei sørafrikanske landa Malawi, Angola, Sør-Afrika og Botswana. Sonen Archie reiste i lag med foreldra, slik at dette vart «den fyrste offisielle reisa som ein familie».[21] Meghan gjennomførte om lag 179 oppdrag i 2018 og 2019.[22]

I januar 2020 vende Meghan og Harry tilbake til Storbritannia frå ein ferie i Canada og kunngjorde at dei ville tre tilbake frå rolla som seniormedlemmar av kongefamilien, og ville bu dels i Storbritannia og dels i Nord-Amerika.[23][24]

Seinare verksemd[endre | endre wikiteksten]

I desember 2020 skreiv Meghan og Harry ein kontrakt over fleire år med Spotify om å produsera og leia sine eigne program gjennom føretaket sitt, Archewell Audio.[25] Dei laga ein juleepisode saman i desember 2020,[26] medan Meghan sitt podkast, Archetypes, hadde premiere i august 2022.[27][28]

I juni 2021 gav Meghan ut biletboka The BenchRandom House Children's Books, basert på tilhøvet mellom ektemannen hennar og sonen deira.[29]

Dokuserien Harry & Meghan vart produsert av Netflix og Archewell Productions og hadde premiere 8. desember 2022. Han var regissert av Liz Garbus, og tok for seg livet til paret.[30]

Skodespelar[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2016 – Dater’s Handbook
  • 2015 – Anti-Social
  • 2014 – When Sparks Fly
  • 2013 – Random Encounters
  • 2013 – Suits Webisodes
  • 2012 – Castle
  • 2012 – Dysfunctional Friends
  • 2011 – Suits
  • 2011 – Horrible Bosses
  • 2011 – The Boys and Girls Guide to Getting Down
  • 2010 – The Candidate
  • 2010 – Get Him to the Greek
  • 2010 – CSI: Miami
  • 2010 – Remember Me
  • 2009 – The League
  • 2009 – Fringe
  • 2009 – Sporløst forsvunnet
  • 2009 – Knight Rider
  • 2008 – The Apostles
  • 2008 – Til Death
  • 2008 – 90210
  • 2008 – Good Behavior
  • 2006 – CSI: NY
  • 2006 – Deceit
  • 2006 – The War at Home
  • 2005 – Love, Inc.
  • 2005 – A Lot Like Love
  • 2005 – Cuts
  • 2004 – Century City
  • 2002 – General Hospital

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prince Harry 'thrilled' to marry Meghan Markle». BBC News (på engelsk). 27. november 2017. 
  2. «- Prins Harrys kjæreste har sagt opp TV-jobben». Dagbladet.no (på norsk). 14. november 2017. 
  3. Reporters, Telegraph (19. mai 2018). «Duke and Duchess of Sussex: Prince Harry and Meghan Markle's new titles explained». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. 
  4. «Meghan Markle: The World’s 100 Most Influential People» (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. april 2018. Henta 19. mai 2018. 
  5. «Prince Harry and Meghan: 2021 TIME100», Time (på engelsk), 15. september 2021, henta 6. april 2023 
  6. Bourke, Latika (27. november 2017). «Royal wedding: Prince Harry and Meghan Markle announce engagement». The Age. Arkivert frå originalen 27. november 2017. Henta 27. november 2017. 
  7. Vultaggio, Maria (28. november 2017). «Why is Meghan Markle Getting Baptized? American Actress to Become British Citizen after Prince Harry Marriage». Newsweek. Henta 21. desember 2017. 
  8. Davies, Caroline (1. desember 2017). «Meghan Markle begins royal induction with Nottingham walkabout». The Guardian. Henta 4. desember 2017. 
  9. «Prince Harry and Meghan Markle wow Nottingham crowds on first joint visit». BBC. 1. desember 2017. 
  10. 10,0 10,1 Walter, Stephen (8. mars 2018). «Meghan Markle 'baptised by Archbishop of Canterbury ahead of wedding to Prince Harry'». The Telegraph. Arkivert frå originalen 9. mars 2018. Henta 9. mars 2018. 
  11. Ziv, Stav (15. desember 2017). «Prince Harry and Meghan Markle Want a Religious Wedding, Archbishop of Canterbury Says». Newsweek. Henta 21. desember 2017. 
  12. «Rojalt bryllup uten kommentarer på NRK», NRK (på norsk bokmål), 18. mai 2018, henta 6. april 2023 
  13. «wedding of Prince Harry and Ms. Meghan Markle» (på engelsk). The Royal Household. Henta 6. april 2023. 
  14. Atallah, Carol (6. mai 2019). «Meghan Markle och prins Harry har fått barn» (på svensk). Henta 6. mai 2019. 
  15. Svärd, Fanny (6. juni 2021). «Prins Harry och Meghan har fått en dotter». SVT Nyheter (på svensk). Henta 6. juni 2021. 
  16. «Britain's Prince Harry and Meghan Markle set for first trip abroad as newlyweds with Dublin tour». Independent.ie (på engelsk). 19. juni 2018. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 19. juni 2018. 
  17. «Prince Harry and Meghan Markle to visit Dublin». The Irish Times (på engelsk). 19. juni 2018. Arkivert frå originalen July 2, 2018. Henta 19. juni 2018. 
  18. «Prince Harry and Meghan to visit Australia in October for Invictus Games». The Guardian. 11. juni 2018. Henta 18. oktober 2020. 
  19. «Royal tour: Harry and Meghan's overseas trip so far». BBC. 31. oktober 2018. Arkivert frå originalen 18. desember 2018. Henta 19. desember 2018. 
  20. Lyons, Kate (19. oktober 2018). «Bearing a baby and banana bread, Harry and Meghan enchant Australia». The Guardian. Arkivert frå originalen 21. desember 2018. Henta 19. desember 2018. 
  21. Gonzales, Erica (6. september 2019). «Meghan Markle, Prince Harry, and Archie's Royal Tour of Southern Africa: Everything You Need to Know». Harper's Bazaar. Henta 20. oktober 2020. 
  22. «The royal clan: who's who, what do they do and how much money do they get?». The Guardian. 7. april 2023. Henta 8. april 2023. 
  23. «Duke and Duchess of Sussex step back from senior royal duties. Read their full statement». CNN. 8. januar 2020. Arkivert frå originalen 9. januar 2020. Henta 8. januar 2020. 
  24. Booth, William; Adam, Karla (8. januar 2020). «Prince Harry and Meghan to 'step back' as senior royals and split time between Britain and North America». The Washington Post. Arkivert frå originalen 4. april 2020. Henta 8. januar 2020. 
  25. Flynn, Kerry (15. desember 2020). «Prince Harry and Meghan Markle's media empire expands with Spotify podcast deal». CNN. Henta 15. desember 2020. 
  26. «Meghan Markle and Prince Harry's Holiday Podcast Just Dropped — Hear Archie Talk for the First Time!». People. Henta 29. desember 2020. 
  27. Chan, J. Clara (24. mars 2022). «Meghan Markle's First Spotify Podcast Series to Examine Stereotypes About Women». The Hollywood Reporter. Henta 24. mars 2022. 
  28. Clark, Meredith (23. august 2022). «Meghan Markle Archetypes: Everything we learned from the podcast's first episode». The Independent. Henta 23. august 2022. 
  29. Victoria Ward (4. mai 2021). «Meghan, Duchess of Sussex to publish children's book based on Prince Harry's relationship with their son Archie». Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 10. januar 2022. Henta 4. mai 2021. 
  30. Richards, Amanda (1. desember 2022). «'Harry & Meghan' Is the Duke and Duchess of Sussex Story You Haven't Heard Before». Tudum. Henta 1. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Meghan, hertuginne av Sussex